lørdag 13. oktober 2012

Tzatziki

 Menyen på skulekjøkenet vaka før haustferien var omnsbakte aure/laks med bakte poteter, marinerte grønsaker og tzatziki.  Til dessert var det eplekake med heimelaga vaniljeis.
 I oppskrifta på tzatziki i kokeboka "Kokebok for alle Frå bollar til burritos" skal det vere matyoghurt og dippmix. Matyoghurt viste seg å vere vanskeleg å få tak i. "Kvifor ikkje bruke gresk yoghurt? Eg har ikkje prøvd, men ..." sa ein av kollegaene mine.  Eg kjøpte ei bøtte på Prix.  Og her fekk ein oppskrift på kjøpet/loket.
Vi grovraspa agurken og har 1/2 kryddeermål salt på.  Den får renne av seg før ein blandar den med resten av ingrediensane.  Ei anna lita endring vi gjorde, var å bruke 1/2 ts sitronsaft i staden for eddik.

Eg har ikkje brukt å ha gresk yoghurt i hus.  Men i framtida trur eg at den vert å finne i kjøleskåpet her.  Den kan kanskje erstatte lettrømme på poteter.  Eg er glad i naturell yoghurt med müsli, nøtter og tørka frukt.  Feittprosenten er 10.  Lettrømme har 18% feitt og vanleg naturell yoghurt 4%.

5 kommentarer:

  1. Takk for alle gode tipsa du skriv om.
    Eg leitar dei oppatt når eg vil lage noko av det. Flott !

    SvarSlett
  2. Kjekt å høyre! Den greske yoghurten er nok litt for tjukk til å ete med müsli på. Men den smakar godt med t.d. kokte plommer/hermetisk frukt. Då får ein litt saus på. Ein kan vel ha litt surmjølk i den om ein vil ete den berr. Ei såpass stor bøtte vert vel ei utfordring å få oppeten i ein vanleg familie ...

    SvarSlett
  3. Eg likar å ha ei lita teskei honning og i tzatzikien. Det rundar av smaken. Men så har eg ein smak for det søte. :-)

    SvarSlett
  4. (Og eg syns ikkje den er for tjukk til frukost iallfall. Den er snyta god berre med litt neter og honning på. Ekte gresk frukost! :-))

    SvarSlett
  5. Eg er ikkje så glad i honning, men har kokt litt tørka aprikosar i plommelake som eg hadde kokt inn. Noko søtt må ein ha. Det passa godt til, synest eg. Ein dag kjøpte eg rørka bananar og cashewneter. Eg trur nok yogurten skal bli oppeten.
    Sikkert godt med honning i tzatziki også! Heime gjer ein som ein vil (som er eitt av mottoa mine på skulekjøkenet - der dei må gjere som eg/oppskrifta seier).

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...