mandag 1. desember 2014

1. desember

Førre veka vart det litt sløvt med blogginga.  Vanlegvis lagar det seg noko å skrive om kvar dag.  I desember skal eg prøve å kome med ein liten stemningsrapport kvar dag.

I dag talde eg så lenge på knappane om eg skulle ta meg ein bytur, at eg slo det frå meg. Men litt mat måtte eg ha.  På veg heim att var det så fin musikk i bilen, og så kom eg plutseleg på at eg skulle kjøpt meg ei minnebrikke.  Turen gjekk raskt over Eidet.  Det vart det mykje mallwalking og lite shopping.

No skal eg koke meg eit par egg og reinse meg litt ansjos.  Det er trass alt desember!

At bildet ikkje vart heilt skarpt, skuldast nok fotografen, ikkje minnebrikka.

2 kommentarer:

  1. Juleansjon er det vel tida for nå, for de som gjerne vil ha det.
    Kan godt spise det, men er ikke det jeg velger meg først.
    Koselig å pynte bordet med litt julerelatert nå.
    Holdt på å plukke med meg noen kubbelys til 10,- her for ikke
    så lenge siden ejg også. Mend et var dagen etter min opprydding
    lys og servietter, så jeg kom på at jeg visst hadde nok lys, hehe
    Heldige dere som fortsatt kan plukke roser fortsatt.
    Kos deg i adventstida :)

    SvarSlett
  2. Takk for det! Ja, her syklar eg på jobb om dagen, noko som for meg er rein luksus!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...