tirsdag 16. april 2013

Bok 16: Marcoeffekten

Jussi Adler-Olsen sine bøker om avdeling Q har vore ein av mine favorittseriar.  Fleire har eg, som denne, lese i papirutgåva.

I denne romanen møter vi Marco, ein ung gut som har vakse opp blant kriminelle.  Når Zola, leiaren av klanen, bestemmer at han skal få føtene øydelagde i ei ulykke for å tene meir pengar som kriminell, og faren ikkje grip inn, begynner ting å skje.  Han vil bli normal og ta seg ei utdanning.  Men klanen er ute etter han.

Ei stor svindelsak med u-hjelpspengar held på å bli oppdaga.  Desse hendingane grip inn i kvarandre.  Meir vil eg ikkje fortelje. Lesaren vert dregen inn i ei spennande forteljing.  Personane og hendingane er interessante.

Eg set pris på språket og humoren i romanen.  Ein gong når ein spøker om eit brent lik, synest eg det bikkar over til smaklaust.  Men Assad sine kamelordtak er herlege!  Sjølve oppklaringa er noko eventyraktig, synest eg.  Men eg er med på det!

1 kommentar:

  1. Eg synest ikkje dette er den beste boka i serien.Tykte den kunne vore strengare komponert og litt kortare. Eg vart nesten litt lei av boka før den var slutt. Men språklig sett er her mange perler.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...