torsdag 4. april 2013

Spinatsuppe - fritt etter Gunda

 Før påske la Gunda ut ei suppe på bloggen sin. Mi suppe er inspirert av hennar.
 Eg starta slik som henne med å surre grønsakene.  I staden for bønner brukte eg av kikerterlageret mitt.
Og då eg hadde late spinaten få varme seg i suppa, mosa eg suppa med stavmiksar.  Eg serverte suppa som forrett til omnstekte kyllinglår.  Gjengen hadde berre ei innvending: Suppa var så mettande!  Med egg og brød til kunne suppa vore servert til middag.

4 kommentarer:

  1. Eg har ein STOR boks med spinat ståande, lurer på kva eg tenkte då eg kjøpte den?

    SvarSlett
  2. Eg hadde ein pakke frosen. Elles trur eg den minkar! Her er folk veldig glade i suppe ...

    SvarSlett
  3. Det er "snerte" med den frosne spinaten, ein kan ta opp nokre få klumpar og la resten ligge att i frysaren. Den suppa eg lagde er ei italiensk tradisjonell suppe, der spinaten skal syns, og der ein helst skal bruke små spinatblad, det ein no gjerne kallar babyspinat. Men din variant såg også god ut, smart med kikerter!

    SvarSlett
  4. Kikertene var ein av pakkane eg fraus ned då eg kokte 2 kg som vart til 4,6 ... Synest det var greitt å mose sidan spinaten var frosen, ja.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...