lørdag 30. april 2011

Til bya for å kjøpe bunad

Sidan eg sjølv har sognebunad, har eg ikkje spesilet greie på sunnmørsbunaden.  Det var nokre som fekk greie på at eg ikkje hadde bestilt til neste års konfirmant, og dei meinte at eg måtte hive meg rundt.  Folk bestiller fleire år på førehand.

Då eg kontakta ei av Hareids flinkaste damer, fekk eg høyre at eg var seint ute, men ho hadde fått ei avbestilling!  Av og til har ein vel meir flaks enn ein fortener.  Ho vil montere og sy vigraskjorte, som er ei festskjorte.  Sjølve broderinga ville ho og formidle.  De eg måtte gjere, var å skaffe ein bunadspakke.
Så i dag tok eg båten over, kjøpte ein bunadspakke, og tok første båt attende.  Der var og stoff til cape.  Denne pakken ser ut til å innehalde alt som treng til brodering.  Prisen var 5500 kroner - om nokon lurer.
Det var mykje liv i Ålesund i dag.  Der var gateløp i gågata, og der stod folk og selde tulipanar mot narkotika.  Men mest liv var der sjølvsagt på kjøpesentera.  Sjølv ser eg på det mest som ei straff å gå inne på eit kjøpesenter ein solrik laurdags føremiddag. Men eg hadde vel ein halvtime ventetid, så eg stakk innom Traktøren og kika på kjøkenutstyr.  Det er ikkje det at eg treng noko, men eg liker å sjå på kva som finst.  Det einaste eg kjøpte, var denne slikkepotten.  Eg ser Wenche bruker slike på Frukost-TV av og til.

4 kommentarer:

  1. Sunnmørsbunaden som Ørskogbunaden? Eg har den med den skjorta som er nemnd som påtegnet skjorte på Norsk Flid Husfliden sine sider - skjønar eg er lite oppdatert - det høyrest ut til å vere fleire fine skjorter!

    SvarSlett
  2. Ja, den heiter eigentleg Ørskogbunad. Ho som skulle brodere ville helst brodere Vigraskjorta, så eg let henne bestemme. Dei som har greie på det seier ho er fin. Motane med bunad skiftar også, eg ser mange kjøper seg sølvbelte - også til Sunnmørsbunad. Eg synest kanskje det vert i meste laget. Det neste vi må ta stilling til, er sølvet. På husfliden meinte dei ein burde kjøpe alt hos same "sølvsmie".

    SvarSlett
  3. Så bra at det ordna seg for dykk! Mykje enklare å berre kjøpe ein dress til gutane, og billigare....

    SvarSlett
  4. Sånn sett så er det vel ei forfordeling av jenta. Men ho har no bestekle i fleire tiår med litt justeringar.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...