fredag 19. november 2010

Jakta på råvarer

I dag såg eg Viestad og Wenche lage denne retten på frukost-TV, som eg ser i opptak. Wenche snakka også varmt om raudkål.  Kvifor berre bruke den til jul?  Og så var det desse fantastiske byggryna frå Skjåk.  Dette såg eg rett før eg skulle handle til helga.

Svinekam hadde eg ikkje forventa å finne, men eit par surra svinesteiker får gjere nytta.  På den første butikken var alle kålhovuda grøne, og byggryn kunne ein sjå langt etter.  Eg hadde bestemt meg for å berre handle på ein butikk i dag sidan vi ikkje skal vere heime i kveld.  Men så tenkte eg at det det var no fortærande å ikkje finne resten av ingrediensane.  Her var eg heldig.  Eitt raudt kålhovud låg saman med dei grøne.  Men så var det byggryn.  Eg leita alle plassar det var naturleg å leite.  I dag orka eg ikkje å mase på dei som jobba der.  Viss nokon har tips om kvar ein får kjøpt byggryn her, må de berre gje meg eit hint, gjerne anonymt!

Ja, så er det berre å slå fast.  Ein kan få kjøpt haugar med ferdigmiksa brødblandingar og kakeblandingar, men råvarer er det dårlegare med!  Kor mange ulike müsliar og påleggssalatar treng ein? Vaffelmiks har dei i fleire variantar. Eg misunner dei som har ein innvandrarbutikk med alle mulege spennande grønsaker og frukter i nærleiken!

Eg forstår sjølvsagt at frukt og grønt er krevjande varer.  Vaffelmiks held seg mykje lenger.  Men kvifor ikkje heller sette ned prisane på frukt og grønt rett før dei begynner å tape seg?  Andre varer vert brukte til lokketilbod utan særleg forteneste!

Elles hadde det vore interessant å vite kor mykje raudkål og byggryn folk har kjøpt i dag!  Let folk seg inspirere?

Trøysta får vere at ingen her i huset kjem til å klage på at dei får poteter og brun saus i staden for byggryn ...

11 kommentarer:

  1. Eg såg ein dag at dei laga pannekaker med ca halvparten byggmjøl dvs.Skjåkmjøl. DET fann eg ikkje i butikken, så eg måtte kjøpe vanlig byggmjøl. Byggryn brukar eg aldri, men eg veit at Margrete har brukt det i brennsnut eller liknande supper.Det går også an å lage "riskrem" med byggryn, men eg har aldri gjort det. Raudkål og surkål laga ein alltid sjølv før i tida, men no er det så lettvint å kjøpe ferdig. Kan også hugse at eg laga "surkål" av rabbe. Mange gamle rettar blir gløymde.

    SvarSlett
  2. Eg er einig i alt du skriv! Eg får aldri sett frukost-tv, men kanskje nett-tv er tingen? Ein ting som har undra meg, er kven som kjøper dei ca. 20 forskjellige hus/hage/interiør-blada på Mega. Galskap. Kvifor ikkje ha eit par av dei,og så eit par av noko anna, t.d. quiltemagasin frå utlandet? Eg har fått sansen for Ingers rugbrød igjen, så no er det reine lekkerbiskenen for meg. Må legge om kosthaldet ganske kraftig, etter oppmoding frå "høgaste hald", og begynne med "rørsle". Har hatt 3 ein-times-turar på glatta dei 3 siste kveldane. Godt ein ikkje er beinskjør. Men godt gjer det. Så no kjem eg snart i foreningen, du veit!

    SvarSlett
  3. ps: Kan du legge gamlebloggen din øverst på sida, slik at det er lett å klikke seg inn på alle dei kjekke oppskriftene?

    SvarSlett
  4. Såg forresten at dei hadde røykt svinekam på Coop i går.Det er veldig godt, men eg kan ikkje fylle frysarane meir opp.Coop Mega her har bra utval av det meste.

    SvarSlett
  5. Tru om byggris gjer same nytta som byggryn, er naturleg framstilt av byggryn. Koketid 15 min, boil-in-bag, Møllerens.

    SvarSlett
  6. Byggris har eg og tenkt å prøve etter ei anbefaling. Då veit eg kva merke eg skal sjå etter. Tippar dei har det på Mega. Her har vi berre Prix, ein relativt stor rett nok.
    På hotellet fekk vi både vanleg riskrem og byggkrem i fjor til dessert etter julemiddag.
    Link til gamlebloggen skal bli! Eg er ikkje ferdig med mekkinga. Reprisar kjem sikkert også! Neste gong eg lagar sveler skal eg lage ei ryddig oppskrift.
    Så får vi sjå korleis denne bloggen blir!

    SvarSlett
  7. Er innvandrarbutikken på Hareid vekke? Der handla eg mykje då eg var heime oftare enn eg er no. Den var fin! Byggris brukar eg ein del, fint som variasjon til couscous eller bulghur.

    SvarSlett
  8. Den vart vekke for mange år sidan. I Ulsteinvik var der ein, men den har flytta litt avsides til Kyrkjegata jfr plakaten. Eg er ofte på handel nærare sju då sentera stenger, så då er ofte vanlege butikkar stengde. Men eg har det på planen ...

    SvarSlett
  9. Tenk om dei kunne slå til med ein butikk med stort utval når Coop startar opp i Furene! Der hadde det gjort seg med ein innvandrarbutikk! Tippar mange tek turen dit når der også kjem Plantasjen. Tunnelen vert vel nedbetalt på eit blunk, og så kan ein spare endå meir!

    SvarSlett
  10. Det er planlagt ein stor Coop Obs i Furene. Det er berre det at viss handelen aukar i Furene, minkar det ein annan stad. Og ein vert meir og meir avhengig av bil.Vi har heldigvis Kiwi i gangavstand. Likevel handlar vi mest på Coop fordi det ligg på Amfi, og fordi dei har godt utval.

    SvarSlett
  11. Håper dei tek handel mestfrå Moa ...

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...