søndag 7. oktober 2012

Skaporden

Det begynte med at mor mi fekk innsyn i matskapet mitt.  Eg opna sjølv døra, berre så det er sagt. Prosjektet vart utsett til haustferien.

I går gjekk eg laus på kjøleskåp og matskåp.  Rydding og vasking gjer sjølvsagt at det vert reint, men ein nyttar vel alltid høvet til å rydde litt.  Eit fenomen som alltid dukkar opp hos meg, er at eg har mykje av ein ting.  Denne gongen var det posar med heil pepar.  Eg hadde nok til å fylle eit glas.

No har eg rydda og fylt firkanta boksar og glas.  Det sparer plass.

Elles må eg seie at eg gler meg til den dagen eg får nytt kjøken med skuffer, ikkje skåp.


3 kommentarer:

  1. Eg vil berre presisere at eg aldri opnar skapdørene til folk for å kontrollere ordenen. Eg har nok med mitt eige rot.eit par triks har eg for lettare å kunne ha oversikt.det er plastkorger og-bokser der eg samlar mange små ting i skuffer og skap. Og plastposer med lås for å samle småting som elles ville flyte rundt i skuffene. Dette lettar også arbeidet når ein skal vaske. No når eg er pensjo prøver eg å ta skuffer og skap etter behov.

    SvarSlett
  2. Godt å få ryddet opp litt innimellom.
    Ikke så lange siden jeg tok skapet mitt,
    fikk ting i plastboker så det ble mer oversiktlig.
    Skulle også ønske jeg hadde skuffer til "matskap"
    Ha ei herlig uke :)

    SvarSlett
  3. Sist eg var i Tupperwareparty var det tilbod på boksar som tek 6 dl(?). Dei er greie å stable i høgda. Korger og isboksar er og greitt å samle småting i, ja.
    For meg hjelper det at andre ser inn i skåpa mine. Då ser eg dei med andre sine auge ... Eg veit korleis det bør vere, for å seie det slik.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...