torsdag 20. februar 2014

Brød i nye former

 Det er ganske dyrt å ha ferie - spesielt når ein tek seg nokre handlerunder.  Ei av freistingane eg har falle for, er desse brødformene i silikon.  Mora mi fekk ei til jul som ho skulle teste ut.  Ho meinte ein kunne bruke dei utan å smørje dei.  Eg laga tre rørebrød til besøket i går. (Oppskrift her.)  Formene verka heilt flott!

Bloggen min skal vere reklamefri, men eg kan røpe at formene kostar 79 kr på Jernia.
I dag tidleg - for ferierande -såg vi kombinertstafetten.  Det var spennande til siste sekund. Etter middag ville eg sjå kunstløp.  Der vart eg sittande ... Eg hadde ikkje tenkt at det tok så lang tid.  Men det var utruleg flott å sjå.

No hadde eg tenkt å lage taco til han som kjem frå hovudstaden.  Men det viser seg at han har kome til Molde, ikkje Vigra. Det spørs om det vert sett opp buss?

Time will tell ...

3 kommentarer:

  1. Og eg som var inn på Jernia i dag! I dag var hovudet blåst for former, var ikkje plass til anna enn steikepanna.

    SvarSlett
  2. Ikkje så lenge til du har gebursdag!

    SvarSlett
  3. Såg flotte ut!
    Og når dei gjorde jobben så er det eit stort +

    God innspurt på Vinterferien!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...