torsdag 2. februar 2012

Norsktime

 Ein av dei rettskrivingsreglane det vert synda mykje mot i nynorsk, er regelen for bøying av substantiv i inkjekjønn bunden form fleirtal.  Regelen er enkel: Inga ending!

eit stykke - stykket - ( stykke  - (dei) stykka

Retteprogrammet i word gir raud strek under feil bøying.

Eg bruker å seie til elevane at når dei skal jobbe i butikk, skal dei selje eple.  Legg også merke til at det kan heite anten fleire bilde eller bilete.

2 kommentarer:

  1. Ja, dette er feil ein ofte ser. På butikken her står det ofte raude epler -raude er nynorsk altså heiter det raude eple (bokmål røde epler). Ja dette veit eg at du veit.
    Forresten heiter det ikkje "gå i stykke" på nynorsk, men "gå sund". I mitt språkmedvit er "gå i stykker" eit fast uttrykk.Må igjen presisere at eg ikkje sit med raudeblyanten når eg få private brev, mailar e.l. Det er den offentlige språkbruken som skal vere korrekt.

    SvarSlett
  2. Fasiten:
    del som er skild frå el. teken av noko; bete (II,3), del, lut, stump bryte av eit s- sjokolade / skjere eit s- av kaka / eit s- smørbrød / eit s- av åkeren / del, parti lese eit s- av ei bok / falle, gå i s- gå sund / rive i stumpar og s- / s- for s- bit for bit
    Nei, eg er ikkje ute etter "vanlege folk", men ein bør forvente betre av profesjonelle. På framsida av aviser ...

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...