søndag 1. desember 2013

1. desember

1. søndag i advent har vi fått opp julegardiner og tatt fram lilla lys.  Observante lesarar vil kanskje peike på at adventsstaken er vekke.  Den verka tidleg på dag.  Alle pærer er skifta, så det vert vel til at vi må jøpe ein ny.

Det stod svineribbe på menyen med hermetiske plommer og kirsebær, begge delar kjøpt i Sverige, til dessert.

Vi går inn i ei veke med eksamenar for studentar.  Oslostudenten vert ikkje ferdig før 20.desember i år. Masteroppgåva hans er levert, så eit langt studium går mot slutten. Vi gler oss spesielt til å få han heim til jul!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...