onsdag 12. desember 2012

12.12.12

I dag har vi hatt besøk av svogeren min.  Han fekk med seg julegåver til slekta nord i fylket.  Den nydelege julestjerna vi fekk inspirerte meg til å ta fram litt raudt i dag.

Frøkna kom heim med eit formingsprodukt.  Det skulle vere ein nyttegjenstand.  Eg tenkte kanskje det var eit pizzafat som ein kan snurre rundt, eller kanskje eit ostefat.  Ho lurte på om ho skulle gi det vekk til jul, men eg rådde henne til å behalde det sjølv.

2 kommentarer:

  1. Er ikkje det veleigna til tacos? Fint var det, i alle fall!

    SvarSlett
  2. Jau, det er vel berre fantasien som set grenser?

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...