Dagen starta med nydeleg haustver. Eg gjekk rundt vatnet medan eg lytta til Anne B. Ragde sin siste roman. Eg hadde bestemt meg for å ikkje bruke så mykje tid på matlaging i dag. På facebook i går dukka denne gryteretten opp i ein heim. Han fekk eg lyst å prøve. I går handla eg ingrediensane.
Eg kokte nok retten dobbelt så lenge som i oppskrifta. Eine boksen med tomatar hadde eg opp i panna då eg sette på mandelpotetene som eg serverte til. Elles tok eg av noko av krafta og jamna med maisenna.
Familien likte godt maten. Til dessert/kveldsmat vart det vaflar. Dei som har lese "Jeg har et teppe i tusen farger", forstår kanskje kvifor ...
Sjølv om det har vore nattefrost denne veka, var der nok blomster til ein bukett i dag og.
Det såg skikkeleg godt ut! Vi hadde vanleg fårikål i dag.
SvarSlettDet skal eg og ha fleire gonger, for dette er supplement, ikkje erstatning!
SlettSåg herleg ut den retten!
SvarSlettFlott å finne blomar ute enno.
Ha fin veke!
Eg trur kvar søndag er den siste eg finn meg bukett ute. Dess kjekkare er det!
SlettEi fin veke til deg og!