søndag 11. september 2011

Vott med roser

 I går festa eg trådane på dette selbuvottparet.  Mønsteret er nok det mest innvikla eg har strikka.  Eg synest ikkje det er vanskeleg å strikke rett etter mønster.  Men då må mønsteret stemme.

Sjekk bildet frå boka!  Rosene er skeivt på kvarandre!  Eg meiner at eg ikkje er  pirkete når det gjeld matlaging, men når det gjeld handarbeid er eg det.  Der er det vanskeleg å leve med feil.
Mønstra i boka er ikkje særleg detaljerte, så dei er ikkje noko for nybyrjarar i mønsterstrikk.  Venstre og høgre vott er i same mønster.  Ein startar ulik stad.  Der er heller ikkje mønster for baksida av tommelen.  Det skal vere som på votten.  Ein kunne sjølvsagt ha teikna alt over på eit rutepapir.

I "Norske vottar og vantar" er dette på plass.  Den er meir pedagogisk.  Aller best er mønstrene til Jorid Linvik.  Ho set også strek mellom dei fire pinnane. Då vert det lett å følgje med.  Dette kan ein sjølvsagt også gjere sjølv.  Men når ein kjøper ei bok med mønster, bør mønstra vere gjennomarbeidde.

Eg har laga ei lita meiningsmåling slik at dei som stikk innom, kan få seie si meining!

2 kommentarer:

  1. Eg strikka ein god del mønsterstrikk før, og eg ser feilen i mønsteret, men eg ser også at du har det rett på din vott.Den tid eg hadde tilgjenge til kopimaskin, brukte eg å forstørre og printe ut mønster, og så brukte eg merkepenn etter kvart som arbeidet skreid fram. Dette var god hjelp for meg. Strikka m.a. jakker til Margrete, Ingeborg og Eirik der ikkje to omgangar var like.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...