mandag 26. september 2011

Å springe langt

 I fjor sprang Øystein maraton i Oslo for første gong.  Eg var heime og passa heim og ungdomar.  I år heiv eg meg med sidan eg kunne overlate ansvaret til eldstemann.
 Oslo maraton eit storhende i hovudstaden.  Gater er sperra av.  Tre politimenn starta med motorsykkel.  Pressekorpset er stort.  For meg som tilskodar er der mykje å få med seg.
 På heilmaraton starta dei i fleire puljar. Nokre utvalde sprang med oranje ballongar med sluttider på.  Dei som satsa på å springe på 3.30 flokka seg rundt han som hadde det som idealtid.
 No hadde ikkje eg tenkt å bruke heile dagen ved start og mål, så eg rusla meg ein tur attende til hotellet og slappa av litt før eg sjekka ut.  På ein spasertur på Karl Johan ser eg brått at Øystein spring forbi meg.  Han kjem seg eit stykke før eg får fram fotoapparatet.
 Eg lurte på kvar løypa var, og akkurat forbi stortinget ser eg han igjen.
 Laurdag vert det ingen tur til Aker Brygge, så eg tenkte eg kunne gå ned dit og kjøpe meg ein is og ein kopp kaffi og slappe av i fineveret.  Men der støtte eg igjen på løypa.  Då 3.15 ballangen kom, tenkte eg at eg fekk sjå om mannen dukka opp att.  Her lag han godt an i høve den tida han satsa på.
 Så eg leita fram målområdet for å få eit bilde av han då han passerte målstreken.  Eg er godt nøgd med innsatsen som fotograf.  Eg gjer det same som i bagasjekøen.  Eg står bak og følgjer med, men når det eg vil oppnå nærmar seg, bryt eg meg gjennom folkemassen på ein augneblink, og så får eg tatt bildet eller henta kofferten.
 Kva føler du no?
 Eit godt gjennomført løp! I mål som nummer 308 på tida 3.26.58.  Nr 30 av 148 i klassa 45-49.
 Erfaringsutveksling.
 Medalje.
Ei brikke som måler tider er festa til eine skolissa.  Ei frivillig dame hjelper med å ta av brikka og knyte skoa.

Så er det berre å gå vidare og få sportsdrikke, cola, vatn, kaffi og bananar.  Ein må fylle på med ny energi.  Eg ber sekk og trillar koffert resten av dagen.  På hotellet var det topp sørvis.  Han fekk låne dusj som høyrer til saunaen, og dei leita fram rein handduk.

Heldigare med veret kunne dei ikkje ha vore.  Det vart ein flott septemberdag!

3 kommentarer:

  1. Du får gratulere løparen med heiderlig innsats og god plassering.
    Det er så krøklete å få lagt kommentarar på bloggen din, må inn på ein annan nettlesar enn den som eg vanligvis brukar t.d. Veit ikkje kvifor det er slik.

    SvarSlett
  2. Eg har vore ute for det sjølv, men forstår ikkje kva som skjer. Eg har ikkje gjort noko nytt ...

    SvarSlett
  3. Artig å lese om Oslo-turen dykkar.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...