torsdag 9. desember 2010

Bok 57: Kanskje det er berre eg ...

Eg ser at denne boka har fått gode kritikkar.  Men meg fengde den ikkje.  Etter to CD-ar måtte eg finne informasjon på nettet om dette var ei krimbok, slik eg hadde trudd.  Der stod den under spenningsroman.  I ei avis hadde dei samanlikna forfattaren med Karin Fossum.  Eg synest at ho er fleire klasser over Alvtegen. Men eg forstår kva dei meiner.

Blogglesarane må gjerne lese romanen og gjere seg opp si eiga meining.  Sjekk gjerne på Bokkilden.

onsdag 8. desember 2010

8. desember

I dag skal eg kjøpe dei første julegåvene i år! Det vert nok ein bytur.  Elles synest eg det er mykje fint å få kjøpt på Hareid.  Handelen her har minka las vi i avisa i går, dessverre vil eg seie, sidan den aukar andre stader.  Denne potta, som eg ikkje greier å få tatt noko fint bilde av, kjøpte eg på Floriss førre veke.

tirsdag 7. desember 2010

Skulle berre vere morosam ...

... er tema på norsktentamen.  Elevane har fått førebuingsmateriell som dei kan lese til inspirasjon og til informasjon.  Eg fortel berre ein vits.  Denne vitsen har dei flira av heile barndommen.  Den får ein ny dimensjon   på engelsk.


Once there were two tomatoes walking over a street. Then a car drove over one of the tomatoes, and the other tomato said: "Come on catch up!"

Kva skal vi kalle dette - tristesse?

Redningsmannskapene
pustet lettet ut
da alt håp var ute

Nils-Fredrik Nielsen


Landeplage?



Eg meiner det er 9 år sidan denne var ei landeplage.  No registrerer eg at den held på å bli populær blant neste generasjon.  Eg veit ikkje kva det er som fengjer.  Er det samsvar eller manglande samsvar mellom teksten og melodien?

mandag 6. desember 2010

Finnbiff

Denne veka lagar vi finnbiff på skulekjøkenet.  Dette er populær mat.  Som de ser, serverer vi potetmos og kokte grønsaker til.  Det som overraskar meg mest, er kor glade elevane er blitt i kokte grønsaker.  Det er ikkje mange år sidan rivne gulrøter omtrent var det einaste dei åt.

Ei oppskrift tilpassa niandeklassingar finn de her.

søndag 5. desember 2010

2. søndag i advent

 I år har eg ikkje kjøpt ei einaste julestjerne enno. Eg har kjøpt løkar av amaryllis og sviblar.  Og så står haust/novemberkaktusar i alle fargar og blomstrar.

Etter ein lang kuldeperiode vart det litt mildare i går, og vi fekk litt snø.  No er det minus tre grader her.

lørdag 4. desember 2010

No gjeld det å sikre seg rimeleg kalkun

Det er lett å bli lei av kalkun.  Spesielt viss ein steiker ein heil til ein liten familie.  Då vert det mykje restemat.

I fjor delte eg opp ein kalkun.  Det er ikkje noko problem å skjere ut filetane.  Eg rekna ut at ein betalte like mykje for ein kalkun som for filetar på tilbod.  Då sit ein att med to store lår som ein kan steike ein annan dag i tillegg til bein som ein kan koke kraft på.

I romjula kan det vere godt med ein mager rett med litt god smak.  Sjekk ut denne.

Vinnarlykke IV

Med den vinnarlykka eg har hatt i det siste, så kan eg ikkje gå forbi loddseljarar.  I dag vann eg denne brikka som eg kan pynte med til jul.  Det var skulekorpset eg støtta i dag og.
På biblioteket fann eg ei bok eg ikkje har lese, og så fann eg ei som eg lånte til mamma.  Eg har ein mistanke om at ho vil låne begge to viss ho ikkje har lese dei før.

fredag 3. desember 2010

Bok 56: Krimkomet

I mars skreiv eg at eg gjerne ville lese Fasandreperne, denne boka som kjem etter Kvinnen i buret. Først no har eg fått tak i ho.  Det er innleveringsfrist i morgon, og eg veit at krimkompisen min er ute etter den, så i dag har eg lese dei siste 100 sidene.

De kan lese om boka og sjå filmklipp på Bokkilden.

Det er mange ting eg liker med boka.  Der er ei skikkeleg mordgåte som vert nøsta opp.  Denne avdelinga som vert kalla Q, og som har vorte plassert i ein kjellar, skal løyse gamle saker. Men der er og spennande og "grusome" handlingar i samtida.  Spenningskurva går jamnt oppover mot slutten av boka, og vi får ein skikkeleg topp til slutt. Personane og miljøa er godt skildra. Og det er spesielle personar og miljø.  Favoritten min er når han skildrar sossemiljøet i Danmark. Avdeling Q har fått ein ny medarbeidar, sekretæren Mona.

Eg har vore inne på bokkilden og gitt denne boka toppkarakter.

Tre ting på ein gong: Lettvint, sunt og godt.

No er det ny månad og nye dealar på Prix.  I utgangspunktet er eg kritisk til denne "få attpå" måten å selje på.  Men i praksis hamnar mange av produkta i handlekorga mi etter at eg har rekna kjapt på om dei verkeleg løner seg.  For 31 kroner kan ein få over eit kilo kotelettar i staden for 300 g oppskore svinekjøt.  Men så får ein desse grønsakene attpå.  Det produktet har eg ikkje prøvd før. Akkurat her føler eg at eg har bite på agnet.

Etter seks timar undervisning, tre av dei på skulekjøkenet, er det lettvint å kome heim og berre sette på ris.  Medan risen kokar, rekk ein å steike fire runder i woken. Ein kan sjølvsagt steike alt i ei steikepanne, eller steike i to panner når ein steiker til mange. Dette er "snerte" for å bruke eit dialektord.  Eg har alt attende i woken og har i soyasaus, søt chilisaus og litt eplejus.

Frosne grønsaker bruker eg lite av til vanleg.  Vi er så mange at dei friske går unna.  Ernæringsmessig er dei frosne grønsakene nest best.  Og desse var sprø og nydelege. Mais og vasskastanjane er prikken over i-en.  Dette er ein lettvint, sunn og god middag til ein grei pris!

torsdag 2. desember 2010

Bok 55

I denne romanen er ein liten gut knivstukken.  Mor hans er frå Thailand.  Saka vert nøsta opp og vi vert kjende med ulike personar under vegs.

Av alle bøkene eg no har lese av Arnaldur Indridason, så vil eg nok seie at eg har likt denne minst.  Eg synest ikkje vi kjem inn under huda på verken etterforskarane, offera eller dei skuldige.  Eg likte heller ikkje løysinga.

onsdag 1. desember 2010

1. desember

...og vi har ingen pakkekalender her i huset lenger.  Dei eldste borna meiner vel at dei yngste er bortskjemte i mange høve.  Men då dei elsdte var på deira alder, hadde vi pakkekalender.  Då dabba det av, og vi hadde ein sekk der det kom gåver etter kvart.  Der låg aldri 24 for å seie det sånn.  Så gjekk vi over til å kjøpe ei ekstra gåve som ein kunne opne om morgonen på julaftan i staden.  I år har vi korpskalender, og kven veit med den vinnarlykka vi har hatt i det siste?

Elles kan eg skryte av å ha baka lefser i dag.  Vi smurte lefsene med ei blanding av 750 g smør og 1 pk melis.  Det var mykje lettvintare enn å røre sukker og smør.  Litt seterrømme i fyllet er heller ikkje å forakte.

tirsdag 30. november 2010

Coopkupp

Her om dagen trudde eg det hadde vorte fred i verda.  Hovedoppslaget på nyheitene var at butikkane kunne gå tomme for ribbe til jul.  Nordmenn kan risikere å måtte ete svensk svineribbe til jul.

I dag hadde i alle fall Prix hatt tid til å fylle hyllene med nye ribber både naturelle og krydra.  Elles er den store nyheita her at ølmonopolet er lagt ned i dag.  På matbutikkane står der klokkeslett i morgon for høve til å kjøpe det ølet dei har sett fram.

Eg kjøpte meg ei ny krydra svineribbe i dag.  Og så investerte eg i ei ribbeform til 99 kr.   Ho kan sikkert brukast til meir enn ribbe.  Men no skal i alle fall svoren bli sprø over heile ribba!

mandag 29. november 2010

The doomed expedition

 Dette er tittelen på engelskteksten denne veka.  Den handlar om Scott sin ekspedisjon til Sør-Polen.  Amundsen og Fram er sjølvsagt også med i historia.  Bilda eg legg ut tok eg i sommar då vi var på Fram-museet.

 Modell av Fram.

Medisinsk utstyr.
Våpen.

Berlinerkransar

Denne veka bakar vi berlinerkransar og kokar risgraut på skulekjøkenet.  To elevar samarbeidar om oppskrifta under.  Dei steiker kvar si plate med 18 kransar.  I tillegg deler dei på ein grautporsjon på 1 dl ris og 5 dl mjølk.  Opplegget går over tre skuletimar.  Bildet er tatt frå VG.

                                                      
125 g smør
180 g kveitemjøl

1 kokt eggeplomme
1 rå eggeplomme
70 g sukker

1 rå eggekvite

2 ms perlesukker

  1. Kok eit egg i 10 minutt frå det kokar opp.
  2. Set steikeomnen på 180 grader.
  3. Leit fram ei steikeplate og bakepapir.
  1. Smuldre saman smør og kveitemjøl i ein bakebolle.
  1. Ha rå eggeplomme (du må dele egget, eggekviten har du på eit lite fat), kokt eggeplomme (den kokte eggekviten skal du ikkje bruke til noko) og sukker i ein mellomstor bolle.  Bruk handmiksar og pisk til eggedosis. 
  1. Bland saman mjølblandinga og eggedosisen og elt den til ein jamn deig.
  2. Ha perlesukker på eit lite fat.
  3. Del deigen i 36 like emne og trill ut kransar.
  4. Dypp eine sida av kransane først i eggekvite og så i perlesukker.
  5. Legg berlinerkransane på ei steikeplate og steik dei 8-10 minutt.
Ein dag begynte nokre jenter å synge ein julesong.  Eg var overraska over at dei kunne teksten til så mange vers.  Det var før eg las på mjølkekartongane.

søndag 28. november 2010

1. søndag i advent

 I dag har vi hatt triveleg besøk av moldensarane.  Som oppmerksame blogglesarar kanskje får med seg, er det gjenbruk av Jyskduken.  Dekkebrikkene har eg kjøpt på Kid til halv pris.
 Og så er det dei som vil vite kva eg serverer gjestene mine.  I dag ville eg teste ut eit nytt produkt frå Coop.  Eg må med skam bekjenne at svineribbe er ein av dei rettane er ikkje "kan".  Då er det veldig kjekt med oppskrift på pakken.  Men kjære coop: Oppskrifta må vere rett.  Blogglesarane må berre korrigere meg, men eg reagerte med ein gong på at svoren skal vere opp medan ein dampar ribba under folie?   Eg fann i alle fall fram ei kokebok av Ingrid Espelid.  Og min svor vart lagt ned i vatnet.

Dette med svoren er ei stor sak, har eg forstått.  Min svor vart, truleg sidan rista mi er flat, sprø langs kanten.  Kanskje eg skal investere i ei eiga ribbeform, eller legge eit lite fat under?  Tilbehøret var surkål, ertestuing, fire ulike grønsaker, svisker, sylteagurk og tyttebærsylte.  Elles drista eg meg til å lage ein brun saus i staden for å servere ribba berre med feittet (som då kom i sausen).  Det spørs om ribbepolitiet hadde tatt meg.

Elles var vi samde om at kjøtet var godt krydra!
Slektningane våre, same kvar dei kjem frå, reiser alltid så langt at dei vert verande til minst to måltid.  Til det andre måltidet, "kaffien", bruker eg ofte å sette fram eit ostefat i tillegg til kaker.

 I går baka eg eit Schakenda-inspirert brød som eg skar i tynne skiver i dag.  Eg brukte ferdig brødblanding, solsikkebrød, 2 ms demerarasukker og ein pakke coop frukt- og nøtteblanding.  Brødet vart heva med surdeig og ca 1/16 pk gjær i ca fire timar før eg baka det ut.  Det kan sjølvsagt lagast etter oppskrifta på pakken.  Til 1 kg mjøl ville eg ha brukt 2 pakkar nøttemix.  Eg ser ikkje vekk i frå at det kan bli grove julebrød her til jul!

lørdag 27. november 2010

Vinnarlykke III

I dag var det loddsal på korpskaféen, og vi vann heile fem gevinstar.  Så no har vi mykje nytt å pynte med til jul!

Den største gevinsten var kanskje at vi fekk med oss korpskaka heim att ...

P.S.
Sjekk orddelinga på RØKEL SESHOLDER.  Made in ...

Vinnarlykke II

 Det er mykje loddsal for tida.  I går støtta eg turnen.  Alltid spennande med slikt som er innpakka!

Korpskake


Eg har vurdert om eg skal legge ut dei same oppskriftene på denne bloggen som på dei gamle, eller berre legge ut link.  I dag legg eg ut ein klassikar.  Enklare kake kan du ikkje lage.  Ein kan røre den saman for hand eller forsiktig i maskin.  

Før eg kom fram til denne kaka, har eg prøvd ut mange oppskrifter.  Ein del slike surmjølkskaker inneheld omtrent like mykje sukker som mjøl.  Også denne kaka er for søt for meg ...

Oppskrifta er skriven for ungdomar.



Sjokoladekake m/kefir

(stor langpanne ca 5 l)

11 dl kveitemjøl
5 dl sukker
3 ms kakao
4 ts natron
2 ts kanel
2 ts vaniljesukker

1 l kefir
300 g smelta margarin

1. Set omnen på 200 grader.
2. Ha bakepapir i ei stor langpanne.
3. Smelt margarinen. Avkjøl litt.
4. Bland saman det tørre.
5. Rør inn mjølka. Røra skal bli klumpefri, men ikkje seig.
6. Rør inn margarinen og ha røra i langpanna.
7. Steik kaka i ca 40 minutt på nederste rille.




Glasur:

100 g margarin
2 ms sterk kaffi (Kok kaffi: Ha 2 ts pulverkaffi i ½ dl kokande vatn)

1 ms kakao
1 ts vaniljesukker
250 g melis

1. Smelt margarinen (her kan du ikkje bruke flytande margarin) og ha i kaffi.
2. Sikt i resten av ingrediensane.
3. Ha glasuren på kaka medan ho er lunken.
4. Pynt kaka etter eigen fantasi!

Evig aktuelle Aasen

Til ettertanke i adventstida.  God baking!

Etterstev
blank




Dikt. 1875

Av Ivar Aasen
______

Til Lags aat alle kann ingen gjera;

det er no gamalt og vil so vera.
Eg tykkjer stødt, at det høver best
aa hjelpa den, som det trenger mest.

Og kor du bryggjar og kor du bakar,
d'er alltid ein, som det ikkje smakar;
og naar den eine daa gjerer Rop,
so ropar sidan den heile Hop.

D'er mange nog, som vil Domar vera
og læ aat alt, som dei andre gjera.
Og Lyte finna dei rundt i Kring,
og sjølve gjera dei ingen Ting.
______
Um Talen høyra me Rødor manga,
og etter Storleiken skal det ganga:
er Folket stort, so er Talen trygg;
er Folket smaatt, so er Talen stygg.

Og ymse Folk er no altfor rædde,
at dei er havde til Spott og hædde.
Dei skulde taka det helder lett;
det kjem vel upp, kven som hadde Rett.

Her spyrst no minst um kvat mange lika;
mot Rett og Sanning maa allting vika.
Det gjelder litet um tungt og lett:
det gjelder beinast um rangt og rett.
______
Det er ein Ting, som oss tidt maa undra,
at stort og smaatt skal seg alltid sundra,
at alt det store skal Vyrdnad faa,
so ingi Æra naar til det smaa.

Det var vel lett, naar ein slapp aa grava,
naar utan Stræv ein fekk Æra hava,
naar den fekk Prisen, som kravde mest
og berre kallad' seg alltid best.

Det trur no mange den gamle Læra,
at tyngste Verket er største Æra.
Det trur no mange, det Folk er best,
som krever minst og som strævar mest.
______
Ein fær no høyra so manga Grillor.
Dei døma Folk etter Klædefillor.
Er Kufta gamall, og Kroppen graa,
so skal ein vandt nokon Vyrdnad faa.

Kvat Raad skal Guten der heime hava?
Dei vil, han skal ned i Moldi grava
og endaa vera so blank og fin,
at Skinnet glansar og Kragen skin.

Skal alle ganga med kvita Hender,
so kjem det Armod i manga Grender.
Skal Guten grava og stræva hardt,
so verder Neven vel hard og svart.
______
D'er brotne Kvister i alle Skogar;
det henger Mold under alle Plogar;
paa alla Leider det Lyte finst,
og myket der, som ein ventar minst.

Men naar me høyra um gamla Tider,
so hadde Folket vel verre Rider.
Med all den Trældom, som no me sjaa,
so er det mildare no en daa.

Og dermed vilja me endaa vona,
at langa Tider maa myket sona,
at eingong Sanning skal vinna lett,
at eingong Folket skal faa sin Rett.

Kjelde:http://www.aasentunet.no/

fredag 26. november 2010

Handlefri dag?

I fjor la eg ut på bloggen kva eg hadde kjøpt på verdas handlefrie dag.  Då stakk dei til oss i kveldsnyheitene at det hadde vore verdas handlefrie dag, og vi hadde handla som aldri før. Ja, ja, det er lett gjort når ein ikkje veit om det.

I morgon, laurdag 27. november er det 2010 sin handlefrie dag.  Eg kan ikkje love at eg ikkje kjem til å handle, men eg skal love å ikkje legge det ut på bloggen, for i år vert det mot betre vitande.

torsdag 25. november 2010

Pizzasurdeig?

 Dei som har følgt den gamle bloggen min, veit at eg er over middels interessert i brødbaking.  I haustferien kjøpte eg boka til Schakenda og laga ein surdeig etter oppskrifta hans.  Sidan har eg halde liv i denne surdeigen.  Av og til puttar eg grovt mjøl i han, og då har eg grov surdeig.  Siste veka har eg berre mata han kvar dag med 1 dl vatn og ca 2 1/2 dl kveitemjøl.  Det som eg då skal "kaste", puttar eg gjerne i eit brød.  Samtidig har eg eit anna prosjekt, eit som aldri tek slutt, nemleg å ete mat frå frysaren og frigi plass.
 Så då tenkte eg at eg ville prøve å lage pizzadeig av surdeig!  Som de ser er det ikkje noko problem å få pizzadeigen til å heve seg heilt utan gjær.  I bollen har eg litt olivenolje som eg "smør" deigen med.
  
 Då er det berre å la deigen renne ned på ei olja plate og forme han med hendene. Ein treng ikkje kjevle.  Eg tok ei fin plate sidan eg skulle legge bilde på bloggen.  Men plata mi kunne gjerne ha vore større, eller eg kunne ha laga to pizzaer.  Deigen heva seg nemleg og vart litt for tjukk.
Ein slik kveldsmatpizza legg eg lite arbeid i.  Eg bruker eit halvt glas ferdig tomatsaus, høvlar på kvitost.  Så legg ein det ein liker på toppen.  Tysdag vart det pepperoni og oliven.  krydderet er basilikum.  Yngstemann og eg kosa oss med denne til Storbynatt.

Viss ein synest det er lenge å vente 4 timar på at ein deig skal heve, er det berre å ha i litt gjær 1/8-1/4 pakke.

onsdag 24. november 2010

Besteforeldrefest

I dag gjekk den 11 besteforeldrefesten av stabelen ved skulen vår.  Det er 9.klassingane som inviterer.  På den måten får alle besteforeldra høve til å kome ein gong.  For foreldra er det fleire festar.

På førehand har vi hatt hjelp frå nokre besteforeldre til å bake lefser.  I dag serverte vi søst til desse.  Elevane hadde også baka og smurt på rundstykke.  Dette er det mat og helse som står for.  Kunst og handverk lagar bordkort.

Eg kan ikkje legge ut bilde av folk på bloggen utan å spørre om løyve.  Som de ser har eg snudd eine bordkortet.  Vi meiner det er viktig at alle får sitte saman med sine, og at dei som ikkje har besteforeldre som kan kome, får sitte saman med klassekameratane og deira besteforeldre.

Det er ein del arbeid på førehand, og ein vert litt stressa under vegs.  Men dette vert alltid kjekke festar.

Klassestyrarar og norsklærarar har laga invitasjonar og hjelpt dei med å lage program.

Gratulerer med dagen, Erlend!

 I dag fyller Erlend, yngstemann på Møre, 7 år.  Vi gratulerer så mykje!  Vi håper du får ein fin dag!

Bilda er frå i sommar, nærare bestemt 8.juli.  Tennene har vakse ut sidan den gongen.  Vi kjenner ingen som har vore så flink til å leike seg med Duplo og Lego som Erlend.   Får han ei kasse med Lego, underheld han seg med det i timevis.

Litt statistikk:  Besta er bestemor til åtte gutar, fire har namn med E som første bokstav: Einar, Eirik, Eivind og Erlend.  Dei andre heiter Audun, Håkon, Vebjørn og Ingar.

P.S.
Erlend skal få gåve når vi ser han neste gong.  Tanta har ikkje kjøpt noko enno, så det er lov å kome med ønskje!

tirsdag 23. november 2010

Førebuing til fest

På skulen vår inviterer 9.klassingane kvart år besteforeldra til fest i skuletida.  Vi serverer lefser som vi har fått hjelp frå nokre av besteforeldra til å bake.  I tillegg smør vi på rundstykke.  Elevane syter for program.  I dag har eg fått hjelp av ein pensjonert kollega til å lage blomsterdekorasjonar.

mandag 22. november 2010

Kåseri

Vi les og skriv kåseri i 10.ande klasse for tida.  Alle er samde om at det ikkje er lett å vere morosame.  Sjølv har eg stor sans for Are Kalvø.  Eg har lese utdrag frå Våre vener kinesarane der han fortel om den dagen han åt Chop suey i Fosnavåg, Ulsteinvik og Hareid for å finne ut kvar han fekk bykjensle.

I dag las vi utdrag frå Syden. Men dagens høgdepunkt var då ein av elevane las Per Inge Torkelsen De e farligt med bøger på sørlandsdialekt.  Teksten finn de her.

Sidan det nærmar seg jul, har kanskje nokre av blogglesarane begynt å glede seg til, eller gru seg til, Grevinnen og hovmesteren.  Ikkje gjer det før de har lese denne teksten.

søndag 21. november 2010

Bok 54: Sukkerdøden

Unni Lindell sine bøker med etterforskar Cato Isaksen, har eg lese etter kvart som dei har kome ut.

I dei siste bøkene har det kome inn ein ny etterforskar, nemleg Marion Dahle.  Det er ei spenning mellom dei to.  Han vil helst kvitte seg med henne?

I denne boka vert sjølve kripossjefen drepen.  Han har tatt seg av Marian før, og ho er arving. Marian har hatt ein vanskeleg oppvekst som adoptert med ei mor som har fått Alzheimer.

Unni Lindell fortel om korleis ho fekk ideen til boka på dette filmklippet.

Eg trur at alle som har likt bøkene om Cato Isaksen, kjem også til å like denne.

Så står det att å sjå om denne boka vert filma!

Skinkesteik og prøving av produkt

I dag vart det svinesteik til middag.  Det er rimeleg og enkel mat.  Ein saltar og krydrar, og så set ein i eit termometer.  Omnen set ein på 125 grader.  Steika er steikt når termometeret viser "steik" eller 76 grader.
I staden for å lage surkål, vart det til at eg tydde til eit poseprodukt. Eg hadde aldri kome til å betalt 20 kroner for ertestuing på pose når ein kan få ein pakke erter til 9,40.  Men så fekk eg posen attpå ein pakke karbonadar som eg skulle ha likevel.

Nydeleg?
Posen skulle kokast med 5 dl vatn i fem minutt. Eg trur nok det måtte koke lenger.  Smaken og konsistensen var heilt grei.  Ei lita teskei med sukker kom opp i her.

Men så må ein lese på baksida!  Produktet inneheld kveitemjøl, fargestoff og ein del andre e-stoff.

Konklusjon: Eit heilt greit produkt.  Men kjøp heller tørka erter og legg i bløyt.  Så kan du fryse ned høvelege porsjonar.

lørdag 20. november 2010

Basar og vinnarlykke

I dag har eg vore på basar med åresal.  Og som de ser hadde eg vinnarlykke.  Heile fire gevinstar håva eg inn.  No er det ikkje så viktig for meg å vinne.  Eg er like blid.  Kaffien, kakene og det sosiale er mykje viktigare. 

Ein basar kan eg ikkje gløyme.  Frøkna var med.  Eg kjøpte mange årar, men vi vann ikkje. Venninna fylte eit nett med gevinstar.  Etterpå stakk vi innom coop og kjøpte ein pakke twist.  Då var dagen redda.

Språk og reklame

Eg har ikkje takka nei til reklame i postkassen.  Til det er eg alt for nysgjerrig!  I dag dumpa denne lappen frå Cubus i Ulsteinvik ned i postkassa.  Ein kan vel ikkje forvente at dei omset reklamen til nynorsk.  Men her er det eit språkleg surr!  

Det har vorte populært å lage sine eigne dagar.  Kven hugsar ikkje dei hærlege (NB! ein skriv herleg med e)?  No skal det vere Big smile day der ein mellom anna sel accessoirer, eit ord mange ikkje greier å uttale.

Det er vel ikkje fint nok med smiledagar der ein får kjøpt tilbehør eller aksessoarar!

fredag 19. november 2010

Jakta på råvarer

I dag såg eg Viestad og Wenche lage denne retten på frukost-TV, som eg ser i opptak. Wenche snakka også varmt om raudkål.  Kvifor berre bruke den til jul?  Og så var det desse fantastiske byggryna frå Skjåk.  Dette såg eg rett før eg skulle handle til helga.

Svinekam hadde eg ikkje forventa å finne, men eit par surra svinesteiker får gjere nytta.  På den første butikken var alle kålhovuda grøne, og byggryn kunne ein sjå langt etter.  Eg hadde bestemt meg for å berre handle på ein butikk i dag sidan vi ikkje skal vere heime i kveld.  Men så tenkte eg at det det var no fortærande å ikkje finne resten av ingrediensane.  Her var eg heldig.  Eitt raudt kålhovud låg saman med dei grøne.  Men så var det byggryn.  Eg leita alle plassar det var naturleg å leite.  I dag orka eg ikkje å mase på dei som jobba der.  Viss nokon har tips om kvar ein får kjøpt byggryn her, må de berre gje meg eit hint, gjerne anonymt!

Ja, så er det berre å slå fast.  Ein kan få kjøpt haugar med ferdigmiksa brødblandingar og kakeblandingar, men råvarer er det dårlegare med!  Kor mange ulike müsliar og påleggssalatar treng ein? Vaffelmiks har dei i fleire variantar. Eg misunner dei som har ein innvandrarbutikk med alle mulege spennande grønsaker og frukter i nærleiken!

Eg forstår sjølvsagt at frukt og grønt er krevjande varer.  Vaffelmiks held seg mykje lenger.  Men kvifor ikkje heller sette ned prisane på frukt og grønt rett før dei begynner å tape seg?  Andre varer vert brukte til lokketilbod utan særleg forteneste!

Elles hadde det vore interessant å vite kor mykje raudkål og byggryn folk har kjøpt i dag!  Let folk seg inspirere?

Trøysta får vere at ingen her i huset kjem til å klage på at dei får poteter og brun saus i staden for byggryn ...

torsdag 18. november 2010

Bytur



Ærendet i byen i dag var som vanleg ein tur på biblioteket for å levere attende bøker.  Ei bok vart med heim att!  Eg har lese fleire av forfattaren, alle med titlar som begynner på S, tidlegare.
 På Mega var tannkrem det einaste eg strengt tatt hadde behov for.  Men så var der tilbod på brødblandingar, og det kan no vere artig å prøve slike surdeigsbrød.
På veg til kassa dumpå eg bort i eit anna tilbod av typen "få attpå".  Ein måtte kjøpe to pakkar vaskepulver for å få eit stort skittentøynett.  No ligg dette på rommet til Voldastudenten.  Eg reknar med han har bruk for begge delar.

Noko anna er at eg strengt tatt ikkje hadde til til denne turen.  I alle fall viss eg skal halde det eg har lova, nemnleg å gje tilbake kapittelprøva i engelsk.  Ha ein fin kveld!  Eg skal brette opp ermane.

onsdag 17. november 2010

Korleis bruke MP3

 Mamma har fått seg ny MP3!  Den fekk vere med til Hareid slik at eg kan sette meg inn i saka. Eg har etter kvart fått ein del erfaringar med ulike typar MP3-ar. Denne er enkel! Her kjem ei lita bruksanvisning for mamma og andre interesserte.
I pakken er der ein installasjons-CD.  Set den i datamaskina og koble til MP3-en med USB-kabelen. 
Du får då opp eit bilde på skjermen.  Her er det berre å trykke på next, allow og install etter kvart som det kjem spørsmål.


Her ser du at installeringa er ferdig.
Eg skumlas bruksanvisninga som høyrer med MP3-en.  Når der står Windows Media Player, har eg fått stikkordet eg treng.  Dette har eg lært mamma før.  Ein trykker på synkroniser oppe og album til venstre, og så er det berre å dra bort eit par album frå datamaskina om gongen.  (Korleis ein legg desse inn på datamaskina får eventuelt bli eit anna innlegg.)
Så spørs det om boka fell i smak!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...