Eit av frynsegoda i læraryrket er at ein av og til får med seg litt gratis kultur. I går brukte eg 1 1/2 såkalla fritime til å sjå teater. Det angra eg ikkje på!
Steinane tek opp aktuelle og interessante problemstillingar. Og dei trefte sitt publikum!
tirsdag 18. januar 2011
mandag 17. januar 2011
Bok 3: Postcard killers
Det har vorte populært for to forfattarar å slå seg saman for å skrive krim. Denne boka fekk mykje merksemd då ho kom ut, men heller dårlege kritikkar. Dei som kjenner meg, veit då at det ligg an til positiv overrasking.
Eg synes starten var litt treig. Det starta med ei slags løysing, trudde eg. Det at det kjem ein amerikansk politimann som er far til eine offeret, frå USA til Europa for å drive etterforsking, har eg heller ikkje sansen for i utgangspunktet. Men vi begynner å like både han og den kvinnelege journalisten. Ein kan nok tenke seg kven som har skrive/funne opp kva. Boka er godt oppbygd.
Kriminalgåta er seriemord av unge par utførde på ein bestialsk og intelligent måte. Drapa skjer i ulike land, og etter kvart finn dei ut at lika er danderte etter kjende kunstverk.
Før du veit ordet av det, vert du hekta. Boka er spennande. Eg har vore inne på bokkilden og gitt ho fire stjerner.

Dagens dose historie
Eg skal gjerne innrømme at eg har vore middels interessert i historie. Berre vent til du vert eldre! Dette har eg høyrt mange gongar, Javel, så har eg vorte eldre då. Historia som eg har funne nokre klipp frå, fekk vi høyre om på DVD-en om Sigrid Undset.
Dei som les klippa nedanfor, og kanskje til og med utforskar kjeldene, vil få med seg striden kring fredsprisutdelinga i 1935. Forfattarforeninga reagerte på Hamsun som protesterte mot tildelinga. Elles kan vi lese at kongen ikkje møtte til seremonien.
Fredsprismottakaren Carl von Ossietsky vart truleg drepen med ei sprøyte som inneheldt tuberkelbakteriar. Vi kan og lese at han las Hamsun etter at han vart sjuk.
Sigrid Undset var leder for forfatterforeningens litterære råd 1933-35, og formann i forfatterforeningen 1936-40. Med henne i spissen protesterte forfatterforeningen mot Hamsuns protest mot å gi Nobels fredspris for 1935 til Carl von Ossietsky. Ved Tysklands angrep på Norge i april 1940 flyktet Sigrid Undset til Sverige, og siden til USA, der hun slo seg ned i New York. Hun gjorde en betydelig innsats for den norske informasjonstjenesten, holdt mange taler og skrev tallrike artikler.
Kjelde: http://www.uia.no/no/portaler/om_universitetet/organisasjonen/historia/gimlemoen/46
Fredspriskomiteen valgte likevel å tildele prisen til Ossietzky etter en delt avstemning. Nobelfamilien protesterte mot tildelingen, og kong Haakon valgte å utebli fra seremonien, noe som aldri er skjedd før eller senere. Også den tyske regjeringen reagerte skarpt, og Ossietzky fikk ikke lov å reise til Oslo for å motta prisen. Propagandamisnisteren Joseph Goebbels sendte ut følgende melding: «Tildelingen av Nobels fredspris til en notorisk landsforræder er en så uforskammet utfordring og fornærmelse mot det nye Tyskland at det vil bli gitt et tilsvarende tydelig svar.» Hitler forbød deretter enhver tysk borger - for all fremtid - å motta noen av Nobels priser.
Den norske ingeniøren Finn Lie og hans kone besøkte Ossietzky i påsken 1938. Han bodde i en brakke i fattigkvarteret Pankow i Berlin. Det fuktige rommet var på 3 x 4 meter. Om sin tuberkulose sa han at han trolig var blitt infisert med tuberkelbakterien, siden ingen i familien hadde sykdommen. Han var kjent med Hamsuns angrep, men bad likevel Finn Lie om å sende seg neste bok.
Kjeldehttp://no.wikipedia.org/wiki/Carl_von_Ossietzky

søndag 16. januar 2011
Søndag 16. januar
Det er nokre blogglesarar som lurer på kva eg serverer til slekta. I dag vart det kjøtsuppe. Eg fann fint oksekjøt med bein på Mega i Ulsteivik. Steg for steg-oppskrift finn de her. I dag laga eg kjøtbollar av karbonadedeig. Eg brukte same oppskrift på 1200 g karbonadedeig som til 1 kg kjøtdeig. Her kunne eg ha krydra meir. Elles gjorde eg noko lurt i dag som eg har tenkt på før, men alltid gløymt: Eg lurte unna nokre kjøtbollar. Då vert supperstane meir populære...
Til dessert laga eg jordbærgele av 2 pakkar jordbærgele og 2 pakkar (500g x 2) jordbær og byggrynskrem.
Til kaffien hadde ørstingane med seg marsipankake. Elles har vi ein seiemåte i familien: Det som er kjøpt til jul, skal gå med til jul, eller i alle fall til Håkon sin fødselsdag.
Gjester og gåver
Katten vil og vere gjest!
Litt lysegult
Eg dekte på til åtte på kjøkenet og fire i stova i dag. Ungane fekk velje kvar dei ville sitte, så nokre tallerkar forsvann inn i stova etter kvart. Eg reknar med at det kan dukke opp meir uryddige bilde på andre bloggar.
Litt lysegult fann eg i går. Orkidéane fann eg på tilbod på Floriss. På Prix datt det eit par ildtoppar opp i korga saman med maten. Pottene hadde eg ståande.

Elles kan vi melde om mildver på Sunnmøre. Riksvegane er berre, men sidevegane er såpeglatte. Vi har strødd med billeg kattesand utanfor dørene.
lørdag 15. januar 2011
15. januar
I morgon skal vi feire han som snart vert 17 på forskot. Løparen og serviettane fekk eg av Besta til jul. I dag smatt eg berre innom eit par butikkar før eg handla mat til helga. Eg var ute etter noko som passa til, gjerne lysegule lys i glas. Rett nok skal det vere pastellfargar no, men ikkje lysegult. Høge lys såg eg, men eg har ikkje tenkt å øydelegge løparen med stearinflekkar, noko som lett skjer, spesielt om ein får hjelp til å blåse ut lysa. Her gjeld det å ta omsyn til familiefreden.
På Floriss fann eg desse telysestakane, og dei måtte berre få vere med heim!

Pus på plass att
Katten har vore ute ei vinternatt før, men i går hadde ho vore vekke eit døgn. Torsdag dilta ho etter frøkna eit stykke på veg til fotballtrening. Sidan hadde ingen sett henne. Det vil seie, det gjekk nokre rykte om at ein katt hadde stått ute og mjaua og forstyrra nattesømnen til folk nede i rekkehusa.
Med temperaturar ned mot 10 grader i går kveld, var det ikkje fritt for at eg begynte å bli uroleg for katten. Eg gjekk same runda som i sommar og lokka. Kanskje han var å finne i løa på Gomyra? Viss katten hadde vorte skada, ville han fort ha frose ihel. Fantasiane var i orden. Andre er meir avslappa og meiner at kattar alltid finn heim att. Frøkna meiner ein katt må vere ti månader for å ha den eigenskapen, og ho har lese seg til kunnskapar.
Ut på fredagskvelden ringer det på døra. Ei blid dame står og held på katten. Ho hadde fått lov til å bere han, heilt til han nærma seg heimen, då ville katten gå sjølv. Ungane hadde kosa seg med katten og mata han, men så hadde dei fått høyre at Olaug sakna katten sin.
Ein time etterpå kom katteeigaren heim. Vi hadde moro med å sitte og sjå på TV og vere opptatt med det. Ho er rask på facebook for å finne nytt. Der står noko om katten ho ikkje forstår. Katten ruslar rundt, og dei er i same rom ei god stund før ho ser han.
No har Lucy krølla seg saman under stresslessen framfor varmepumpa.
Å rette bakar for smed II
Eg tok meg ein høg en då eg las Åpen linje bak på Sunnmørsposten der ein kar tok til orde for å rette bakar for smed. Ein må sjå vekk frå litt litteraturhistorieforfalskning, men hovudpoenget hans var å sende ut Mullah Krekar i staden for Marie Amelie.
fredag 14. januar 2011
Meir litteraturhistorie
Denne filmen kjøpte eg då vi var på Bjerkebæk i sommar. No har eg bestilt filmen til skulen frå Norsk filminstitutt.
I dag såg vi filmen på storskjerm i klasse 10A. Vi hadde på nokre spotlys slik at vi kunne notere medan vi såg. Dette var ikkje underhaldning, men undervisning. Her var bilde, filmsnuttar, brev og intervju i tillegg til forteljarstemma.
Eg synest dette er ein effektiv og interessant måte å lære på. Mot slutten var det kanskje litt lett å dette av, men så kom krigen, og det vart meir interessant igjen. Motsetningar mellom undset og Hamsun kjem mellom anna tydeleg fram. Eg har sikkert lese mange gongar at sonen vart skoten under krigen, men når du får sjå bilete av han og høyre kva mora skreiv til venninna, då gløymer ein det ikkje så lett.
Det er ikkje vanskeleg for meg å anbefale filmen! Til skulebruk er 50 minutt litt i lengste laget. Vi ønskjer oss heller 37-minuttsfilmar? Eg ville ikkje vist den for yngre elevar, ikkje fordi der er sterke scener, men filmen krev nok ei viss "modenheit".
Dagens sitat:

... sed og skikk forandres meget, alt som tidene lider, og menneskenes tro forandres og de tenker anderledes om mange ting. Men menneskenes hjerter forandres aldeles intet i alle dager.
Etter filmen såg elevane samanheng med Sigrid Undset og Kristin Lavransdatter sine liv.
torsdag 13. januar 2011
Å rette bakar for smed
Med ujamne mellomrom protesterer enkelte elevar "Kva er vitsen med å lære dette. Vi får aldri bruk for det!". Matematikk, og særleg algebra, er det dei ofte dreg fram. Eg har eit standardsvar: "Matematikken eg lærte på gymnaset fekk eg bruk for 24 år etterpå - då eg skulle hjelpe eldstemann."
I dag starta eg timen med å spørje kva det betyr "å rette bakar for smed". Dette veit ikkje tiandeklassingane. Temaet er sjølvsagt Johan Hermann Wessel og diktet "Smeden og Bageren". I løpet av timen poengterer eg kor viktig det er å ha kjennskap til kulturarven vår. Og når vi les avisa og ser nokon snakke om å rette bakar for smed, så veit vi at dei meiner å ta feil person.
Nynorskordboka: rette bakar for smed la noko gå ut over ein uskuldig person (etter J.H. Wessel 'Smeden og Bageren')
Og så fekk eg slått eit slag for RLE: Kva er ein uriaspost?
Nyttig lærdom?
For dei som vil repetere litt litteraturhistorie. J.H. Wessel sitt satiriske dikt om seg sjølv har gjort eit varig inntrykk på meg:

Han aad og drak, var aldrig glad
Hans Støvlehæle gik han skieve.
Han ingen Ting bestille gad.
Tilsidst han gad ei heller leve.
Hans Støvlehæle gik han skieve.
Han ingen Ting bestille gad.
Tilsidst han gad ei heller leve.
onsdag 12. januar 2011
Bok 2: Markens grøde
Eg har hatt denne lydboka liggande snart eit år, trur eg. Eg har vore fast bestemt på å lese ho, men det har vore eit ork å begynne. Kvifor veit eg eigentleg ikkje. Vi las boka på ungdomsskulen og ho sette varige spor. Eg hugsar enno lagnaden til Inger. Ho hadde hareskår, og då ho fødde ei jente med hareskår, kvelte ho henne ved fødselen. Dette måtte ho i fengsel for. Og så vart ho operert. Dette hugsa eg, men mykje anna var gløymt.
Las vi verkeleg heile boka på ungdomsskulen? Det trur eg ikkje. Viss eg hugsar rett, var "resten av boka" frivilleg. Eg las sjølvsagt heile.
Tvangslesing
Forfattaren i familien har eit anna minne frå ungdomsskulen. Han opplevde å ta skrekken av heile romanen. I klasse 10 A har vi nettopp vore gjennom ei runde med tvangslesing av roman. Romanen har vore valfri. Heldigvis har dei fleste funne bøker dei har likt. For å sitere ein av elevane: "Dette er den beste boka eg har lese - ikkje at eg har lese så mange då." Det handlar vel om å gjere kvalifiserte val. Nokre elevar kjem nok ikkje til å lese bøker på mange år, men då veit dei kanskje litt meir om kva dei går glipp av.
Hamsun står på pensumlista, men vi skal berre lese utdrag frå Victoria. Ungdomsskuleelevar slit litt å lese Hamsun på originalspråket, men livet hans fengjer.
Lese med andre referansar
Det er interessant å lese ein roman om att etter over 30 år. I mellomtida har ein lese historie og litteraturhistorie, og ein har levd og erfart. Om det var tungt å starte på romanen, så vart det etter kvart vanskeleg å legge han frå seg. Opplesaren gjer ein fantastisk jobb med sin nydelege nordnorske dialekt. Og romanen rømmer så mykje meir enn eg kunne hugse.
Eg anbefaler alle å lese boka, gjerne som lydbok.
tirsdag 11. januar 2011
Skal ein la seg stoppe?
For meg vart det noko tungvint å steike brød i gryta mi. Den bruker eg fleire gongar i veka til middag. Så eg bestemte meg for å prøve å lage dette grytebrødet i ei vanleg form. 24 cm forma mi passa til loket, men var nok litt lita for brødet, for det sette seg litt fast i loket.
Litt godt steikt vart brødet fordi eg gløymde å skru ned temperaturen frå 250-220 grader. Dette var i går.
I dag, eller rettare sagt i går kveld då eg laga deigen, bestemte eg meg for å lage ein grov variant. Eg steikte det på rette måten, først med lok og så utan. Så gjekk eg tysdagstur. Då eg kom heim, var der ein liten skalk att. Familien merka ikkje skilnad på dei to steikemetodane. Eg vil nok seie at skorpa ikkje vart fullt så sprø.
Det kan no vere kjekt å variere brødlagingsmåtane. Sjølv held eg ein knapp på Schakenda.

På veg heim i dag ...
... hadde eg dessverre ikkje med meg verken lomme- eller speilreflekskamera. Mobilkameraet yter ikkje himmelen i alle gul- og raudfargar rettferd. Men vi kan slå fast at det er nesten lyst klokka fire no.
mandag 10. januar 2011
Bytur
Då eg rippa markens grøde inn på datamaskina, hadde det skjedd ein liten glipp: CD 8 mangla. I dag hadde eg valet mellom å lese dei aktuelle sidene i papirutgåva eg fekk av mor mi, eller bruke det som ei unnskylding for å ta seg ein bytur. Eg valde det siste. På biblioteket fann eg og ei mykje omtala krimbok. Kritikkane har ikkje vore så gode, men eg har no lyst til å gjere meg opp mi eiga meining.
søndag 9. januar 2011
"Brø' utan å knø"
For eit par år sidan dreiv eg å søkte på fletteloff på YouTube. Då kom eg over videoar frå USA på no knead brød, men det vart aldri til at eg laga dei. Eg tengte at denne framgangsmåten kjem vel hit til landet og dersom desse brøda er så gode. Det spesielle med dei er ikkje deigen, men framgangsmåten. I går kom eg over ein video på denne bloggen og vart inspirert.
500 g kveitemjøl
1 ts salt
1/4 ts tørrgjær
4 dl vatn
Sidan eg hadde framme vekta, vog eg vatnet og.
I dag såg deigen slik ut.
Eg bretta han innover oppå eit mjølstrødd bakepapir slik som vist på videoen.
Så fekk brødet heve 2 timar under bollen. Den siste halvtimen skal jerngryta settast i kald omn, og omnen settast på 250 grader.
Problemet var å finne ei form med lok. I fjor såg eg ei slik emaljert steikepanne til halv pris som på bloggen eg viser til, men eg vart for sein. Så eg kledde mi vanlege jerngryte med bakepapir. Eit rundt under og eit delt på langs som eg bretta langs kanten. Eg skal spandere eit gjenbrukspapir om eg lagar brødet fleire gonger. Ulempa med jerngryta er at det kjem litt os frå ho.
Brødet steikte først 1/2 time på 250 med loket på, så 1/4 time på 220 utan lok.
Det ferdige brødet ser slik ut.
Og smaken?
"Det er berre å lage meir!"
lørdag 8. januar 2011
Coop-kupp-kombinasjon
Prix held fram med sine "få-attpå-tilbod", og eg held fram med å bite på. No treng ein ikkje å bruke desse para av varer i lag. I dag fann eg wokgrønsaker frå desember (wokgrønsaker + svinekjøt) Toro pizzabotm (+karbonadedeig) og storfekjøt (+ stroganoffgryte) frå januar.
Til pizzabotnen som kostar 23,20 høyrer det til ein pakke karbonadedeig. Dette vert ein rimeleg karbonadedeig altså, og så vil ein få nokre pakkar pizzabotn til overs. Derfor bestemte eg meg for å lage focaccia av pulveret. Då eg skulle sjekke baksida av pakken, stod der oppskrift på focaccia også. Eg let foodprosessoren kna deigen, kjevla han ut og sette til heving. Konsistensen på deigen var ikkje heilt som vanleg gjærdeig.
Brødet vart fint. Men kva sa juryen, altså familien? Vi var samde om at konsistensen var som til kake, litt smuldrete. Smaken var grei.
Eg trur ikkje det hadde tatt så mykje lenge tid å lage vanleg dei med rikeleg gjær og la deigen heve berre ein gong.
Når eg lagar wok, har eg både wok og steikepanne i sving. Eg hadde i to raudløkar,litt hakka ingefær, soyasaus og søt chilisaus i tillegg til to pakkar wokgrønsaker og storfekjøt. I dag hadde eg vanleg ris og altså focaccia til.
No er jula på veg ut og våren på veg inn her i huset.

fredag 7. januar 2011
Og jula varer heilt til ...
Til denne jula kjøpte eg ikkje ei einaste julestjerne. Kvart år har eg brukt å fylle vindaugskarmane med julestjerner i byrjinga av desember. I år vart ikkje dette noko av. I staden har eg kjøpt løkar, kanskje fordi det var så kaldt at eg var redd andre blomster ville fryse ihel i bilen. No har eg att nokre blå sviblar. Amaryllisane som eg kjøpte på Floriss, tre for 100 kroner, står no med stilk nummer to.
Julestjernene mine hadde ein tendens til å blomstre heilt til påska, gjerne med nye skot. no spørs det kva eg skal gjere med løkane. Er det eingongsblomster? Eg ha lagt dei avblomstra kjølig i eit papirnett. Skal dei få seg ein pause i matboda med tanke på eit nytt liv i hagen, eller skal eg kaste dei i komposten med godt samvit?

Meiningsmålinga avslutta
Eg spurte blogglesarane om kva dei et på nyttårsaftan. I ettertid ser eg at det kanskje skulle ha spurt om kva blogglesarane åt denne nyttårsaftan. Då kanskje dei som ikkje har fast meny på nyttårsaftan. Resultatet på denne uhøgtidlege undersøkinga viste av at 28 som svarte åt:
71% pinnekjøt
17 % kalkun
17 % svineribbe
7% annan fiskemiddag
7% annan kjøtmiddag
3% lutefisk
Eg hadde nok ikkje trudd at så mange ville svare pinnekjøt. No er det kanskje slik at det er flest vestlendingar som les bloggen? Elles har eg hatt ein teori om at pinnekjøt kjem til å spreie seg både på jul- og nyttårsaftan. Eg stod og såg på fåreribbe saman med ein tyrkisk kurder for nokre år sidan. Han fortalde at han var van med tørka fårekjøt frå heimlandet. No såg eg ein reportasje om halalfåreribbe før jul. Det var visst vanskeleg å skaffe nok. Sjølv dei som ikkje feirar jul, får no fridagar saman med familien, så det er no ikkje rart at dei og vil ha god mat.
Pinnekjøt er også dyrare, og kanskje dermed finare, mat? Der den eine partnaren er van med svineribbe og den andre med pinnekjøt, vel ein kanskje å ha det eine på julaftan og det andre nyttårsaftan.
Av og til får ein inntrykk av at kalkun er nyttårsmiddagen framfor alle. Eg trur nok at mange et kalkun i løpet av jula. Det er greit med ein stor kalkun når ein er mange. Små familiar vel kanskje å kjøpe ein filet.
Elle så trur eg nok at det vert servert meir ein ein middagsrett rundt om i heimane både julaftan og nyttårsaftan, noko meiningsmålinga og viste.

torsdag 6. januar 2011
Bok 1: Amerikansk krim
Denne boka fekk eg låne av mor mi i jula. Eg hadde eigentleg tenkt å begynne på ei litt tyngre bok ved sida av, men denne fenga slik at eg måtte berre lese vidare.
Denne krimboka skil seg ut frå mengda. Personane i boka er godt skildra, og deira samansette natur kjem fram. Hovudpersonen er ein gut som er tvillingbror med ei jente som har forsvunne sporlaust. Både han og politiet leitar etter henne. Her er fleire mysterium og fleire lause trådar.
Løysinga er logisk. Ein får forklaring på fleire ting som har kome fram tidlegare i boka. "Alt" betyr noko.
Forfattaren skriv godt. Eg har ein teori om at krim sel godt, og at mange flinke forfattarar hiv seg på krimsjangeren, i alle fall i Noreg. I USA er det vel også berre dei flinke som får gitt ut bøkene sine, og dei beste av desse vert omsette til norsk.
Les gjerne kva Besta skriv på sin blogg - og les gjerne boka.
PS.
No les eg to bøker samtidig: Markens grøde og Min kamp -første bok.

Men Per Spook-genseren min får du aldri?
Oslostudenten hadde funne denne genseren i skapet sitt. Den har lurt seg unna alle klesinnsamlingar til Aust-Europa. Eg har ein liknande med anna halsfelling. Genserane strikka eg då eg gjekk på lærarskulen. Faren var ikkje mange månader eldre enn det studenten er no då eg begynte å vere saman med han.
I morgon reiser studenten til hovudstaden igjen. Då eg spurte han om han ville at eg skulle lære han noko til dømes innan matlaging, fekk eg til svar at det han treng å lære seg er å legge opp buksebein. Så no har vi hatt sykurs i "oppleggssaum".

onsdag 5. januar 2011
Byggris
Under mottoet "Det som er kjøpt til jul, skal gå med til jul" og med inspirasjon frå Alt godt, leita eg fram forskjellig frå skap og skuffer. Til woken serverte eg vanleg ris og byggris.
Byggrisen fann eg på Prix før jul då eg leita etter noko anna. Byggrisen smakte som bygg. Eg synest det var godt til wok som smakar så mykje i seg sjølv. Det mest positive med produktet er at ein føler seg mett i lang tid etter måltidet. Ein slepp at det gneg i tarmane etter kort tid. Ungdommane i familien var meir skeptiske.
No er ikkje eg nokon stor tilhengar av boil-in-bag, i alle fall ikkje til store familiar. Men viss det vert berre eg som skal ha byggris i staden for ris, er det no greitt. Vil ein vere meir økonomisk, kan ein no legge byggryn i blaut dagen før. Koketida vert noko lengre sjølvsagt.

tirsdag 4. januar 2011
Spør riksmålsforbundet
Det er tid for karaktersetjing. Vi samarbeider på tvers av klassene slik at karakterane skal bli mest muleg rettferdige. Det oppstår sjølvsagt også diskusjonar om rettskriving. Ein rettskrivingsregel dukka opp frå to hald: Ein skal ikkje begynne ei setning med men (but). Dette er ein ny regel for meg. Eg oppmodar gjerne elevar til å setje oftare punktum. Mange meistrar ikkje lange periodar. Logikken forsvinn ein stad på vegen.
No har eg oppdaga at det meste kan googlast. Eg googla spørsmålet og kom rett inn på svaret på Riksmålsforbundet si side. Der fann eg og mykje nyttig og lettfattelig informasjon.
Elles så ser eg at bokmålsorboka/nynorskordboka har endra utsjånad.
There is no "I" in Team
Då eg leita etter nokre engelske uttrykksmåtar, kom eg over denne sida. Ein finn engelske idioms med forklaringar: Individual achievement is not superior to the good/results of the team.

mandag 3. januar 2011
Det finst så mykje kjekt å få kjøpt
Overskrifta er eit sitat av ei venninne som ikkje liker å lage mat.
I dag har eg vore på Trådkråa på Hareid og kjøpt vottegarn. Eg ville kjøpe trepinnar, ein fantastisk oppfinnelse forresten, men dei hadde ikkje att. No har eg ein del pinnar liggande. Problemet er berre å vite kva nummer dei er. Dagens nye dings vart innkjøpt; ein linjal med pinnemål. Den raude streken er akkurat 10 cm.
søndag 2. januar 2011
Saktestrikking
Desse vottane til meg sjølv begynte eg på tidleg i desember. Eg hugsar eg fekk nokre liknande med X-bord og duskar i ulike fargar ein gong på 70-talet. Eg reknar med at desse vert like mykje brukte!
I år fekk eg ikkje kokebok, men strikkebok. Det var akkurat det eg ønska meg. No har eg nemleg planar om å strikke eit par vottar med mønster til meg sjølv i vinter.

Årets bok 2010
I 2008 var det ikkje vanskeleg å kåre årets bok. Dei som ikkje har lese "Tett inntil dagene" har ei fantastisk bok til gode. I fjor sleit eg. Og kva med 2010?
Viss ein liker å lese om noko som er sant og demed lærerikt, så kalla eg denne boka fæl og fengjande. Klikk dykk inn og les kva ho handlar om.
Eg les mykje krim, og av krimforfattarar vil eg dra fram Mo Hayder. Eg har lese fleire av henne i 2010. Bøkene er passeleg "grusome" etter min smak.
Likevel vil eg kåre denne som årets beste krimbok.
Årets bok 2010 er trilogien om Kristin Lavransdatter som eg las om att etter 28 år. Dette skreiv eg om Kransen, Husfrue og Korset. Sigrid Undset fekk nobelprisen i litteratur for middelalderromanane sine i 1928. Dette er klassikarar eg vil anbefale alle å lese, eller lytte til som eg gjorde denne gongen.

lørdag 1. januar 2011
Blogging 2011- Time will tell
Dei siste åra har eg kome med ei lita bloggerklæring ved nyttår. Les gjerne her: 2009 2010
I november måtte eg anten betale for meir plass til den gamle bloggen min, eller lage ein ny. Eg bestemte meg for å starte på nytt og gjere bloggen meir til min eigen. "Solveig si side" er ikkje så mykje ein familieblogg, trur eg. No må det nok seiast at familien er mine ivrigaste lesarar. Men når det gjeld tema, vel eg å skrive ut i frå eigne interesser og meiningar.
Solveig si side
Bloggen skal vise ulike ulike av meg, men ikkje alle. Eg held vener utanfor. Etter at eg kom på Facebook, har eg vorte bevisst på at det ikkje skal gå an å følgje mine skritt fullt ut. Det vil seie, turane mine på biblioteka vert dokumentert for å hjelpe meg å vite kva bøker eg har på lager.
Veit de forresten kva garpegenitiv er? Når slekta er samla i Ørsta, har brorparten av dei vaksne grunnfag i norsk. Eg var den einaste som ikkje kunne svare på dette quizspørsmålet! Garpegenitiv er den typen genitiv vi brukar i nynorsk når vi skriv Solveig si/sitt/sine. Elles kan ein både i nonorsk og bokmål nytte "vanleg" genitiv (Dei har vel eit namn på det og?) Solveigs ...
Kongen og eg
Vi sat her og såg Gutta på tur med kongen som turfølgje. Då la eg merke til ein ting ha sa: Når dei vert matleie, ber dei om fiskebollar! Det serverte eg som ein av rettane 3. juledag fordi det var det eg hadde lyst på. Matoppskriftene på bloggen min er enkle. Eg deler gjerne oppskrifter som høver for skulekjøken med andre. Det er sjølvsagt kjekt å få tilbakemeldingar som: Den sveleoppskrifta di er veldig god. Den toppar også "Mest lese" på gamlebloggen.
Brødbaking
Det kan periodevis bli mykje av ein type innlegg på bloggen. Gjærbakst er kanskje det eg liker best av all matlaging. No har eg tatt ein liten pause, men eg kjem nok sterkt tilbake. Surdeigen lever, for å seie det sånn.
Sonja og eg
Eg viser ikkje fram heile huset mitt. Når eg har pynta middagsbordet, høver det godt å ta eit bilde. Det har eg høyrt at dronninga gjer. Elles er det ikkje noko kongeleg over borda. Med ein viss sjølvironi gir eg ofte opp prisar på enkelte ting, eller som ein gjer når ein har vore på sal: -%. Når det ligg ting på sal rundt om i butikkanes, som til dømes lys og serviettar, dett dei nemleg ofte opp i handlekorga mi.
Dagens duk er ein teflonduk som eg kjøpte rett før jul i fjor på halv pris på Kid. Kubbelysa i juletrefasong og serviettane kjøpte eg på Nille til -70%. Sjokoladehjerta fann eg på same butikk til full pris.
Handarbeid
Hobbyen min før i tida var strikking og anna handarbeid. Dette har det vore lite av dei siste 18 åra. Ein senebetennelse i ei skulder sette ein stopppar for det. I fjor begynte eg å strikke vottar. Viss eg tek det med ro, kan det hende det kan bli litt meir avansert strikking i åra som kjem. Eg kallar det mi skjulte side fordi eg trass alt er utdanna handarbeidslærar. Året etter måtte ein ha like mykje sløyd og teikning som handarbeid på lærarskulen.
Teljarar
Ein ny funksjon som har kome på bloggen, er desse "mest lese-listene". Dei er litt artige å følgje med på. Nokre overraskingar har dukka opp. På gamlebloggen er ca 400 innom i veka etter at eg har slutta å skrive der! Rett nok viser eg til den av og til på denne bloggen. Etter jul var alle brødbakemaskininnlegga mine på "Mest lese dei sju siste dagane". Det viser vel kva folk har fått til jul? Talet på treff, som det vert kalla, var like mange i 2009 og 2010. Desse teljefunksjonane står på fordi eg synest det er artig å sjå kva folk liker å lese, og så viser dei korleis folk dett inn på bloggen.
Litteratur
I fjor las eg 59 bøker mot 76 året før. Kva har skjedd? Eg les nok ein halv time mindre om morgonen enn før. Den tida eg brukte til å rigge meg til før 1.-3. time på skulekjøkenet er vekke. Timane er no lagde til 4.-6. time, stort sett. Elles har eg nok jobba meir frå hausten 2009. Tida vil vise om det vert meir eller mindre lese i 2011. Bokmeldingar vil det bli, nokre meir grundige enn andre.
Då står det att å ønskje alle bloggarar og lesarar eit riktig godt nytt bloggeår!
PS
Eg kjem attende til "Årets bok".

Abonner på:
Innlegg (Atom)