torsdag 8. september 2011

Ostepanne

I dag laga eg ostepanna s. 50 i Smalhans. Dei som har boka, vil sjå at eg tilsette ein ekstra ingrediens.  Dette er ei familieoppskrift, skriv Gunda, og eg forstår godt at denne har vorte ein klassikar.  Sidan eg ikkje hadde "Godt brød" i dag, serverte eg coop-kupp frå førre månad til, nemleg pølser og potetstappe (frosen).  Begge delar vart oppete ...

Det kan sjå ut som eg har vore gniten med osten, men den var riven, så den datt nedi mellom grønsakene.  Ein annan gong skal eg prøve med nokre osteskiver.

Elles så ser eg at Gunda kjem til Ulsteinvik neste laurdag 17. september for å signere bøker på Eiken klokka 13.00.

7 kommentarer:

  1. Dette ser godt ut! Eg blir så inspirert av å sjå innom bloggen din:)

    SvarSlett
  2. Det kan vere kjekt med nye impulsar. Gunda si bok er heilt nede på jorda. Det er raske og enkle rettar samtidig som dei er litt annleis enn det eg plar lage.

    SvarSlett
  3. Då skal du sjå at eg må ut i Vik og helse på Gunda! Skal forresten på Gemlis-samling på folkehøgskulen i Ulsteinvik den 21.sept.Viss ikkje så må du kjøpe ei signert bok til meg. Rg betaler den sjølvsagt sjølv.
    Mykje å gjere i pensjo-laget no i oppstarten. Møte komande onsdag. Har skrive ein notis som skal inn i avisa tysdag(påminning)-og så er det referat etterpå. Eg synest ikkje det også skal i avisa, men må gjere som eg blir bedt til. Tek det ikkje så høgtidelig lenger; er vel berre dei som har vore på møtet som les det.

    SvarSlett
  4. Eg skal ordne det viss ikkje de kjem utover!

    SvarSlett
  5. Dokke er hjartans velkomne! :-) Du var nok litt gniten med osten, ja. Det skal vere eit ganske raust lag med riven ost. For meg er dette den perfekte kveldsretten når ein har hatt ein lett middag, eller faktisk til laurdagskos. Slik fekk vi det ofte servert heime hos foreldra mine.

    SvarSlett
  6. Den 20. september er det ope hus på kaffikari med servering av smaksprøver og presentasjon av boka og meg. Dit kan du kome, Besta!

    SvarSlett
  7. Øystein hadde lansering same stad. Spørs om dei må endre browniesoppskrifta si. Vi får sette av datoen.
    Ostepanna vert heilt sikkert laga fleire gongar. Eg har ein del 300 g pakkar nedfrosne etter eit coop-kupp, skal tru om det var august ... Her brukte eg ein rest etter søndag då det skulle vere 100 g.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...