onsdag 12. februar 2014

Pjona?

 Då OL-deltakarane dukka opp med nye huer, tok det ikkje lang tid før det dukka opp kopiar på strikkesida på facebook og andre stader.  I dag gjekk eg glipp av eit innslag på NRK. Oppskrifter finst det fleire av på nett.  Mange forklarer korleis dei har gjort det, medan andre er meir "hekne", som vi seier på Sunnmøre, og tek seg godt betalt for oppskrifter.
Men er dei verkeleg pjona? Eg bruker å skryte av at eg kan bådde pjone, hakke og gimpe om det trengs.  I dag børsta eg støv av pjonekunnskapane frå 70-talet.  Eg hadde noko lysebla Alfa-garn liggande.  Noko stort prosjekt ville eg ikkje gi meg ut på sidan mange hevdar det er fastmasker som skal til. Me kanskje Baby born-dukka mi kan bli moderne?  Eg pjona så langt som garnet rakk. No synest eg ikkje det ser ut som de er denne teknikken som er nytta?

P.S.
Om nokon lurer på om det er vanskeleg å pjone, så er det slett ikkje det.  Det er ein hekleteknikk der du berre dreg tråden gjennom maskene framme eller bak.  Det er berre å søke på nett, så finn de forklaringar.

7 kommentarer:

  1. Dei er no fine :-)
    Men korleis dei er laga veit eg ikkje.
    Alltid nokon som skal tjene på slike farsottar.

    SvarSlett
  2. Eg synest det er hekje å ta betalt for å kopiere andre ...
    At folk vil leve av å designe og tek seg betalt for jobben, er noko heilt anna.

    SvarSlett
  3. Ei dame er kjenner spurde. Meg om eg visste kva pjone var.det visste eg. men eg trudde pjone og hakke var det same? Gimpe veit eg også kva er, men eg haraldri verken pjona eller gimpa.

    SvarSlett
  4. Pjone må du gjere rundt. Hakke gjer ein med ein lang heklekrok fram og tilbake. Ein tek mange løkker på kroken først og så jobbar ein seg attende.

    SvarSlett
  5. Då er det hakke eg har litt peiling på. Men den dama eg snakka med kalla det pjone når ho hakka med den lange kroken. Førre innlegget skreiv eg på brett, derfor den håplause teiknsettinga.

    SvarSlett
  6. Eg trur ikkje at OL-lua er pjona..

    SvarSlett
  7. Det siste eg las, var at den er hekla i dobbeltmasker. Det har eg ikkje tatt meg tid til å prøve enno.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...