lørdag 25. oktober 2014

Lesestoff

Denne helga slapp eg litt billeg med omsyn til husvask.  Frøkna jobba heime for Operasjon Etiopia i går.  Så eg gjekk meg ein tur på biblioteket før eg retta ein bunke engelskprøver.

No har eg begynt på "Frost" av Roy Jacobsen.  Eg har lytta om att fleire gonger parti på den første CD-en.  Det er mange namn og hendingar, og det er like før eg legg han til side. Så er det ei lita stemme i bakhovudet som seier det same som eg seier til elevane mine om å ikkje gi opp ei bok for tidleg.

Elles har eg no planar om å lese Is-slottet.  Då eg såg operaen, bestemte eg meg for å lese om att denne romanen eg las i 20-årsalderen og ikkje likte noko særleg.

Eg rota meg bort i ein diskusjon på Facebook om Hellemyrsfolket av Amalie Skram.  Sjølv meiner eg at det ho skreiv også er interessant i vår tid.  Nokre tema er framleis aktuelle. All litteratur må forståast ut i frå samtida.  Det er ei ærleg sak å seie at ein roman ikkje fell i smak. Men å kritisere språket, vert for dumt.  Ein kan ikkje forvente eit lett språk i litteratur som er over 100 år gamal.

Lydbøker er ein stor fordel når ein finn språket vanskeleg.  Lydbokforlaget vel opplesarar som har ein dialekt som kler dei ulike bøkene.

2 kommentarer:

  1. Det med å finne rett oplesar til bøkene er vanskelig, no når eg les Innsirkling om att irriterer deg meg litt at dei som les ikkje har tilknyting til trønderdialekten. Handlinga er jo lagt til Namsos!

    SvarSlett
  2. Eg måtte legge til side Innsirkling to, for eg må lese ein om att først. Eg synest stort sett dei er flinke å finne folk med rette dialekten?

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...