søndag 14. april 2013

Høne


I butikken der eg handlar vanlegvis, har eg ikkje sett ei høne på år og dag. Sist det var på snakk, var då vi ville lage mulligatawny soup.  I dag laga eg den slik svigermor mi gjorde det. Eg kokte dei først og steikte dei etterpå.  (NB! Steik hønene heile.  Sjå kommentarfeltet.)
Så då eg kom over kokeklare høner på Rema 1000, slo eg til.  Prisen var på 31 kr pr stk.  Kanskje noko å tenke på for studentar. Ein treng 1/2 høne pr person.
Saman med hønene legg ein løk, gulrøter og gjerne selleri.  Eg kokar gjerne vatn i vasskokaren og heller over. Hønene fekk stå og trekke eit par timar.  I dag gjekk eg rundt vatnet saman med ei venninne medan andre passa gryta og skrelte poteter.
Det er lurt å skumme krafta før ein har i rikeleg med heil pepar. 1 ms (15) ml salt.
Eg laga bruning til min saus i dag.  Lagar ein lys saus, får ein frikassé.
Den store fordelen med å koke høner, er at ein får så mykje kraft.  Eg brukte ein liter til sausen, men har att til ei suppe seinare i veka, viss eg då ikkje frys ho ned.
Eg pensla med olje og hadde på salt og pepar før eg sette høna i omnen.  Dette er  eigentleg ikkje nødvendig.

3 kommentarer:

  1. Her var det problem med å få tak i høner før, men no finst det rikelig. Det er særlig utlendingar som spør etter det. Eg har to høner i flysaren, med tanke på Mulligatawny-suppe, men eg er litt treig. Mamma kokte høner heile og steikte dei heile etterpå -i steikomnen. Ho laga viltsaus til. Eg tykte det var det beste eg hadde smakt.

    SvarSlett
  2. Greitt å vite! Eg var usikker på om eg skulle dele dei opp. Det var ein som insisterte ... Då steiker eg dei heile neste gong! Her var maten populær!

    SvarSlett
  3. Bunnpris på Hareid her høner ganske ofte.Mulligatawny-suppe lagar eg fra restar av kalkun,også godt!:-)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...