tirsdag 9. april 2013

Bok 15: Kameleonens skygge

Frå coveret:
Hvordan kan en mann glemme åtte uker av sitt liv? Hvorfor sier sykepleiersken at han har ledningssurr i hodet? Løytnant Charles Acland blir sendt hjem fra Irak med alvorlige hodeskader og et ansikt som vil være vansiret resten av livet. Den tidligere så utadvendte mannen plages av mistenksomhet og utbrudd av aggresjon, særlig mot kvinner - ikke minst eks-forloveden, som nekter å akseptere at forholdet er over. Til slutt kutter han alle bånd og glir inn i sin egen verden - til en gjest får ham til å miste kontrollen i en pub i London. Politiet tilkalles, og det ender med at han blir mistenkt for drap. Tre personer er myrdet i området, og drapene synes alle å ha blitt utløst av ekstremt sinne. Hvor stor kontroll har han egentlig over de mørke sidene av sin personlighet?

Eg trur ikkje eg har lese ei bok av Minette Walters sidan 90-talet.  BBC-filmatiseringane har vore gode, meiner eg.  Denne romanen fangar meg frå første stund. Denne stirrige pasienten som ikkje reagerer slik ein skulle forvente.  Av ein eller annan grunn liker ein han.  Forfattaren skriv med psykologisk innsikt.  Sjølve politietterforskinga er mindre viktige enn menneskeskildringane.  Her er det opprulling, ikkje action. Ting er ikkje slik ein hadde trudd.  Eg likte romanen svært godt.

2 kommentarer:

  1. Takk for lesetips. Ønskeåleselista er uendeleg!

    SvarSlett
  2. Minette Walters kan ikkje ha skrive så mykje i seinare år. Alle dei åra eg har lese lydbøker, har eg funne berre ei som ho har skrive. Men den var god! Denne som du har lese no har eg ikkje funne i hyllene her.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...