lørdag 4. oktober 2014

Oktober


 I dag har eg vaska litt, baka brød og laga fårikål.  Ei lita økt i hagen gar eg og tatt meg tid til. Mot kvelden handla eg inn til veka og fekk brukt halvparten av kupongane.

Førre helg sleit eg med å få tak i fårikålkjøt og kål.  Denne helga hadde dei ferskt fårikålkjøt av lam til ein rimeleg pris i kjøtdisken.

Journalisten for til Ålesund.  Kor tid han kjem att, er avhengig av fotballresultata.  Eg ser det i skrivande stund (91. minutt) ligg an til Moldesiger. I Ålesund vart det uavgjort. uansett flyttar han inn her i haustferien og passar huset.

No er kampen slutt: Molde er seriemeisterar om eg har forstått det rett!

No skal eg pakke kofferten, så får vi sjå om det vert mobilblogging i dagane som kjem.


2 kommentarer:

  1. God haustferie kvar du enn er :)

    SvarSlett
  2. Takk for det! Vi er i hovudstaden. Meiner det var du som tipsa om bokhandelen over?

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...