søndag 12. oktober 2014

Søndagssyslar

 I dag har vi hatt nok ein fin og mild haustdag.  Eg hadde bestemt meg for å gjere ferdig Skappeljakka. Det er nemleg strikkekafé i morgon, og eg liker ikkje å ha mange påbegynte og uferdige produkt på gang.  I strikkeverda er det noko som heiter UFO-ar, og det vil eg helst ikkje ha!
Det er framleis mogeleg å finne blomster til ein bukett i hagen!  Rosene skal klippast til våren, og no forventar eg ikkje fleire nye skot, så eg tek dei gjerne inn!

For dei som vil vite kva vi har til middag, så kan eg røpe menyen: Lammefrikassé og aprikos- og rabarbradessert.  Eg tok dei to nyaste rabarbrastilkane i hagen.  Det er nok årets absolutt siste!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...