onsdag 1. mai 2013

1. mai

 Det tok litt tid før eg kom meg ut i hagen for å dokumentere våren slik eg hadde planlagt.
 Rabarbraen ligg tre veker etter 2011.
Påskeliljer frå i fjor.  I år har eg handla så mange på ulike kupp at det burde bli mange neste år.
Og så tel vi ned: 6 dagar til opptur.
Det eg liker minst med strikking, er maskinsyinga.  Men det må til.  Tine Solheim sine metodar er ikkje dei enklaste, men resultatet vert deretter.
No skal eg strikke stolpar.  Ulempa med å strikke dei oppover er at dei ikkje strekker seg i høgda, om de forstår kva er meiner.  Ein må vere svært nøyaktig når ein syr dei på.  Fordelen er at ein strikkar belegg samtidig.  På den måten vert plagga fine på baksida, noko som sjølsagt er ein fordel om ein knappar dei opp.

Garnet til den korterma jakka kjøpte eg i fjor sommar.  Etter at eg strikka den rosa, tok det tid før eg samla motivasjon til å gå på eit plagg med same type arbeid.

Eg prøvde å legge ut ein snutt frå YouTube før i dag.  Det gjekk ikkje så bra.  Men sjekk gjerne her.  Vi har det godt i Noreg i dag, også takka vere den franske revolusjonen. Sjølv får eg denne på hjernen kvar gong eg høyrer den.  Om tre veker kjem DVD-en.

9 kommentarer:

  1. Viss du går inn på Liselotte sin blogg, slagt en hellig ko, vil du finne ein snedig måte å lage kant på jakker på! Link på Hilde sin blogg.

    SvarSlett
    Svar
    1. Det var litt vanskeleg å finne fram på bloggen hennar. Eg såg i ei strikkebok, den med barnemønster, at der var bilde av montering. Med meg vert det slik at eg gjer det slik eg alltid har gjort det. Men slike stolpar er nye for meg.

      Slett
  2. Jakken ser kjempefin ut. Likte fargevalget:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk! Det er liksom mine fargar.

      Slett
  3. Onsdag 17. April kan du skrolle tilbake til. Eg tykte det var ein kjempesmart metode som eg har lyst å prøve.

    SvarSlett
  4. Takk for tips - skal sjekke etter ein kopp kaffi!

    SvarSlett
  5. http://katedaviesdesigns.com/2012/04/29/steeks-2-reinforcing-and-cutting/

    Når ein studerer det, er det logisk! Men torer vi?

    SvarSlett
  6. Eg ville ha prøvd på ein prøvelapp først. Liselotte si jakke blei kjempefin. Er du på Ravelry? Viss ikkje, er det veldig kjekt der...

    SvarSlett
  7. Eg har eit passord dit, og eg har funne mønster. Der er vel kanskje framgangsmåtar også. Det med prøvelapp tenkte eg og. Eg hadde ikkje begynt med dette på eit stort plagg. Og fint vart det. Passar nok godt til smale kantar.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...