torsdag 11. desember 2014

Müslibrød

Inspirasjonen til å bake til jul har late vente på seg.  I går sjekka eg Opplysningskontoret for brød og korn si nettside og fann nokre rundstykke eg ville bake.  Det vil seie, eg kom fram til at det er like kjekt med brød, for då kan ein dele opp i større eller mindre skiver.  Deigen laga eg i brødbakemaskina, men ein kan bruke den maskina ein har. Baksten gjekk unna, så julebakst kan det knapt kallast.  Men når jula kjem, kan eg bake meir etter kvart!

Eg har endra litt på oppskrifta som de finn her, eg har skifta ut vatn med mjølk og egg.  Eg vil og anbvefale litt søtt i dette herlege brødet som ein gjerne kan servere til ost.
1/2 pk gjær
3 dl mjølk, lunken
1 egg
1 ts salt
1 ms honning/sukker?
100 g havregryn
100 g sammalen kveite, grov
300 g kveitemjøl
1 dl graskarkjerner

1/2 pk svisker, i bitar
1/2 pk aprikosar, i bitar

Smuldr gjæren i bakebollen.  
Ha i væska og resten av ingrediensane unntatt tørka frukt. 
Lat maskina gå i ca 10 minutt medan du deler opp frukta - gjerne med saks.
Lat deigen heve under plast i ca 1 time.
Form brødet.
Etterhev ca 40 minutt.
Steik ved 200 grader ca 1/2 time.
Avkjøl på rist.

3 kommentarer:

  1. Det er god variant til julebrød vil eg tru.
    Takk for oppskrifta.

    SvarSlett
  2. Takk for oppskrifta, dette vil eg prøve!

    SvarSlett
  3. Ein kan sjølvsagt ha i den frukta eller dei nøtter ein vil. Eg skal lage nye variantar etter kvart.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...