søndag 19. oktober 2014

19. oktober 2014

 Dagen starta med nydeleg haustver.  Eg gjekk rundt vatnet medan eg lytta til Anne B. Ragde sin siste roman.  Eg hadde bestemt meg for å ikkje bruke så mykje tid på matlaging i dag. På facebook i går dukka denne gryteretten opp i ein heim.  Han fekk eg lyst å prøve.  I går handla eg ingrediensane.

Eg kokte nok retten dobbelt så lenge som i oppskrifta.  Eine boksen med tomatar hadde eg opp i panna då eg sette på mandelpotetene som eg serverte til. Elles tok eg av noko av krafta og jamna med maisenna.
 Familien likte godt maten. Til dessert/kveldsmat vart det vaflar.  Dei som har lese "Jeg har et teppe i tusen farger", forstår kanskje kvifor ...
Sjølv om det har vore nattefrost denne veka, var der nok blomster til ein bukett i dag og.

4 kommentarer:

  1. Det såg skikkeleg godt ut! Vi hadde vanleg fårikål i dag.

    SvarSlett
    Svar
    1. Det skal eg og ha fleire gonger, for dette er supplement, ikkje erstatning!

      Slett
  2. Såg herleg ut den retten!
    Flott å finne blomar ute enno.

    Ha fin veke!

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg trur kvar søndag er den siste eg finn meg bukett ute. Dess kjekkare er det!
      Ei fin veke til deg og!

      Slett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...