Etter ei heller travel veke er det godt med helg. Sola skin, så ein kan håpe på høve til hagearbeid og utekos. Det er fotballkamp og jentekveld. Russen har begynt å røyve på seg.
Eg har kjøpt meg ein ny "voksduk" til kjøkenbordet, men sidan eg hadde kjøpt ein plante som passa til den, får eg vente med å skifte til eg kan ha både duk og plante ut.
Eg har tre til slike blå klokkeplantar som eg skal plante ut i næraste framtid.Og så skal det bli spennande å sjå om dei eg planta ut i fjor, har overlevd vinteren.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar