tirsdag 30. desember 2014

30. desember

I dag har eg vaska, handla, lese i Mytting si siste bok og gått meg ein tur.  No skal eg sette meg ned og sjå noko kjekt på TV medan eg strikkar, eller omvendt.

Til middag i dag kokte eg rett og slett byggrynsgraut.  Det gjer godt for kroppen, og så rekk ein å bli svolten til kvelds. Det er godt å få avsetnad på julepålegget. 

Mellomstemann har reist på nyttårferie.  Eg trudde det var lenge sidan vi var så få som fem på nyttårsaftan, men journalisten minte meg på at han var på jobb i Førde for fire år sidan.  Det viktigaste er at alle har det bra der dei er!

1 kommentar:

  1. Eg hadde også ein slik dag, åt stort sett heimelaga knekkebrød med ost.
    All den gode maten gjer iallfall meg uvel og mett heile tida.
    Men no er maten på kok, me har same mat nyttårsafta som julafta. Nye familiemedlemar er i lag med oss no.
    13 til bords i dag.

    Godt nytt år !

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...