søndag 28. april 2013

Regnverssøndag

Vi har kome til den årstida fotballen styrer mykje.  Det vart tidleg middag, for journalisten skulle til Molde.  Menyen var enkel, karbonadar, omnsbakte potetbåtar og woka grønsaker.

Turen min vart etter middag i dag.  Eg stakk innom skulen for å lage eit gloseøveark, trudde eg.  Men det starta å høljregne, så eg vart der og jobba til det vart moderat regn att.  Resten av gjengen hadde då fare på Høddkamp.  Eg nytta høvet til å lese ut ei bok medean det var fredeleg i heimen.

No skal eg skrive eit referat før eg tek kvelden.  Eg håper dei har fått sin daglege dose med fotball, så vi kan få sett ein film.  Elles har det vorte ein vane å sjå Kongsvoll Videregående søndagane.  Det er ein fin start på skuleveka!  Eller veke?  Det vert nokre "halve" veker no i mai.  Vi får ønskje oss fint ver.  I går fekk eg meg eit par timar i hagen.  Det viser att, men eg har mykje meir eg har lyst å gjere - i fint ver.

2 kommentarer:

  1. Godt med litt tid til å lese og slappe av
    i tillegg til både middagslaging og
    forberedelse til ei ny uke
    Ønsker deg ei herlig uke :)

    SvarSlett
  2. Ynskjer deg ei fin oppstykka veke ;)
    Veret var ikkje heilt etter ynskjet i dag, men me har vore i kaffiselskap og der var så mykje gode kaker at ingen brydde seg om regnet ute..

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...