mandag 16. desember 2013

Peparkaker

Denne peparkakedeigen har eg laga fleire gonger. Oppskrifta høver godt å doble. Deigen er grei å arbeide med.  Mi erfaring er at paparkakedeig kan stå kjølig, men ikkje så kaldt som i kjøleskåp. Pyntinga har frøkna stått for.

1 1/2 dl smelta smør
1 1/2 dl mørk sirup
1 1/2 dl brunt sukker
1 1/2 dl sukker
1 1/2 dl kremfløyte
3 ts kanel
2 ts kardemomme
2 ts nellik
2 ts ingefær
1 ts natron
9-10 dl kveitemjøl

  1. Smelt smøret i ei lita panne.
  2. Mål opp sirup, sukker, fløyte og krydder i ein bolle.
  3. Ha i smøret.
  4. Sikt på kveitemjøl og natron.
  5. Arbeid deigen saman.  Dekk med plast og set kjølig til neste dag. Eit par timar i kjøleskåp tippar eg går bra om ein vil lage dei same dagen. På skulekjøkenet hender det vi set t.d. berlinarkransdeig i frysaren i 10 minutt.  Det er berre å prøve seg fram.
  6. Kjevl ut deigen, ca 3 mm, og stikk ut figurar.  Skal du lage hus, kjevlar du deigen noko tjukkare.
  7. Steik kakene midt i omnen på 180 grader.

Melisglasur:
1 eggekvite
melis til høveleg konsistens, ca 4 dl
1/2 ts eddik eller sitronsaft


  1. Sikt melis i ein bolle.
  2. Tilset eggekvite og eddik/sitronsaft.
  3. Ha glasuren i ein plastpose.  Klipp hol eller bruk kakepyntutstyr om du har.
  4. Dekorer kakene etter eige ønske.

2 kommentarer:

  1. Peparkakene var fine. Eg har også ei god oppskrift som vi brukte på skulekjøkkenet i alle år. Den kunne vi begynne å bake ut med ein gong.

    SvarSlett
  2. Mi oppskrift er kanskje litt for fin til hus. Mykje godt i henne.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...