onsdag 21. mars 2012

Arbeidsveke

Niandeklassingane har arbeidsveke, eller praktisk yrkesorientering, denne veka.  Frøkna har fått seg jobb i lokalavisa.  Aller helst ville ho nok arbeidd som veterinærassistent.  Men det er ho for ung til.

Yrke går ikkje i arv no som før i tida då ein arva eit gardsbruk eller fekk opplæring i eit praktisk yrke.  Likevel dett vel mange ikkje så langt frå stammen.  Eg bruker å spørje elevane eg har i mat og helse kva yrke dei trur mi mor og mormor hadde.  Lærar pluss kokk - er det lik mat og helselærar.  Kva eg har arva frå farmor som dreiv eit lite småbruk?  Utsjånaden vil kanskje slekta seie.  Særleg dyreinteressert har eg ikkje vore.  Katt vil eg gjerne ha, men det er nok.  Eg vert skulda for å ha eit praktisk syn på det meste.  Kanskje det er der det ligg.

I slekta vår er det mange lærarar, så eg oppmodar borna om å prøve noko anna.  Før sa ein at ein kunne ta lærarskulen, og så kunne ein alltids bli noko anna.  No kan ein studere og alltids bli lærar med eitt års pedagogikkstudium.

Elevane no er heldige.  Dei får drive med jobbskygging i tillegg til hospitering rundt om på skulane.  Mulegheitene er fleire enn dei var for oss, noko som ikkje gjer valet enklare.

2 kommentarer:

  1. I mi tid var det antan Universitetet eller Lærarskulen i Volda. Eg vart i si tid immatrikulert ved universitetet i Bergen, men torde aldri å begynne der. Dermed vart det Volda. Då eg var ferdig der, visste eg kva eg hadde lyst til, nemlig journalistyrket. Men då var toget gått.Dei er heldige dei som veit kva dei vil.

    SvarSlett
  2. Spørs om det blir på yrkestoppen blant barnebarna?

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...