onsdag 15. mai 2013

Oppdal frå Retromasker av Tine Solheim

Då kan eg endeleg vise fram det ferdige produktet!  Vesten, som det står i boka, er strikka i Hverdags.  Garnet er litt tynnare enn det i oppskrifta, så eg strikka største storleik.

Garnet kjøpte eg faktisk i sommar då det var 20% avslag.  Då heldt eg på med ein rosa frå same boka.  Monteringsarbeidet gjorde at det tok si tid før eg fekk lyst å strikke denne.  Når den først er ferdig, er det verdt alt "strevet". Som de veit, er eg litt pirkete når det gjeld handarbeid. Venstre stolpen vart fin, men på høgre måtte eg fram med heklekroken - og stoppenål igjen.

No seier eg meg godt nøgd med resultatet!  Det er eit plagg som kan brukast omtrent heile året i vårt klima ...


8 kommentarer:

  1. I’m not that much of a online reader to be
    honest but your blogs really nice, keep it up! I'll go ahead and bookmark your site to come back later. Many thanks

    Take a look at my blog permanent hair straightening

    SvarSlett
    Svar
    1. Skal tru om det finst nokon som så raskt kan finne bilde av folk som har krøllar. Eg får seie som Pippi: Nei, eg lid ikkje av krøllar.

      Slett
  2. Heilt frå du var bitte liten kledde eg deg i lyseblått-og ikkje rosa. Lyseblått/ blått har alltid vore dine fargar. Det ser vi her også.Kjempefin "vest".

    SvarSlett
  3. Eg er og mest glad i blått, men alle kleda mine kan ikkje vere i same farge ...

    SvarSlett
  4. Den var kjempefin!

    Ser at du nok er blitt noko spamma..
    Det skjer innimellom med meg også, men helst på eldre innlegg.

    God 17.mai!!

    SvarSlett
  5. Mange av desse kommentarane går no rett i søppelkassa, andre må eg fjerne sjølv. Men denne med retting av hår vart litt morosam opp i det heile.

    God 17.mai til deg og!

    SvarSlett
  6. Veldig fin vest og flotte krøllar!

    SvarSlett
  7. Nydeleg vest. Godt å ha på seg noko lunt som dekkjer skuldrane, både sommar og vinter.
    Og spammen den dukkar opp her òg, men gjerne lenge etter innlegget sto.
    Ynskjer deg ein fin 17 mai !

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...