søndag 18. mars 2012

Blått er flott!

 I dag var det frøkna som bestemte fargane på bordet.  Gryteunderlaget har eg strikka for å sjekke kvaliteten på rimeleg garn.  Iglogarnet som før var godt å strikke tøflar av, har endra seg.  Garnet på Nille er av same kvalitet.  Så vi har kome fram til at vi må satse på Raumagarn til tøflar.  Når det gjeld garn, heng pris og kvalitet godt saman.  Eg er samd med mor mi i at det ikkje er vits å bruke tid på å strikke med dårleg garn. Til gryteunderlag kan ein vel gjere unnatak.
 På menyen i dag stod det svinekotelettar med tradisjonelt tilbehør.  Frøkna har laga fruktsalat med yoghurtkrem til dessert.
Vårkjensla varte ikkje lenge.  I dag har det snøa her.  Heldigvis smeltar snøen etter kvart.

3 kommentarer:

  1. Der fekk eg svar på noko eg har lurt på.
    Har strikka nokre par tovatøfler av Nilletråden, men det virka som den blir fort sliten.

    Så no har eg tenkt å skifte. Då er Raumagarn å føretrekke altså ?
    Einig med mor di, når ein skal bruke tid på strikk så må det vere skikkeleg.
    Og skuldra mi tillæt ikkje mange par i året :(

    Takk !

    SvarSlett
    Svar
    1. Raumagarn er i alle fall godt, både dobbel finull og vamse(?)garn.

      Slett
  2. Fint pynta og vårleg bord!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...