lørdag 10. september 2011

Bok 45: Den hemmelige elven

Då eg begynte å lese denne boka, var det første som slo meg at dette vert som Mot alle vindar, den populære TV-serien.

Det handlar om å måtte stele for å overleve.  Konsekvensen er deportasjon til Australia.  Her er det i alle si interesse at folk vert frie og kan ta seg land.  Møtet med aborginarane er sterkt skildra.

Det er av og til vanskeleg å setje fingeren på kva som gjer at ein roman likevel ikkje fengjer.  Eg synest forfattaren har ein distanse til personane.  Eg vil gjerne under huda deira.  Språket er til dels poetisk, særleg mot slutten, noko som bryt med dei fryktelege hendingane.

Romanen er underhaldande, og det historiske bakteppet er interessant nok, men for meg er ikkje dette stor litteratur. Den har vunne prisar, så det kan hende blogglesarane har ei anna meining? Les gjerne meir på Bokkilden

1 kommentar:

  1. Det er såpass lenge sidan eg las denne boka, at eg hugsar ikkje all verda. Men HEILT begeistra kan eg ikkje ha vore, då hadde eg hugsa meir.Hugsar bøkene i bilde og eg ser for meg ei grøn landtunge ut i elva...det er om lag alt.
    No les eg siste Indridason, utan særlig entusiasme, og deretter skal eg lese om att Barnepiken, som kjem som film på kinoen her i oktober.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...