lørdag 11. oktober 2014

Laurdagssyslar

 I dag har eg berre gjort slike ting som berre viser om ein ikkje gjer det. Eg angra på at eg ikkje tok bilde av forskjellig i dagslys.
Mot kvelden tok eg fram Skappeljakka som skal monterast.  Planen var å få den ferdig til måndag.  Eg har tatt ferie frå hobbyane mine også denne haustferien.

Ein kollega viste meg korleis eg kunne hekle saman når ein monterer.  No ser eg at det står som forslag i nye Raumaoppskrifter. Det er lettvint, og ikkje minst mykje lettare å rekke opp om det skulle bli nødvendig. Om eg heklar i ermane, står att å sjå.  Uansett er det noko eg må ha dagslys til!

1 kommentar:

  1. Blir sikkert finere å hekle det sammen ja.
    Skal jammen prøve det om jeg en gang blir ferdig
    med kofta jeg strikker på.
    Ha en god søndag :)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...