tirsdag 26. januar 2016

Herleg hals i Hexa

Inspirasjon til å gjere noko, kjem ofte frå fleire hald.  Førre veke la kusina mi ut eit bilde og link til gratis mønster på ein hals same dag som eg hadde vore kald på halsen og ønska meg noko varmt og kløfritt. Som de ser valde eg ein kaldare blåfarge.

Garnet kjøpte eg same dag som eg kjøpte eit nøste til jakka mi. Eg kjøpte to nøste, la opp 104 maskar på pinne nummer 6 og strikka 4 rette og 4 vrange så lenge eg hadde garn.  Enklare kan det vel ikkje verte.

No skal eg ut og gå tur ikledd ny hals.  Det er 7 plussgrader her mot 7 minus då eg starta prosjektet.

2 kommentarer:

  1. Den ser skikkeleg god ut.
    Takk for tips.
    Ja, veret.... rart.

    SvarSlett
  2. Eg har brukt halsen min mykje allereie. Fin blåfarge på din!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...