onsdag 21. september 2011

Innhaldsrik dag

I går vart ein interessant og kjekk dag på mange måtar.  Ut på ettermiddagen la eg turen over Eidet for å vere med på lanseringa av Smalhans på Kaffikari.  For å oppnå mine 10 000 steg, la eg inn ei økt med mallwalking på begge kjøpesentra.  Eg har vore på jakt etter løkplantar med tanke på konfirmasjonen til våren, men synest utvalet har vore dårleg og prisen høg.  Heldigvis kom eg over desse økonomipakningane.

Det var artig å møte Gunda!  Ho var akkurat slik eg hadde førestilt meg frå blogg og radioprogram. Bente Riise, som eg heller ikkje har helst på før, men som Øystein kjenner godt, heldt ei innleiing før Gunda slapp til. Dei fortalde om korleis boka vart til, og Gunda heldt fram med å fortelje om oppbygginga av boka.  Hovuddelen av hennar vesle foredrag, var å gjere greie for bodskapen i boka.  Når livet buttar i mot, er det lett å slurve med maten, som vi seier her.  Ein kan laga god mat og invitere vener utan at det skal gå hardt ut over økonomien.  Elles heldt ho ein lett tone og krydra med små artige historier. Det ho seier er fornuftig.

Kokkane på Kaffikari hadde laga nokre av rettane frå boka. Denne Mulligatawnysuppa har eg hatt lyst å lage, men ikkje kome så langt.  Den var kjempegod, så den skal prøvast.  Høne er det år og dag sidan eg har kokt, men kanskje det er på tide?  Det vert vel helst snøggvarianten med kyllingfilet.

Smalhans er ei bok som bør vere øvst på flyttelasset når studentane flyttar ut, meinte dei.  Eg trur det er stor skilnad på dei som har eige kjøken og dei som deler med mange. Eg trur mange vel for lettvinte løysingar.  Som mor kjenner eg på bekymringa om dei et sunt nok.  Når studenten er forkjøla, sender eg pengar til frukt og grønt.  Det er mykje helse i sunn og god mat!

9 kommentarer:

  1. Eg har tenkt å plante meir rosa og raude tulipanar, så viss eg finn ein slik pakke som den til høgre, kjøper eg. I fjor vart eg for sein å sette løkar.
    Hadde nok reist ut på Kaffi-Kari i går om eg ikkje skulle utover i morgon.Fekk ei avlysing no i kveld så vi blir berre tre i bilen i morgon.Boka til Gunda kan eg kjøpe seinare, men eg har vel nok kokebøker, kanskje?

    SvarSlett
  2. Eg skal sette mine løkar i haustferien. Einig med at dei til høgre er finast. Dei til venstre skal eg ha i eit bed der det er mange store påskeliljer frå før.
    Eg seier som Hilde at eg samlar på kokebøker, så eg unner meg ei i ny og ne ...

    SvarSlett
  3. Trur eg må ha den boka :-)
    Har du leste Glødepunkt?
    Spennande med sunnmørsforfatterar ;-)

    SvarSlett
  4. Nei, men eg har den i hus, så det kan kanskje vere noko i haustferien! Eg har møtt forfattaren i Molde ein gong på ei opplesing.

    SvarSlett
  5. Det var veldig kjekt å treffe deg, Solveig. Det einaste som var synd var at "Besta" ikkje kom. :-)

    SvarSlett
  6. Hei Solveig. Jeg har også kjøpt løker. Har Plantasjen ganske nær, og der var utvalget stort.Her er ingen blomsterbed, men jeg tenkte jeg skulle plante litt her og der. Vi trives i det nye huset,antall pappesker blir litt mindre for hver dag.Hils.

    SvarSlett
  7. Det skal eg gjere! Plantasjen har nok meir enn Mestergrønn. Kjekt at de kjem i orden!

    SvarSlett
  8. Fekk rette sorten på Blåhuset i dag.
    Blei heilt rørt over at var sakna på Kaffi -Kari.

    SvarSlett
  9. Det kjem fleire bøker frå Gunda!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...