fredag 3. oktober 2014

Haustferie

I dag kom frøkna att frå studieveke i Berlin.  Andreklassingane har hatt seg ei veke med tyske lærarar.  Ho veit kva ho skal kjøpe med seg heim att!

På Austlandet har det vore haustferie denne veka.  På universitetet er det vel offisielt ikkje haustferie, men dei har hatt oppgåveskriving, og det kan ein gjere heime.  I dag har eg kjøpt mikrobølgeomn og vifteomn som han skal ta med seg sørover.

I dag har det blåse og regna her hos oss.  Kusina som skulle til Ørsta måtte lande på Vigra og ta buss heim.  Eldste- og yngstemann er i Ørsta på kamp.  Det må vere noko vått.

Men Yr har lova oss finare ver! 
God helg!






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...