torsdag 22. mars 2012

Risotto

 Middagen i dag begynte eg å lage på 80-talet då eg underviste på barnetrinnet.  Oppskrifta fann eg i Liv og røre, om nokon hugsar den.
No tek eg oppskrifta frå hovudet.
 Det er vel mange middagar som startar med at ein steiker kjøtdeig og løk.
Denne dunken med fem kilo ris kjøpte eg på Sunnmøre folkebutikk for 95 kroner.  Det får vere dagens reklame.
I dag hadde eg i ein boks bønner i chilisaus. Ein kunne kanskje kalle den mexikansk gryte like godt som ferdigmatindustrien gjer det?  Det er lurt å bruke pengar på gode ingrediensar i staden for posar med pulver. Her er det berre å krydre og tilsette ingrediensar etter eige ønske!

2 kommentarer:

  1. Den sorten risotto vaks eg og opp med. Men no har eg gått på matlagingskurs og lært denne varianten, som er veldig god: http://altgodt.wordpress.com/2009/06/07/heilsteikt-kylling/

    SvarSlett
  2. Sikkert noko heilt anna! Mi er meir eit alternativ til posemat ... Eg har aldri laga risotto av risottoris, sikkert på tide ...

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...