mandag 30. desember 2013

Bok 57: Rasmus rebellen

Eg har nytta freden som vart i huset under Grendacupen til å lese "Rasmus rebellen". Tidlegare i haust har eg vore med forfattaren når han har lese frå boka, men først no har eg hatt det roleg nok til å kunne lese boka i samanheng. Romanen var overraskande lettlesen.

Handlinga er lagt til 1600-talet, ei epoke i historia eg har visst relativt lite om.  Etter eg har vorte godt vaksen, har eg forstått omtrent kor kummerleg folk budde, og under kor enkle kår dei laga mat.  I boka får vi ei innsikt i dei politiske forholda med skatteinnkrevjing frå folk som allereie levde på sveltegrensa. I denne tida er det altså Rasmus Bust gjer opprør.

Eg skal ikkje gi meg inn på noko vurdering av romanen. Det overlet eg til andre.  Den siste i rekka av meldingar kom i VG i går.  I dag kom den og på VG nett.

3 kommentarer:

  1. Har lese en del historiske romaner før,
    Kanskje denne kan bli den neste.
    Høres ut som ei grei bok å lese mens en samtidig lærer
    litt om levevilkårene til våre forfedre.
    Det var jammen mye godt under her.
    Ble skikkelig sulten her jeg sitter.
    Er nok på tide med litt påfyll.
    God kveld til deg :)

    SvarSlett
  2. Som du seier, er romanen forbausande lettlesen, så det er ikkje noko ork å kome gjennom den. Men eg har enno ikkje sett den på bokhandelen her.

    SvarSlett
  3. Bokhandlarane grev si eiga grav viss dei ikkje har dei bøkene folk etterspør, og overlet marknaden til nettbokhandlarane.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...