lørdag 7. desember 2013

Mor Monsen

Når eg først bakar, bakar eg ikkje små kaker.  Mor Monsen-oppskrifta er ei god gamal som eg har dobla for å fylle langpanna som høyrer til komfyren.
500 g smør
500 g sukker

10 egg

rive skal av 2 sitronar (Eg bruker økologiske.)
600 g kveitemjøl
2 ts bakepulver

75 g korintar
75 g hakka mandlar (ev. mandelspon)
3 ms pelesukker


  1. Rør smør og sukker kvitt og luftig.
  2. Tilset egga - eitt om gongen. (Eg bruker å knekke alle og ha dei i eit halvlitermål.)
  3. Ha i sitronskal og sikt i mjølet.  Rør saman.
  4. Ha deigen i ei langpanne med bakepapir i.
  5. Dryss over mandlar, korintar og perlesukker.
  6. Steik kaka midt i omnen på 200 grader ca. 30 minutt.




3 kommentarer:

  1. Eg steikar halv porsjon av din i ei lita langpanne. Eg brukar alltid usalta meierismør til MM. Eit problem eg har er at deigen vil skille seg når eg skal ha i mange egg. Har du råd for det? Eg passar på at alle ingrediensane har romtemperatur før eg begynner.

    SvarSlett
  2. Den har lett for å skilje seg undervegs. Eg har ikkje noko anna råd enn å røre og røre ... Det med saltet har eg ikkje tenkt på. Men smør må det vere.

    SvarSlett
  3. Trur ikkje det saltet har så mykje å seie, men når eg kjøper ein liten pakke smør til MM, då kjøper eg usalta.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...