lørdag 15. desember 2012

Mor Monsen

For meg er Mor Monsen ei julekake.  Og den er svært populær i heimen. Oppskrifta fann eg i ei gammal Samvirkebok.  Eg ser at ho er  godt brukt på den sida.  Oppskrifta er dobla, berre ikkje pynten.  Det vart fransk smør i år, og økologiske sitronar.

Det er ikkje så mykje arbeid å lage kaka, men det tek tid å røre smør og sukker.  Ein må og røre godt   mellom kvart egg.  Eg bruker å knekke egga opp i eit litermål, og så heller eg eitt og eitt egg i etter kvart.
500 g smør
500 g sukker

10-12 egg (mine var små, så eg tok 12)

rive skal av to sitronar (berre det gule)
600 g kveitemjøl
2 ts bakepulver

"Pynt"
75 g korintar
75 g hakka mandlar
2 ms perlesukker

1. Rør smør og sukker kvitt i ei stor kjøkenmaskin.
2. Ha i egga - eitt om gongen.
3. Ha i sitronskal og sikt på mjøl blanda med bakepulver.
4. Ha røra i ei bakepapirkledd langpanne.
(Gjerne den som høyrer til komfyren.)
5. Dryss over korintar, mandlar og sukker.
6. Steik kaka ved 200 grader ca 30 minutt.
(Eg set den på nedste rilla:)

I si tid har dette sikkert vore ei luksuskake.  Ho inneheld rikeleg med egg.  Ho er ikkje spedd med mjølk som andre formkaker.  Korintar og mandlar var vel heller ikkje slikt som ein flotta seg med til dagleg.  



10 kommentarer:

  1. Eg har også laga Mor Monsen. men berre halvparten så stor som di. Eg har problem med at røra vil "breste" når eg har i siste egget. Då er eg berre snar å ha i mjølet, så går alt bra. Eg brukar same oppskrift som du, men berre halvparten så mykje av alt.

    SvarSlett
  2. Denne får vi prøve, om vi får tid. Gjer det noko om røra brest? Elles så har eg lyst til å prøve meg på nordlandslefser, om eg får tid. Eg prøvesmaka kjøpte lefser frå åbrekk gardsmat, dyre, skuffande, altfor mykje vaniljesukker. Har du oppskrift på nordlandslefser?

    SvarSlett
  3. Så flott!
    Godt med alt som ikkje er all verdens arbeid med ;-)

    Fortsatt fin Adventshelg!

    SvarSlett
  4. Mi røre var på randen av å breste, men eg brukte lang tid med røringa. Gjer noko anna samtidig, sjølvsagt. Elles så trur eg ikkje det har så mykje å seie.
    Nordlandslefser, er det tjukklefser. Eg har aldri prøvd, men tippar eg finn oppskrift i ei av tradisjonsbøkene mine.

    SvarSlett
  5. Eg hugsar at denne kaka var laga berre til jul eller kanskje eit fint selskap. Har tenkt av og til at når mor mi sa det var dyre kaker så var det antal egg det var snakk om..
    Det kan vel brukast rosiner i stadenfor korinter ?

    SvarSlett
  6. Finn ikkje korinter..
    så spør om det same som amo..

    SvarSlett
  7. Eg har sett at folk har brukt rosiner. I år har eg tråla butikkane etter korintar. Til slutt fann eg på Prix her. Få butikkar har det i sortimentet sitt. Ungdomane ser berre rart på meg. Dei veit ikkje kva ein korint er. Vi må berre mase. På OBS var det tydeleg at fleire hadde spurt.

    SvarSlett
  8. God gammaldags kake! Skal sjå om eg får tid eg og. Hilde

    SvarSlett
  9. Ser veldig godt ut! Må du fryse den når du lagar den no og den skal etast i jula? God jul frå nr 14, mykje kjekt i bloggen din!

    SvarSlett
  10. Den står seg lenge i ein tett boks. I ein heim med mange ungdomar, er det tryggast å fryse ned eit par bitar. Eg let dei ete kantane då kaka var litt avkjølt. Resten delte eg i tre bitar og fraus to. Litt av gleda med julebakst er å få ete av den før jul?

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...