lørdag 8. februar 2014

Bok 8: Verdens ende

Frå omslaget:
Forlagsredaktør Aslak Timbereid følger sin ni år gamle datter Emma opp til hennes mor, forfatteren Hanne Lovund ved Alstahaug på Helgeland, der hun skal tilbringe skoleferien. Under landing i sterk vind på Stokka flyplass ved Sandnessjøen, bryter understellet på Widerøe-flyet sammen, og Emma dør en uke senere etter skadene hun pådrar seg. "Verdens ende" er en roman om to mennesker som prøver å finne fotfeste i livet, etter at grunnen er revet bort. Samtidig er det historie om det destruktive - hevnen og hatets plass i våre liv, hovedpersonens opplevelse av at det vi kaller sivilisasjon bare er en tynn, tynn skorpe over det moralske kaos. Gir kunsten og kulturen oss noe hjelp når alt står på spill? Og i hvilken grad vil vår egen selvinnsikt kunne redde oss fra sammenbruddet?

Dette var ei av dei få bøkene eg ikkje hadde lese i lydbokbiblioteket. Eg har ikkje lese noko av forfattaren tidlegare. Boka overraska positivt.  Historia er enkel med få personar og ei viktig hending.  Likevel er historia komplisert.  Forfattaren stiller mange spørsmål om hemn. Kven skal ein hemne seg på, den eller dei som tok livet av Emma eller den eller dei som gjorde livet hennar vanskeleg. Det at Emma vart mobba på skulen, vert sårt skildra.  Kva har ein far å stille opp med mot mobbarar når klassekontakten (eller meiner han kontaktlæraren?) ikkje ser.

Etter granskinga kjem det fram at den ein først meinte hadde skulda, ikkje var rett person.  Kva då om ein hadde tatt lova i eigne hender?

Eg synest forfattaren skildrar godt, og at han reflekterer godt om viktige spørsmål. Ikkje minst let han lesaren frå reflektere sjølv, utan å gi fasitsvar.

2 kommentarer:

  1. Meiner at det er Ketil Bjørnstad som har skrive boka om Oda Krogh.Den las eg for lenge sidan. Elles har han vel også skrive om Kristianiabohemen etc. Eller tek eg feil?

    SvarSlett
  2. Då har eg nok lese bøker av han på 80- talet!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...