fredag 15. juli 2011

Natteliv

 Eg går meg gjerne ein tur rundt huset når det går mot natt.   I dag utstyrte eg meg med fotoapparat i tilfelle der var noko eg ville forevige.  Eg høyrde noko som tasla, og oppdaga at piggsvinet hadde kome attende for å få kattemat.  Fatet var dessverre tomt, og eg var for sein på avtrekkaren.

Desse elke krypa greier ikkje å stikke av!  Heldigvis er dei ikkje så mange.  Teorien er no at ein berre skal kverke iberiasnigelen.
Desse, som ikkje heiter boasnigel lenger, skal ein la vere.  Dei gjer lite skade i hagen, og dei et iberiasnigelegg.  Eg skal innrømme at det eigentleg var handfaste bevis på dette eg var ute etter.  Eg mistenker den nemleg for å forsyne seg av avlinga her.

Kva type snigel som gjer mest skade, kan nok diskuterast.  Eg meiner dei små grå, som gøymer seg i salat til dømes, et mest avling.  Dei er det heldigvis få av i år.  Kanskje takka vere piggsvina.

Eitt par vottar...

... til vesle Emil.

Søndag visste eg ikkje om eg skulle strikke meir i sommar.  Men så fekk eg vite at venninna mi hadde vorte mormor til vesle Emil.  Då kunne eg strikke nokre små vottar.  Oppskrift vart bestilt her, og ho kom etter eit par timar.  Garn hadde eg.  I staden for lilla brukte eg himmelblå.

torsdag 14. juli 2011

Ein gong i året

Det er vel ofte det at ein et noko sjeldan, ein bruker som unnskyldning for å skeie ut. Banansplitt er ein gammal speidarrett som har gått i gløymeboka her, heilt til vi såg ein kokk som la bananar på grillen.  Vi hadde nokre bananar som hadde sett sine betre dagar. Dette er ein rett borna kan lage sjølve.  Eg er glad i mørk sjokolade, men her er det berre å ta det ein liker.  Pakk bananane inn i folie.  Pass på at skøyten kjem opp på grillen.  Vi unnte oss vaniljeis til, noko ein ikkje hadde på speidarleir.
Vi grilla sommarkotelettar i dag.  det er og ein rett som gjerne vert servert ein gong kvar sommar.
Vi har elektrisk grill på altanen.  Også i dag har det vore best å sole seg der, sjølv om det har vore litt varmare enn i går.

onsdag 13. juli 2011

Bok 35: Maleren fra Shanghai- ei storarta lesaroppleving?

 Eg fekk låne denne boka av mor mi.  Ho meinte ein ville ha større utbytte av boka om ein googla henne først.   Etter ein CD ville eg legge frå meg heile boka.  Orkar eg dette?  No vil kanskje blogglesarar innvende at eg er ikkje skvetten når det gjeld krim.

Då eg hadde googla boka og sett at den var basert på livet til ein kjend kinesisk kunstmålar, bestemte eg meg for å lese ferdig.  Skildringane i boka er ikkje fæle.  Men lesaren er utstyrt med fantasi.

Den 14 år gamle Yuliang vert seld til eit bordell for å dekke gjelda til den opiumsavhengige onkelen hennar.  Det er eit tøft miljø som vert skildra.  Vidare kjem ho seg ut av dette og inn i eit kunstnarmiljø.  Vegen går til Paris. Noko meir av handlinga vil eg ikkje røpe.
 Viktig i forteljinga er dei konroversielle måleria hennar.  Klikk dykk inn og sjå fleire her.

Dette er ei bok som det er vel verdt å lese!  Men ein må vere budd på "sterke scener".  Når eg rundt nyttår skal kåre "Årets bok", ser eg ikkje vekk frå at denne stiller sterkt.

Meiningsmålinga avslutta

Kva valfag ville du ha valt?
1) Produksjon for sal og scene
  2 (11%)
2) Produksjon av informasjon
  0 (0%)
3) Produksjon av varer og tjenester
  0 (0%)
4) Fysisk aktivitet og helse
  6 (35%)
5) Design og redesign
  5 (29%)
6) Forskning i praksis
  1 (5%)
7) Internasjonale kontakter
  3 (17%)
8) Teknologi i praksis
  0 (0%)

Stemmer hittil: 17
Meningsmåling stengt 

Det var langt færre som svarte på denne meiningsmålinga enn den førre.  Men eit par fag utmerka seg.  No vil nok ikkje alle faga kome i gang på kvar skule.  Det står og att og sjå om ein skal velge nye fag kvart år, og  om det vert aldersblanding etter kvart.

tirsdag 12. juli 2011

Uansett ver - det er alltid noko å gjer'

Dette er mottoet mitt i sommar.  I dag starta eg dagen med å fyre opp i vedomnen, rett nok berre med rusk.  Temperaturen var 10 grader.

Det har vorte tid til hagearbeid, baking, diverse husarbeid og ikkje minst tysdagstur. Og jammen fekk vi ikkje eit par timar sol på altanen også.  No ventar fruene. Sommaren er ikkje så verst.

mandag 11. juli 2011

11. juli

Eg skal innrømme at eg er innom yr.no omtrent kvar dag for å sjekke veret, både time for time og langtidsvarsel.  I dag hadde eg og venninna mi planlagt bytur.  Dagen var valt fordi det var meldt dårleg ver, altså fint ver for shopping.  I dag tidleg såg det ut til å kunne kome sol likevel.  Men yr hadde rett.

Ein plante som stortrivst i regn og sol, er skvåsjen. Stadig nye blomster sprett ut.  Rundt åkeren sette eg nokre  kepaløk som eg kjøpte på Coop Byggmix. (?)

Det er ikkje så lenge sidan sist vi var i Fosnavågen. Også i dag fann vi mykje fint. Men blogglesarane får ikkje sjå bilete med "dagens outfit".

søndag 10. juli 2011

Grovbrød frå Jans mat- og vinhus i Stavanger

 Schakenda fortel at dei laga desse brøda kvar einaste dag dei to åra han jobba der.  Valsa rug som skal skåldast er ein viktig ingrediens som ein altså får kjøpt på Mylna i Volda.

Eg laga dobbel porsjon i dag.  Den eine porsjonen laga eg 16 rundstykke av.  Brøda vart luftige og gode.  Det er både egg og smør i oppskrifta.  Den torer eg ikkje å legge ut på bloggen.  Men eg veit at mange blogglesarar har Scakenda si bakebok. De finn opskrifta side 87.

Det gjekk greit å skjere det første snittet i brøda etter at dei hadde heva 15 minutt.  Ein annan gong vil eg skjere dei med ein gong før heving.

Dagens fangst


Dette fekk fiskarane på snik i dag.  Snikane har dei laga sjølve.  No har eg planar om kokt torsk til kveldsmat.  Restane, viss det vert nokon, skal brukast til fiskegrateng i morgon.

Kattevottar

I dag har eg strikka ferdig kattevottane til frøkna.  I Norske vottar og vantar fann eg ikkje kattemønster, men så var eg inne på Raverly og fann Jorid sine mønster.  Sjekk bloggen hennar.  Der er til dømes mønster på hestevottar.  Babysettet hennar med lam er også nydeleg.

Sjølv trur eg at eg skal ha meg ein pause frå vottestrikking.

lørdag 9. juli 2011

Bok 34: Tysteren

Denne boka har eg gledd meg til å lese.  Den har vore tema på Frukost-TV, og ikkje minst har den fått bokhandlarprisen.

Eg har god tid til å lese lydbøker for tida.  I dag har eg lese halve boka samtidig som eg har vaska og arbeidd i hagen.  Så fekk eg sagt det. Med så mange personar er dette og ein stor fordel.  Ein må konsentrere seg.

Boka er grei underhaldning, men eg ville ikkje gitt den meir enn fire på terningen.  Det som trekkjer ned for meg, er miljøet.  Mykje av historia går føre seg i eit gangstermiljø i New York.  Eg er ingen stor fan av mafiafilmar, berre så det er sagt.  Politietterforskaren kjem vi ikkje skikkeleg under huda på.  Han har ei svakheit, gambling. Krimgåta er grei.  Der er så pass mange frampeik at slutten kjem ikkje særleg overraskande.  Det som trekkjer opp, er språket.  Eg liker ein viss porsjon med sarkasmar og vittigheiter.

Les gjerne meir om boka på Bokkilden.

fredag 8. juli 2011

Festmiddag på ein fredag

Det var bakenden på ei av desse kveitene som vart steikt i dag.  Hovedretten vart ikkje fotografert.

I Ørsta kom vi i snakk om eggekvitar eller eggeplommer som vert til overs.  Eg foreslo å bruke eggeplommer i ei blomkålsuppe.
I dag følgde eg mitt eige råd. Eg kokte suppe av ein brokkoli og ein blomkål.  I suppebollen, som gjene bør vere varm, har ein i fløyte og eit par eggeplommer.  Dette jamnar suppa.  Eg har av og til gjort dette når suppa mi har vorte for tynn.
Ha i suppa og server med ein gong.

Eg bruker ikkje oppskrift når eg lagar blomkålsuppe.  Men eg kokar jamning og kraft/buljong i ei panne og blomkål/brokkoli i ei anna.  Grønsakene kokar eg godt møyre og mosar dei med stavmiksar.  Ein kan ta av litt til heile bitar eller koke desse to-tre minutt i eige vatn etterpå.  I jamninga er det viktig å bruke smør.  Vi ein ha ei magrare suppe, byter ein ut fløyten med mjølk.

Bok 33: Beatles

Romanen Beatles er gjennombrotsromanen til Lars Saabye Christensen.  Eg har lese fleire av bøkene hans, men merkeleg nok ikkje denne.  Det er ikkje vanskeleg å forstå at romanen har vorte ein klassikar. Her er forteljarglede og fantasi.  Språket er godt og levande. Og opplesaren gjer ein god jobb!

Peonbuketten ...

... som eg plukka inn søndag, er minst like fin i dag.

torsdag 7. juli 2011

Kveldstur

 I dag gjekk vi tur på Rotaryråsa og enda der Hareidselva renn i sjøen.

Den omstridde badestranda.

P.S.
Bilda er tatt med mobilkamera.

Frysaren full av fisk

 I dag har vi vore i Ørsta og henta yngstemann som har vore på fiskeferie.  Han fekk med seg fangsten heim.  Det vart både kveite, lange og sei.  No når vi har ferie, får vi prøve ut nye seirettar!  Blogglesarane får ikkje sjå bilete av fryseboksen, men klematisen til mor mi.
Veret er eit hett tema på Sunnmøre for tida.  I går begynte det å tordne rundt midnatt.  Eg forstod ikkje at folk kunne vere redd torever før eg fekk oppleve det ei nyttårshelg på Hareid for meir enn 25 år sidan.  I same huset slo faktisk lynet ned i kaffitraktaren ein annan gong. Toreveret i går var ikkje skræmande på nokon måte, men eg drog ut kontaktar til alt småelektrisk og la meg ikkje før det var over.

I dag har vi hatt både sol og regn.  Det er sjeldan ein set på vindaugsviskaren på det raskaste stillet.

onsdag 6. juli 2011

Bading i Brandal?

 I går kveld køyrde eg til Brandal for å plukke opp nokre karar som hadde vore på Brørene.  Då fekk eg idéen om å sykle dit.  I dag start dagen først skya og så lettskya.  Det ville vere dumt å setje seg inn i ein bil i sola, og når ein var framkomen, var sola vekke.  Då er det betre å sykle og vere ute heile tida.

Det var ikkje varmt då vi starta, og på vegen utover vart det heller kjøligare med ganske sterk vind.  Planen var å sykle berre på gangveg, men der var asfaltarbeid på gamlevegen, så vi måtte sykle ei strekning på hovudvegen.  Heldigvis hadde vi hjelm!
I Brandal badar ein visst heile året, har vi høyrt.  Frøkna la seg av.  Inne på land fekk ho på seg det nye plagget bodysuit i frotté og ei flisjakke.  Ho fekk fort varmen i seg att.

Denne veka har eg ikkje vore på ein einaste butikk.  Planen er å tære på det vi har og berre kjøpe mjølk og frukt/grønt.  Men på heimvegen fekk vi så lyst på vassmelon begge to.  Då nytta vi høvet til å kjøpe eit par liter mjølk.  Planen er å greie seg med eitt kjøleskap ein periode.

Etter turen skein det skikkeleg opp her, og vi har grilla og sola oss.

Bok 32: Et stille, umerkelig drap

Eg har lese, eller rettare sagt lytta til, halve denne boka i dag.  Samtidig har eg rima av ein frysar, sola meg, steikt vaflar på altanen, laga middag og jobba i hagen.  


Dette er den andre boka med sjukepleiaren Nina Holm.  Ho rotar seg bort i saker med ulovlege innvandrarar.  I denne boka er det Romfolk frå Ungarn. Ein får innblikk i eit hardbarka kriminelt miljø.  Frykta for islamske terroristar står og sentralt.

Privarlivet hennar vert viktig, og er for så vidt interessant.  Men eg må seie eg irriterer meg over klisjéen "mann taklar ikkje hardtarbeidande dame".  Ektemannen gjennom 16 år toler ikkje arbeidet hennar.  Det vert noko Liza Marklund-liknande.

Som i den første boka som eg skreiv om her er løysinga logisk.  Men den var nok noko uventa!

Boka er lettlesen og spennande.  Eg gav den fem stjerner.  Les gjerne meir på Bokkilden.

tirsdag 5. juli 2011

Sol på Sunnmøre

 I dag letta skodda, og vi har hatt fin sol.  Særleg varmt har det ikkje vore, men vi har fått sola heile kroppen. Kveldsturen gjekk mot Fjelle.

mandag 4. juli 2011

Blomstrande buskar

I dag har vi planta buskane som vi fekk i går.  Vi brukte ein sekk kugjødselkompost som vi planta i jorda som var full av leire.  No håper vi dei vil trivast i hagen.
WEIGELA FLORIDA " MILK AND HONEY" Roseklokkebusk.  Blomstrar i august-september står det på lappen.

Forsythia skal vere fin å plukke inn kvistar av til påske.
WEIGELA FLORIDA "ALEXANDRA" Klokkebusk.  Blomstrar i mai.
Katten tek livet med ro, men liker selskap.
"Kompostblomster" kallar eg desse villege sortane som skjuler kompostbingen.
For nye lesarar av bloggen kan eg opplyse at her er det ikkje bloggtørke og agurknytt, men skvåsjnytt.

Fornuftig?

I fødselsdagshelsinga frå mor mi kom ho inn på kor fornuftig eg er.  Og det er nok stort sett sant.  Storesystre har nok noko til felles. Ein får tidleg ansvar for seg sjølv og andre.  Og kanskje ein liker reglar, i alle fall dei ein lagar for dei små?

Her i huset har det vel vore som i dei fleste heimar.  Den eldste får mest oppseding, og så ser ein det går bra, og dei andre slepp vel litt billegare unna.  Foreldre er redde ulike ting.  Sjølv har eg respekt for trafikken.  Det er der eg ser for meg ulykker.  Ingen born her slapp unna sykkelhjelm.  Der var vi mødrene i gata samstemde.

Men kva med meg sjølv?  På facebook dukkar det opp "slikt vi overlevde" der ein ramsar opp ting som vår generasjon vaks opp med.  Vi overlevde utan barnehage - og utan sykkelhjelm.  Ein av grunnane til at eg ikkje skriv "lik dette" er at der truleg er nokon der ute som har opplevd at folk i deira familie ikkje har overlevd.  Kanskje nokon kunne vore redda viss dei hadde brukt hjelm?  Ein eg kjenner godt brukte heldigvis hjelm på ein skjebnesvanger sykkelturtur i fjor.

Sjølv syklar eg til jobb kvar dag, og har overlevd utan hjelm.  Ikkje tenker eg over at nokon bryr seg heller.  Men så var eg utan bil her i juni, og sykla fram på Nesset for å treffe klasse 10A.  Fleire elevar passerte meg på moped - dei med hjelm.  Andre vart køyrde av foreldra sine og passerte meg på sykkel - eg utan hjelm.  Då følte eg at folk såg på meg.  For eit føredøme!

Så då det vart spørsmål om kva eg ønska meg til fødselsdagen min, vart svaret; sykkelhjelm.  No kan eg trygt sykle meg turar rundt i kommunen i sommar. Viss eg skulle kome ut for eit sykkeluhell, så har eg i alle fall gjort mitt beste for å førebygge skadar.

Om eg skal bruke hjelm til jobb? Tja ... Kor lange er ikkje alle desse små sykkelturane til saman, og kor mange "bilar" ser meg ikkje kvar dag passere riksvegen ein gong mellom halv åtte og åtte, midt i verste rushtrafikken?  Kanskje eg skal ta til fornuft?

søndag 3. juli 2011

3. juli

 Sidan eg var ti år har eg stort sett halde ein lav profil på fødselsdagen min.  Ofte har eg vore på camping i Sverige. Då mobilen kom, fekk eg fleire helsingar.  Etter eg vart med på facebook, har det tatt heilt av.  I år fall dagen på ein søndag, og det passa godt å invitere slekta!
 Bordet er ikkje stort nok til alle, så nokre et på kjøkenet og andre i stova.  I går var eg på Brudevoll og kjøpte kraftbein og oksekjøt til kjøtsuppe. Elles laga eg kjøtbollar av fire pakkar kjøtdeig.  Det er ofte meir populært enn kjøt, har eg funne ut.
Som kjent har eg ei stor serviettsamling.  Likevel kjøpte eg desse førre veke med tanke på fødselsdagen min. Eg fekk spørsmål om skeia skal ligge der.  Det veit eg ikkje! Eg la berre skeiene der eg syntest var best.  I ei bordekkebok eg ikkje finn i farta, meiner eg det var presentert dekkereglar for ulike land.
Ein gong i året unner eg meg ein peonbukett frå hagen.
Det måtte bli rund karamellpudding i dag, sidan eg hadde lagt sviskekake på det avlange.  Den var utruleg god, om eg skal seie det sjølv, takka vere gode gardsegg.  Frøkna hadde laga to sortar gele med bær.  Ungane ville helst ha vaniljeis med nonstop, daimcrisp og sjokoladesaus.

Dei fleste gjestene stakk på Høddkamp mellom måltida.  3-0 var vel eit fint resultat!

lørdag 2. juli 2011

Sviskekake


Inspirasjonen til å lage denne kaka fekk eg på gamlebloggen min.  Observante blogglesarar har kanskje fått med seg at slekta kjem hit i morgon.  Kaka er enkel å lage.

Botn
4 dl brunt sukker
4 eggekvitar
Ha sukker og eggekvite i miksaren og pisk til ein tjukk marengsmasse. Smør marengsen utover ei langpanne dekt med bakepapir. Steik botnen på 150 grader i 1 time.

Sviskekrem
1 pakke svisker
ca 2 dl vatn

5-6 dl kremfløyte

Kok sviskekompott av svisker og vatn. Avkjøl kompotten og pisk fløyten. Bland saman med slikkepott. Del marengsbotnen i 2. Ha sviskekrem mellom laga og på toppen. Kaka bør stå i minst 5-6 timar å trekke. Pynt er etter eigen fantasi. Eg brukar daimcrisp.

Marengs er lett å forme som ein vil når ein skal dekke den med krem.  Eg brukte karamellpuddingfatet mitt i dag.



Solskinssupporter

I dag blæs det her.  Ein kunne nyte frukostkaffien i hagen, men så kom skyene, og så kom sola.  Hareid spelte mot Sykkylven klokka 14.  Folk sat i varme jakker og fekk sol i ansiktet.  Yngstemann spelte ein periiode i andre omgang. Hareid vann 3-0, og sola forvann bak skyene.

fredag 1. juli 2011

Shopping er sunt ...

... stod det å lese i ei avis ein av dagane.  Og det trur eg så gjerne.  Før brukte eg å seie at definisjonen på ei skikkeleg shoppingrunde var seks nett, tre i kvar hand.  Det er denne kjensla av å ha gjort eit kupp i ein butikk og unnt seg litt luksus i ein annan.

I første ferieveka har vi hatt dårleg ver, så det har vorte eit par byturar.  I næraste by gjekk eg meg på eit stativ med restar ute på gata.  Der låg det eit fløyte- og sukkersett til ca -70%.  Eg har 16 koppar med kornblomster på som dette høyrer til.  Det måtte sjølvsagt bli med heim!  Kupp eller luksus?  Kanskje begge delar?
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...