Denne peparkakedeigen har eg laga fleire gonger. Oppskrifta høver godt å doble. Deigen er grei å arbeide med. Mi erfaring er at paparkakedeig kan stå kjølig, men ikkje så kaldt som i kjøleskåp. Pyntinga har frøkna stått for.
1 1/2 dl smelta smør
1 1/2 dl mørk sirup
1 1/2 dl brunt sukker
1 1/2 dl sukker
1 1/2 dl kremfløyte
3 ts kanel
2 ts kardemomme
2 ts nellik
2 ts ingefær
1 ts natron
9-10 dl kveitemjøl
- Smelt smøret i ei lita panne.
- Mål opp sirup, sukker, fløyte og krydder i ein bolle.
- Ha i smøret.
- Sikt på kveitemjøl og natron.
- Arbeid deigen saman. Dekk med plast og set kjølig til neste dag. Eit par timar i kjøleskåp tippar eg går bra om ein vil lage dei same dagen. På skulekjøkenet hender det vi set t.d. berlinarkransdeig i frysaren i 10 minutt. Det er berre å prøve seg fram.
- Kjevl ut deigen, ca 3 mm, og stikk ut figurar. Skal du lage hus, kjevlar du deigen noko tjukkare.
- Steik kakene midt i omnen på 180 grader.
Melisglasur:
1 eggekvite
melis til høveleg konsistens, ca 4 dl
1/2 ts eddik eller sitronsaft
- Sikt melis i ein bolle.
- Tilset eggekvite og eddik/sitronsaft.
- Ha glasuren i ein plastpose. Klipp hol eller bruk kakepyntutstyr om du har.
- Dekorer kakene etter eige ønske.
Peparkakene var fine. Eg har også ei god oppskrift som vi brukte på skulekjøkkenet i alle år. Den kunne vi begynne å bake ut med ein gong.
SvarSlettMi oppskrift er kanskje litt for fin til hus. Mykje godt i henne.
SvarSlett