tirsdag 2. desember 2014

2. desember: Baby shower

Av alle dei amerikanske skikkane som invaderer landet, må dette vere ein av dei kjekkaste!  Bleiekaka laga eg saman med to andre. Oppskrifta fann vi på nett med instruksjonsvideo. Vi laga spleisefest saman med og overraska ho som skal bli mor! No har alle tippa namn, fødselsdato, mål og vekt.  Time will tell!

5 kommentarer:

  1. Denne må du legge ut på FB. Det er omtrent det verste eg har sett av kaker. Kva er den laga av? ER den etande-eller ER det bleier?

    SvarSlett
    Svar
    1. Vi laga den av bleier som vi rulla saman!

      Slett
  2. No kom Google vel med... Her er noko eg faktisk ikkje har høyrt om før! Veit ikkje heilt, vi likar no å vente med festen til fødselen er over og alt har gått bra! Gammaldags sengjamat, tenk om vennene kunne arrangert ein liten fest då! For ordens skuld, så ventar eg mitt andre barnebarn om ein månads tid, så eg er litt på alerten no. Strikkar på spreng for å få ferdig hentesettet.

    SvarSlett
  3. Slike samkomer før fødselen har eg sett på ørten amerikanske filmar, og det er sjølvsagt ein fin og artig skikk. Men litt overtruisk er ein vel nokon kvar, og vil helst sjå om det går bra før ein slepp gleda laus.

    SvarSlett
  4. Det er kanskje litt mindre travelt for den komande mora. Og så fekk ho kle i små storleikar og utstyr som ho elles måtte skaffa seg.
    Vi gler oss til ho kjem på besøk med babyen etter nyttår.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...