tirsdag 6. mars 2012

Bok 14: Jeg skal gjøre deg så lykkelig

I denne romanen teiknar forfattaren eit godt tidsbilde. Ho skildrar miljøet i eit burettslag der dei fleste kvinner er heimeverande.  Ei har fryseboks.  Ei kjem frå England og lagar rettar av rimeleg norsk innmat. Ei har ein mann som er selgar for Toro.  Suppeposar er nytt i denne tida.  Der kjem ein støvsugarseljar  som går på dørene og ein som sel kikhol til dørene.

Nils Ole Oftebro les denne boka godt.  Om det er stor litteratur, kan vel diskuterast, men underhaldningsfaktoren er stor. Romanen er lettlesen.

Medan eg las, tenkte eg at Anne B. Ragde og Amalie Skram (Avkom) begge diskuterer ekteskapet i kvar si tid. I 1965 har kjærleiksekteskapet vunne fram, men er folk lukkelege? Kvinnene er enno ikkje sjølvstendige.  Ein mann kunne tenke seg å arbeide frå heimen i tillegg til å gjere husarbeidet, men vil kona det, ho som kunne hatt si eiga karriere?

Eg trur dette er ein roman som dei som har opplevd 60-talet vil like.

4 kommentarer:

  1. Boka er lettlesen og gir godt tidsbilete, men eg følte at alle detaljane blei pådytta, om du forstår. T.d. globoidøskja, korleis ho såg ut. Det blei litt kunstig. Blir litt på same måten i Erobreren også, men det er annleis med film.

    SvarSlett
  2. Denne boka har eg ikkje lese enno, men eg plar ikkje vere overbegeistra for Anne B. "Erobreren " har eg lese, og eg stiller meg litt uforståande til at filmen får såpass dårlig kritikk.

    SvarSlett
  3. Erobreren har eg til gode å lese. Bøker har mykje med forventningar å gjere. I dette tilfellet forventa eg ikkje høgverdig litteratur ...

    SvarSlett
  4. Nå ble jeg nysgjerrig ;) En gang jeg trenger noe lett, blir denne et godt alternativ :)
    Ha en glad dag :)
    Pia

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...