fredag 23. mars 2012

Gratulerer Ingeborg!

I dag kan vi gratulere Ingeborg med 19-årsdagen!  Vi håper og trur at ho har ein fin dag i London!  Eg har ikkje tatt meg tid til å leite etter gamle bilde, så ho slepp unna med eit eg fann på facebook!

Det følgjer vel ingen rettigheiter med det å bli 19, men det er vel i den alderen at mange tek eit viktig vegval.  Det skal bli spennande å sjå kva Ingeborg slår inn på!

ORD,Ord,ord

Det brakar laus med norsktentamenar i tiande neste veke.  Temaet er ORD, Ord, ord.  Kvifor bruke engelsk når det finst så mange gode adekvate synonym?   Her finn ei liste med forslag til avløysarord.

Som blogglesarane veit, meiner eg at ein snarast bør innføre aksessoarar som normal skrivemåte, slik at uttalen vert rett.  Den siste eg høyrde seie assesoarer var ein programleiar på Frukost-TV. Ein skulle tru der var så mange som arbeider rundt eit program - ein bør vel ikkje bruke ordet team her - at nokon greip inn.

torsdag 22. mars 2012

Risotto

 Middagen i dag begynte eg å lage på 80-talet då eg underviste på barnetrinnet.  Oppskrifta fann eg i Liv og røre, om nokon hugsar den.
No tek eg oppskrifta frå hovudet.
 Det er vel mange middagar som startar med at ein steiker kjøtdeig og løk.
Denne dunken med fem kilo ris kjøpte eg på Sunnmøre folkebutikk for 95 kroner.  Det får vere dagens reklame.
I dag hadde eg i ein boks bønner i chilisaus. Ein kunne kanskje kalle den mexikansk gryte like godt som ferdigmatindustrien gjer det?  Det er lurt å bruke pengar på gode ingrediensar i staden for posar med pulver. Her er det berre å krydre og tilsette ingrediensar etter eige ønske!

onsdag 21. mars 2012

Arbeidsveke

Niandeklassingane har arbeidsveke, eller praktisk yrkesorientering, denne veka.  Frøkna har fått seg jobb i lokalavisa.  Aller helst ville ho nok arbeidd som veterinærassistent.  Men det er ho for ung til.

Yrke går ikkje i arv no som før i tida då ein arva eit gardsbruk eller fekk opplæring i eit praktisk yrke.  Likevel dett vel mange ikkje så langt frå stammen.  Eg bruker å spørje elevane eg har i mat og helse kva yrke dei trur mi mor og mormor hadde.  Lærar pluss kokk - er det lik mat og helselærar.  Kva eg har arva frå farmor som dreiv eit lite småbruk?  Utsjånaden vil kanskje slekta seie.  Særleg dyreinteressert har eg ikkje vore.  Katt vil eg gjerne ha, men det er nok.  Eg vert skulda for å ha eit praktisk syn på det meste.  Kanskje det er der det ligg.

I slekta vår er det mange lærarar, så eg oppmodar borna om å prøve noko anna.  Før sa ein at ein kunne ta lærarskulen, og så kunne ein alltids bli noko anna.  No kan ein studere og alltids bli lærar med eitt års pedagogikkstudium.

Elevane no er heldige.  Dei får drive med jobbskygging i tillegg til hospitering rundt om på skulane.  Mulegheitene er fleire enn dei var for oss, noko som ikkje gjer valet enklare.

tirsdag 20. mars 2012

Kan ein brette opp armane?

Solveig, heiter det eigentleg arm eller erm?


Nokre spørsmål vert ein norsklærar meir glad for enn andre.  I daglegtalen bruker mange berre arm. Eg prøver å oppmode folk om å bruke ordlista.


erm
erm -a [-i], -ar [-er] (norr ermr; av I arm) stykke av kledeplagg som dekkjer armane skjortee- / kjole med korte, lange e-ar 



arm
I arm m1 (norr armr)
1 framlem hos menneske og aper; hand (1) ha vondt i a-ane / gå a- i a- / halde noko på strak a- / ta imot (noko(n)) med opne a-ar særl overf: med største glede / kaste seg i a-ane på nokon særl overf: gje seg heilt over til
2 zool: gripe- el. rørslelem på ryggbeinslause dyr a-ane på blekkspruten
3 del av reiskap, ting e l som minner om ein arm (I,1) el. greinar seg ut frå noko a-ane på ei trillebår / ein a- av ein fjord / ein lysestake med sju a-ar


Eg forklarte fort at erm er ein del av eit klesplagg medan arm er ein kroppsdel.  Den same jenta trekte på smilebandet då eg sa at ein kan ikkje lett brette opp armane.  Sjå det for deg, så skriv - og seier du - alltid å brette opp ermane.

mandag 19. mars 2012

Bok 16: Dødelige dråper

Denne boka fann eg på biblioteket førre måndag, og eg må innrømme at eg ikkje hadde så store forventningar til thrilleren.

Eg-personen i boka, Mia, er ein journalist med ein utru ektemann.  Eg såg straks parallellen til Liza Marklund sine romanar.  Mannen heiter attpåtil Thomas.  Språket verkar platt med klisjéar som rygge bakover og   øredøvende stillhet.  Men så reiser Mia til Brasil på frilansoppdrag.  Her møter vi paret Frank og Heidi.  Han har sett alt han eig i pant for å tene seg rik på olje.

Vi vert dregne inn i ei spennande historie i eit land der ting fungerer på ein annan måte enn her i landet.  Forfattaren skildrar personar og miljø med brodd og ironi.

Det forundrar meg ikkje at forfattaren har budd i Rio de Janeiro og jobba som PR-rådgjevar i eit oljeselskap. Det er viktige tema ho tek opp.

Nye bøker

Det har begynt å bli ein vane å køyre frøkna på korpsøving på måndagane før eg stikk innom biblioteket.  I dag var der nye lydbøker. Eg har begynt å venje meg til i-poden. No er neste utfordring å få lasta ned i-tunes på den nye datamaskina. Blogglesarane må gjerne anbefale ei eller fleire av bøkene ovanfor!

Med den gamle datamaskina forsvann lydbokbiblioteket mitt.  Det var like greitt.  Så vert det meir orden.  Men det er også greitt å lage seg eit lite nytt eit.
Hekleboka lånte eg for å finne oppskrifter på hekla blomster til nokre elevar som ville pynte tøflane sine med det.

søndag 18. mars 2012

Blått er flott!

 I dag var det frøkna som bestemte fargane på bordet.  Gryteunderlaget har eg strikka for å sjekke kvaliteten på rimeleg garn.  Iglogarnet som før var godt å strikke tøflar av, har endra seg.  Garnet på Nille er av same kvalitet.  Så vi har kome fram til at vi må satse på Raumagarn til tøflar.  Når det gjeld garn, heng pris og kvalitet godt saman.  Eg er samd med mor mi i at det ikkje er vits å bruke tid på å strikke med dårleg garn. Til gryteunderlag kan ein vel gjere unnatak.
 På menyen i dag stod det svinekotelettar med tradisjonelt tilbehør.  Frøkna har laga fruktsalat med yoghurtkrem til dessert.
Vårkjensla varte ikkje lenge.  I dag har det snøa her.  Heldigvis smeltar snøen etter kvart.

lørdag 17. mars 2012

Primula Botanic veris Victoriana II

I mettermiddag har eg vore ute i hagen ei lita økt.  Sjå kva som har tenkt å blomstre!  I fjor i april kjøpte eg tre slike plantar.  Eg planta dei ut i eit bed i håp om at dei skulle kome att.  Og det har to av dei gjort! No har eg lagt litt ekstra jord rundt dei.

fredag 16. mars 2012

Prisfest?

Ærendet i byen i dag var eit par sko til yngstemann.  På Amfi var det prisfestdagar med store plakatar, ballongar og barnepass til barn i rette alderen.  Dei kunne sitte rundt eit langbord og "forme" slik at foreldra, helst mor det eg kunne sjå, fekk handle i fred og ro.

På ein butikk var det posesal der ein kunne fylle eit nett med klede for 300 kroner.  Det var helst jenteklede såg vi, og var glade for at vi sette frøkna att heime.

No lurer vel kanskje blogglesarane på kvifor der er bilde av to skoøskjer når vi berre skulle ha eitt par sko?  Jau, trur de ikkje ein fekk halv pris på skopar nummer to?  Det eg lurer på, er om eg har fått 50% rabatt, eller eigentleg ca. 20 %, sidan rabatten var på det billegaste paret? 

Eg må vel berre innrømme at det ikkje var guten, men mora som ivra mest for det andre paret ...

torsdag 15. mars 2012

Pizzasnurrar

 Inspirasjonen til å bake pizzasnurrar fekk eg på Sunnmøre Folkebutikk.  Dei hadde store glas (675 g) med soltørka tomatar for 25 kroner.
 Dessutan fann eg freistande chili i litt forskjellige fargar.  Ein kunne verte freista å pynte med dei! Eg trut nok dei er litt sterkare enn den vanlege varianten, så her må det finhakking til!
 Deig:
1/2 pk gjær
3 dl lunka vatn
1 -2 ms olje (eg tok frå glaset)
1/2 ts salt
1 1/2 dl sammalen kveite, grov
ca. 6 dl sammalen kveite

Lag vanleg gjærdeig.  Hev til dobbel storleik.

Fyll:
1 dl cottage cheese
2 ms olje (eg tok frå glaset)
1 raud chili utan frø
15 marinerte soltørka tomatar, grovhakka
2 ts tørka basilikum eller 15 friske blad, hakka
2 båtar kvitløk
2 dl riven ost
(1 dl pinjekjernar eller solsikkefrø)

Bland saman fyllet.
Fordel det over deigen som du har kjevla ut.
Rull saman og del i 16 bitar.
Etterhev.
Steik ved 220 grader midt i omnen i ca. 20 min.

onsdag 14. mars 2012

Guava

 Då vi besøkte studenten i Oslo første gongen, budde han på Grønland.  Eg gløymer ikkje innvandrarbutikken der!  Grønsakdisken utanfor var full av spennande frukter og grønsaker.

Utvalet på Hareid (Sunnmøre Folkebutikk)er ikkje så stort enno.  Men eg fann ei frukt eg ikkje har smakt før. Eigaren sa den smakte litt som pære.  Kiloprisen var relativt høg, 60 kilo trur eg.  Ei frukt kosta i alle fall 17 kroner. Frøkna og eg delte den, og var samde om at pæresamanlikninga ikkje var så dum.



tirsdag 13. mars 2012

Samansette tekstar

Det er rein luksus for ein lærar å få setje seg på skulebenken ein heil dag og overlate elevane sine til andre.  Varm lunsj fekk vi og.

Temaet i dag var samansette tekstar.  Vi fekk lære ord og uttrykk for analyse av slike tekstar, alt frå trykt reklame til små filsnuttar.  Filmsnutten under bør ein kjenne klassa si før ein eventuelt viser dei den.  Det er ikkje lenge sidan vi fekk den presentert av Fosterheimskampanjen.  Når ein analyserer den, ser ein stadig nye element.  Legg t.d. merke til armbandet.


I Noreg er det eit stort behov for fosterheimar ...

Det skjer mykje innan norskfaget og pedagogikken for tida.  Til hausten kjem ein revidert norskplan.  Det skal verte spennande.  I dag har eg i alle fall lært noko nytt eg kan ta med meg inn i undervisninga!

mandag 12. mars 2012

Bok 15: Brente skygger

Då eg hadde lese denne boka, tenkte eg: Dette må vere ein såkalla bestseljar.  På Bokkilden står der "Internasjonal boksuksess".  


Det opnar godt med forteljinga frå Nagasaki 1945. Hiroko har forlova seg med ein tysk mann.  Så fell bomba, og ho vert merka for livet.  Av han er det berre feittskuggen att.


Ho reiser til Pakistan.  Og her begynner oppskrifta på ein bestseljar: To familiehistorier vert knytt saman over tid og over kontinent.  Forfattaren vil så mykje, så har vert det mykje handling og lite djupn, meiner eg.  Personane er skildra utan at ein kjem under huda på dei.  

Språket er heller ikkje tøft nok til handlingane etter mitt syn.  Eg synest det har vore skrive betre bøker frå til dømes Afganistan før.

Andre trekkjer fram superlativa når dei omtalar denne boka.  Blogglesarane må gjerne gjere seg opp si eiga meining.  Kjedeleg er romanen ikkje.




søndag 11. mars 2012

Fiskegrateng

Dagens middag er inspirert frå eit matprogram eg såg i sommar der ein TV-kokk laga fiskegrateng med grønsaker i staden for makaroni.  Blogglesarane får berre inspirasjon i dag, ikkje oppskrift.

Tradisjonelt lagar ein fiskegrateng med litt fisk og heller rikeleg med makaroni.  Har ein rikeleg med fisk, er det ingen grunn til å spare.  Fisk er sunt og godt.  Ein kan bruke restar av kokt fisk eller la rå fisk koke med i den kvite sausen.  Eg kvitta meg med ein halv pakke grøne erter i dag.  Elles brukte eg seks eggeplommer i sausen og bretta inn seks stivpiska eggekvitar til slutt.  På toppen brukte eg riven ost.

Skulle eg ha gjort noko annleis, ville eg hatt litt riven ost i sausen og.  Det gir god smak.  Gratengen begynner å nærme seg sufflé ... Det hadde sikkert smakt godt med blomkål i gratengen.

Eg brukte den raude gryta mi til form, og såg fort at det vart rikeleg med mat.  Derfor kutta eg ut potetene og serverte berre rivne gulrøter til.

Ein ting eg har merka meg på Hareid er at kvar gong det er snakk om fiskegrateng, er det nokon som hardnakka hevdar at det heiter kreteng. Skal tru kven som har lært dei det?

lørdag 10. mars 2012

Nytt strikketøy

 I går bestemte eg meg for å sjå etter eit nytt strikketøy, gjerne i garnet "Hverdags".  Dette garnet er høveleg tynt til kle ein kan gå inne med på jobb.  Jakker er spesielt greitt å slenge av seg på skulekjøkenet der eg har liggande ei høveleg jakke som toler mykje vask.
Dette mønsteret er i eit anna garn med same strikkefastheit.  Fargane ser litt annleis ut enn namnet på dei tilseier.  Eg valde fargar i "Hverdags" som liknar fargan slik dei ser ut på bildet, om de forstår kva eg meiner.  På den måten vart det tre av fargane på førre prosjekt, noko som sjølvsagt er økonomisk og praktisk med omsyn til restar.

fredag 9. mars 2012

Trondheimssuppe

Det vart att nokre restar av "grov" ris, som eg hadde kjøpt på Sunnmøre Folkebutikk, etter middagen ein dag.  Eg hadde funne ei flaske ripssaft i frysaren.  kanskje det var ein tur innom gamlebloggen min som gjorde at eg fekk så lyst på denne merkelege suppa?

I l vatn
1/2 dl ris grautris (eller anna/restar)
1/2 pk svisker

1 dl mjølk
2 ts kveitemjøl
3/4 dl ripssaft
1-2 ms sukker
2/3 dl fløyte eller rømme

1. Kok vatn og ris i 20-30 minutt.  Sviskene skal koke med 15 minutt av desse.
2. Lag jamning av mjøl og mjølk.
3. Ha i resten av ingrediensane unntatt rømmen, og la suppa koke nokre minutt til.
4. Ha i fløyte/rømme ved servering.

Eg ser at enkelte brukar rosiner i suppa.  På Mega hadde dei nokre store som sikkert hadde eigna seg.

Dette er nok ei suppe som høver for oss på 40+.  Eg lurer på om det ikkje hadde vore godt å kokt med litt heil anis eller kanel?

torsdag 8. mars 2012

Retro

 Eg har ikkje lagt meg opp noko nytt strikketøy enno.  Før eg kjem så langt, så kan eg no studere oppskrifter i dei nye bøkene mine.
 Denne jakka i retrostil var det noko kjent med.
Mor mi strikka denne til meg då eg gjekk siste året på ungdomsskulen.  Bildet er frå juni 1979.

Om eg kjem til å strikke meg ei ny slik jakke, veit eg ikkje.  Eigentleg har eg lyst til å finne ei oppskrift på ei jakke i ganske tynt garn.

onsdag 7. mars 2012

Rundstykke med brødkrydder

Eg er inne i ein periode då eg prøver å redusere matlagra mine, spesielt frysarane.  Eg treng plass til kaker og anna i høve konfirmasjonen i mai. Det meste av middagsmaten kjem derifrå, og vi lever ikkje dårleg.  Det begynner faktisk å gje resultat.  Men så har eg også fått plass til litt gjærbakst.  Heldigvis går det fort å tøme frysaren for brød og rundstykke.
Inspirert av Knallgode brød laga eg smakfulle rundstykke i helga.

Om skålding
Skålding vil seie at ein heller kokande vatn over mjølet.  Mjølet vil suge til seg meir væske, og det vert utvikla smaks- og aromastoff.  Brød som er bakt med skålding, vil smule mindre og verte saftigare.

1/2 kg kveitemjøl
75 g smør
1 ms brødkrydder/ knust anis og fennikel
1 liter kokande vatn

1 pk gjær
2 egg
2 ts salt
2 ms sirup/maltekstrakt/brunt sukker (kan sløyfast)
kveitemjøl til passeleg deig

1. Skåld mjølet og krydderet og la dette stå i bolle med lok over til det har nådd romtemperatur, ca 3 timar.
    (Er du utolmodig, kan du bruke romtemperert væske og knuse krydderet finare.)
2. Smuldre deigen over det andre.  Ha i egg, salt, ev søtstoff og 15 dl kveitemjøl til å begynne med.
3. Lat maskina arbeide deigen til han slepper bollen og ser fin ut.  Deigen bør vere lausare enn til brød.
4. Hev opp til kanten av bollen viss du bruker ei Kenwoodmaskin som eg gjer.
5. Trill ut 32 rundstykke fordelt på to plater.
6. Hev rundstykka ca 1/2 time.
7. Steik rundstykka midt i omnen ved 225 grader ca 15 minutt.  Her må ein kjenne omnen sin.
Eg fekk redusert brødkrydderlageret mitt til ein boks ...

tirsdag 6. mars 2012

Bok 14: Jeg skal gjøre deg så lykkelig

I denne romanen teiknar forfattaren eit godt tidsbilde. Ho skildrar miljøet i eit burettslag der dei fleste kvinner er heimeverande.  Ei har fryseboks.  Ei kjem frå England og lagar rettar av rimeleg norsk innmat. Ei har ein mann som er selgar for Toro.  Suppeposar er nytt i denne tida.  Der kjem ein støvsugarseljar  som går på dørene og ein som sel kikhol til dørene.

Nils Ole Oftebro les denne boka godt.  Om det er stor litteratur, kan vel diskuterast, men underhaldningsfaktoren er stor. Romanen er lettlesen.

Medan eg las, tenkte eg at Anne B. Ragde og Amalie Skram (Avkom) begge diskuterer ekteskapet i kvar si tid. I 1965 har kjærleiksekteskapet vunne fram, men er folk lukkelege? Kvinnene er enno ikkje sjølvstendige.  Ein mann kunne tenke seg å arbeide frå heimen i tillegg til å gjere husarbeidet, men vil kona det, ho som kunne hatt si eiga karriere?

Eg trur dette er ein roman som dei som har opplevd 60-talet vil like.

mandag 5. mars 2012

Kvardagsvest

Denne vesten strikka eg i eit garn som heiter Hverdags.  Eg fann ei oppskrift på ein genser på Drops design og rekna om strikkefastheita ved å gonge med 27 og dele på 24. Vesten er felt jamnt inn i livet og lagt ut att i sidene.  Til brotet på ermane la eg opp og felte inn som på bolen. Det vart mykje matematikk! Med så tynt garn og pinnar nr 2,5 og 3 vert dette eit godt plagg å ha på seg på jobb.

søndag 4. mars 2012

Søndagsmiddag?

I veka som var stod det svinekotelettar med omnsteikte grønsaker og sjokoladefromasj til dessert på menyen.  Eg spurte ei av gruppene om det ikkje kunne vere ein god søndagsmiddag.  Det verka som dei ikkje forsto omgrepet.  Det var kanskje større skilnad på kvardagsmiddag og søndagsmiddag før.  Eg diskuterte det med ein kollega, og ho meinte at for berre ti år sidan kunne ein gå søndagstur og kjenne brunesauslukta i bygda.  No står det vel andre rettar på menyen?

Her vart det i alle fall norsk tradisjonsmat i dag, lammefrikassé.  Eg sjekka oppskriftene i begge dei raudruta kokebøkene.  Dei var heilt like.  Men eg har aldri brukt nellikspikar i krafta før. Eg serverer alltid sausen ved sida av.

Det er interessant å studere dei to kokebøkene. Dei fortel mykje historie. I den nye er der til dømes gulrotkake og tiramisu.

Vår!

 Dei første dagane i mars har stort sett vore fine her på Sunnmøre.  Eg har tatt fram sykkelen, eit sikkert vårteikn.  Rundt om i hagen har det dukka opp snøklokker.  Flest er det ved sida av ei Westerlandrose.  Dei har vel hatt gode vilkår.
 Det er kjekt når primulaene får eit nytt liv ute.  Eg veit ikkje kor gammal denne er.
 I går fekk eg så vidt rydda litt i beda.  Eg prioriterte å få narsissane i potter.  Dei står ganske lunt ved inngangspartiet under altanen.
Rundt om i hagen ser eg at det kjem opp små løkar frå potter frå tidlegare år.  det er alltid spennande å sjå kva som har klart vinteren!

I dag har to av nevøane mine fødselsdag.  Vi gratulerer og Ingar på Kongsberg med toårsdagen og  Per Helge i Molde med 23-årsdagen!

lørdag 3. mars 2012

Tutti-frutti-kompott

I den nye raudruta kokeboka frå 2010 såg eg ein freistande dessert, nemleg tuttifruttikompott.  Desserten er presentert med eit flott bilde.  Eg kunne ikkje hugse å ha sett den i 1986 utgåva, men der tok eg feil.
I kjøleskåpet hadde eg både rikeleg med pærer, eple og nokre sure plommer.  Kanelstenger kjøpte eg på halv pris etter jul ...

Eg starta med å koke dobbel porsjon med lake.  Dette dekte ikkje dobbel porsjon med frukt (Plommene var store, så eg dobla ikkje der.), så eg kokte frukta i to porsjonar med minste mengde sukker og litt sitronsaft.  No har eg smakt på både lake og frukt.  Det var litt surt!

På skulekjøkenet sluttar eg som regel av med å spørje elevane kva dei har lært i dag.  Eg trur det er viktig for dei å seie at dei har lært å lage noko.  Av og til seier nokon kva dei har lært at dei ikkje skal gjere.  I dag har eg lært at eg må ha litt meir sukker i tuttifruttien!  Eg kjem til å servere vaniljeis til i staden for krem.  Elles vil eg prøve med fleire krydder i.  Heil anis i laken ville vel bli godt?

Bok 11, 12 og 13

Blogglesarane trur kanskje at eg har lese lite i det siste.  Det stemmer ikkje heilt.  Eg har nemleg lese dei tre siste romanane i Hellemyrfolket.

Hellemyrsfolket:
I norsk litteraturhistorie vert Hellemyrfolket rekna som det mest typiske innan naturalismen. Som ein hugseregel vert det sagt at i realismen grov ein i møkka, medan i naturalismen bada ein også i den.  Det betyr ikkje at desse bøkene er tunge å lese. Alle bøkene handlar om same familie, eller familiar, i fleire generasjonar.  I den siste diskuterer forfattaren ekteskapet med å kome med mange døme.  Slik les i alle fall eg det.

Eg anbefaler alle litteraturinteresserte å lese dette viktige verket i norsk litteraturhistorie, gjerne som lydbok.  Opplesaren les godt alle dialektar og sosiolektar.

fredag 2. mars 2012

Sjokoladefromasj

I kokeboka som niandeklassingne får, er der ikkje så mange dessertar.  Der er ein fromasj, nemleg med sitron.  Den er populær.  Eg har laga oppskrift på ein sjokoladefromasj med appelsinjus (Vi pressar appelsinar.).  Denne liker også elevane godt. Heime ville eg ha gonga oppskrifta med tre og brukt heile sjokoladeplata.  Eg har også merka meg at ungdomane stort sett liker lys kokesjokolade.  Sjølv liker eg best mørkast muleg. Bildet er frå skulekjøkenet.





Sjokoladefromasj

3 plater gelatin

2 egg
1 ½ ms sukker

2 ms kokande vatn

¼ plate kokesjokolade

2 ms appelsinjuice

1 dl kremfløyte


1.    Legg gelatinplatene i bløyt i kaldt vatn i eit ½-litermål av stål.
2.    Kok opp litt vatn i ei lita stålpanne.
3.    Riv sjokoladen.
4.    Visp eggedosis av egg og sukker.
5.    Pisk fløyten til mjuk krem.
6.    Klem vatnet godt ut av gelatinen og løys han i 1 ms kokande vatn.
7.    Rør gelatinen (tynn stråle!) inn i eggedosisen med slikkepott.
8.    Rør forsiktig inn sjokolade og appelsinjuice.
9.    Bland forsiktig inn kremen til slutt.
10. Ha fromasjen i ei dessertskål og set han i kjøleskåpet til 
              servering.

torsdag 1. mars 2012

Bokpakke i posten

 I dag har eg vore på foreldremøte og foredrag om sjølvtillit i regi av Sterk og klar.  Etterpå henta eg pakken som endeleg hadde kome i posten.  heldigvis fekk eg alle bøkene eg hadde bestilt! Eg skal presentere dei etter kvart.
Eg kjøpte eit nytt eksemplar av den raudruta kokeboka.  Mi, 2. utgåva frå 1986 er, som de ser, velbrukt.  Den nye har eg lyst å studere, og så kan den kanskje bli frøkna sitt oppslagsverk.  Her er det meste av det ein treng når ein flyttar for seg sjølv.
 Om ikkje så lenge skal eg lage eit nytt undervisningsopplegg om tallerkenmodellen.  Dette kapittelet er endra.
 Temaet er det same, men presentasjon og innhald endra.
 Belgfrukter.
 Søt gjærbakst med bilde av lussekattar.
Denne kaka freista.  Den liknar på Kvæfjordkake, men med mangofyll.

Prisen? 199 kroner på Mammutsal på Ark.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...