mandag 21. februar 2011

Lysare tider

Kvar måndag eg går på jobb, merkar eg at det har vorte mykje lysare om morgonen.  Dette bildet er tatt kvart på åtte i dag tidleg.  I går skulle eg gå meg ein liten tur åleine, trudde eg, og hadde fotoapparatet med i lomma.  Turen, som tok 1 1/2 time, vart sosial, og fotoapparatet gløymt.  Så hadde eg det klart i dag.

Neste måndag eg går på jobb, er om fjorten dagar.  Då har eg lagt fem dagar i London bak meg.

søndag 20. februar 2011

Vi får halde koken

I morgon startar mange på vinterferien medan vi her på Sunnmøre får halde koken, eit uttrykk eg har lært at ein ikkje bør bruke i åttande klasse , i alle fall når ein er vikar, ei veke til.

Denne boka som eg kjøpte på mammutsal, inneheld i tillegg til særskrivingsfeil, ein del uheldige formuleringar. Sex sel som kjent.

"Jeg vil si til alle som sitter her og alle som kjenner meg at jeg var ille glad i kona mi og elsket henne overalt".  

Skal tru om dei tek denne?


Orientalsk gryte

Dette vert eit innlegg i serien "inspirert av meg sjølv".  Denne veka har elevane fått velje ulike gryterettar med oksekjøt. Denne retten frå gamleboka er alltid populær, gjerne utan rosiner.  I dag brukte eg ein boks hakka tomatar og litt vatn i staden for tomatpuré.  Eg laga dobbel porsjon av to pakkar oppskore biffkjøt kjøpt på "Deal".

300 g beinfritt kjøt (okse, lam eller svin), i terningar
1 ms olje eller mjuk margarin
1 stor løk, hakka
1 fedd (båt) kvitløk, finhakka
1 gulrot i terningar
2 ms tomatpuré
1 ts salt
1 ts karri
1 ts paprikapulver
1 krm ingefær
1 krm pepar
3 dl vatn
1 buljongterning
1/2 dl ananaslake (jus)
1 ring hermetisk ananas, i terningar
1/2 dl rosiner

1. Vask, reins og del opp grønsakene.
2. Brun kjøtet og løken i ei jerngryte.
3. Tilset kvitløken og gulrota.  Bland godt før resten av ingrediensane vert tilsette.
4. La retten trekkje like under kokepunktet 20-30 minutt.
    Smak eventuelt til med meir krydder.

Server den orientalske gryta med ris og ferskt brød til.

Bok 9: En slags fred

 To systre har slått seg saman og skrive denne spenningsromanen saman.  Eg var litt spent på kva sjanger som var oppgitt.  Eg les alltid bøker og gjer meg opp mi eiga meining før eg "googlar" dei for å finne bilde og informasjon.  Eg hadde tippa på psykologisk drama eller thriller.

Hovudpersonen i boka eir ein svensk psykolog.  Ho er 35 år og har mist mannen sin.  No bur ho i eit lite hus langt frå næraste nabo.

Gjennom pasientsamtalar vert vi kjende med ein del sjuke folk.  Ein av pasientane vert drept for å få merksemda til Siri, psykologen.  Ho finn katten sin utstoppa på trappa.  Kven er det som forfølgjer henne?

Eg likte godt denne krimboka.  Spenninga held seg oppe.  Løysinga liker eg på ein måte, på ein annan måte ikkje.  Heile tida ser eg for meg bilde av det som skjer.  Så eg vert ikkje overraska over å lese at Svensk film har kjøpt filmrettane.

lørdag 19. februar 2011

Baking for born

Som gammal speidar liker eg å vere budd.  Sidan eg er så heldig at eg skal få kome på kurs med bakemeisteren, har eg lånt denne bakeboka for born i alle aldrar.  
Dette svært enkle brødet såg eg demonstrert på Frukost-TV.  Eg fekk lyst til å gjere eit forsøk.
Eg hadde i det tørre først og væska på toppen.  Gjæren smuldra eg i og let dette få stå litt til eg rørte rundt.  Eg ser ikkje nokon grunn til å røre gjæren ut i litt av væska i ein kopp t.d.  Då vert der berre liggande att.  Gjæren løyser seg alltids opp!
 Konsistensen skulle bli som havregraut.  Det er müsli i brødet.  Der tok eg ein rimeleg X-tra, og så spanderte eg nokre rosiner ekstra.  Her får folk ta det dei liker.
 Brødet skulle først steike ved 100 grader og så på 180 grader.
 Mi vurdering:
Brødet mitt vart litt klissete.  Men smaken var god.  Eg meiner dette brødet høver best for små born.  Det skulle ikkje vere noko problem å doble oppskrifta og lage bilde av ingrediensane og dl-mål.  Då treng ikkje bakaren å kunne lese.

Til vaksne vil eg halde fram å anbefale dette brødet frå vaksenboka som eg har ståande i omnen no.
(7. Mars: Denne siste setninga er eit typisk eksempel på som-feil. Sjå kommentarfeltet.)

Bibliotek og apotek

I dag var her nydeleg sol, og eg fann ut at det var best å kome seg ut ein tur. Ein kan no alltid levere inn og/eller låne ei bok eller to på biblioteket.

På heimvegen stakk eg innom apoteket.  Der rakk eg akkurat å kjøpe ei sprayflaske med solkrem til halv pris før sola forsvann for dagen.

fredag 18. februar 2011

Mammutsal og mammutsal, fru ...

 Fordi eg fortener det, som det heiter, kjøper eg meg ofte noko fint på fredag. I går utforska eg mammutsalet her i bygda, så i dag la eg turen til næraste by. Ærendet var ein tur på dei to senterbokhandelane og på ein blomsterbutikk.  No kom eg heim att med ein del meir.  På ein klesbutikk eg handla litt, var dei gåen etter ein dag med mykje handel.  Eg var vel ikkje åleine om å stikke innom fleire butikkar når det er storsal på den eine.  Desse pottene med løk er så freistande no når det nærmar seg vår.  Etikettane fekk stå på til blogglesarane hadde fått sett dei.
 Juliennejernet fekk eg av Besta førre helg.  I dag kom eg på å ha nokre gulrotstrimlar i salaten.  Til middag hadde vi sei som vart fiska søndag.  Den var nydeleg i løk- og paprikasaus.
Då står det att å ønskje blogglesarane ei god helg!

torsdag 17. februar 2011

Mammutsal

Eg let meg freiste då eg såg at to på blogglista mi anbefalte denne boka.  Den vart bestilt på den lokale bokhandelen og låg klar til meg i dag.  No har eg kosa meg med å bla i boka.  Her er mange enkle og rimelege oppskrifter på kvardagsmat.

Det er ikkje alltid omsette bøker er så godt tilpassa norske forhold, men denne synest eg er grei.  Det vert ein del 3 3/4 dl ser eg.  Men ingrediensane er greie å få tak i.  Ein ting tenkte eg at eg skulle spørje blogglesarane om: Bruker de vaniljeessens?  Kan ein ikkje like godt erstatte det med ekte vaniljesukker.  I alle fall i denne banankaka?



Ein lærer så lenge ...

... ein har elevar, heiter det.  Eller ungdomar i huset, får eg og seie. I dag fekk eg høyre at det er vittig at eg fotograferer skjermen når eg viser korleis ein rippar CD-ar.  Du må trykke på "print screen".  Frøkna meinte ho sa det til meg søndag.  OK, men no har eg lært.  Og så får eg berre anbefale denne flotte kokeboka!

onsdag 16. februar 2011

I dag ...

... har eg vore på møte i dette laget der eg er medlem.  No har eg tatt på meg leiarjobben i lokallaget.  Det kjem til å skje spennande ting i næraste framtid, nærare bestemt 2. april.

Elles har eg lært i dag at mat og helse ikkje er fag i førskuleutdanninga.  Forstå det den som kan.  På ein kvardag et førskulebarn 60% av maten sin i barnehagen.  Bør ein ikkje forvente at dei som arbeider der har innsikt i ernæring?

tirsdag 15. februar 2011

Skuleteater: Livet gir oss roller, men ikkje manus

I dag hadde vi besøk av Flaatenbjørk kompani med Seksuell Empati vol. 2 – Identiteter  .


I teaterstykket tok ein og i bruk digitale medier.

Eg synest dette var eit spennande stykke der eg trur dei nådde fram til ungdomane med bodskapen sin.  Sidan vi såg det siste timen, har eg ikkje fått diskutert det med elevane enno.

Der var to skodespelarar med.  Den eine starta i ballettdrakt.  Han var interessert i hestar.  Den andre er/var lydteknikar.  Den spinkle, lett feminine karen, viste seg å vere heteroseksuell.  Den høge, tøffe fortalde om ein draum om homosex.  Tilskodarane skulle få utfordra sine fordommar om seksuell legning.

Skodespelaren som spela ein skodespelar, kledde seg i ulike kle og stilte spørsmålet: Kven er eg?

mandag 14. februar 2011

Immerse yourself ...

I dag stakk eg innom biblioteket og fann ei bok eg ikkje hadde lese før.  På Prix styrte eg unna alle kupp, og let meg berre freiste av ein tesort eg ikkje har smakt før.  Som kjent er eg ingen stor tedrikkar, men skal eg rette ein bunke stilar, så går det unna med te til.  Denne kom eg nesten i julestemning av.

Elles registrerer eg at Valentinfeiringa har kome ned på eit greit nivå.  Der var ingen krav om kortlaging verken i engelsk- eller norsktimane.

søndag 13. februar 2011

Morsdagsgåve

 Eg bruker ikkje å skrive ønskjelister eller uttrykke sterkt kva eg ønskjer meg verken til jul eller fødselsdag, og i alle fall ikkje til morsdag.  Ok då, så var eg vel svært interessert i innslaget om Retromasker, den nye strikkeboka som fekk mykje god reklame på Frukost-TV ein gong i veka som var.  Bokhandelen var allereie utseld. Denne boka kunne eventuelt byttast inn seinare.  No er eg ikkje den som byter gåver utan at eg har svært gode grunnar for det.  Og denne boka er flott!
 Her er mange klassikarar, mellom anna Mariusgenseren.  Eg synes den er fin med vrangbord.
 I tillegg finn ein nye mønster.  Anlen si kan de sjå her.  
 Årets VM-genser.
Sist, men ikkje minst, finn ein tilbehør som hanskar,vottar, huer, panneband og halsar.

Sjølv kjem eg nok berre til å strikke litt småtteri.  Desse mønstrene går ikkje av moten.  Ei bok vert tatt vare på.  Ein rotar ho ikkje så lett vekk som små strikkehefte.

Korleis rippe ein CD ved hjelp av Windows Media Player

Ei lita bruksanvisning på morsdag
Når ein går inn på Windows Media Player, kjem dette bildet opp, eller det skal i alle fall gjere det.  Trykk bildet stort om det viser eit lite.  No er du på "bibliotek":  Du ser det lyser blått oppe.  (Det var dette bildet Olaug fann til meg i går.  Du kan eventuelt prøve med den berbare maskina?)
No er det "berre" å setje inn CD-en og trykke på Ripp oppe.  Rippinga skjer automatisk.  CD-ane i går la seg inn med namn.  Ofte legg dei seg inn med "ukjent" som her.  Då må ein høgreklikke og "gi nytt navn".

Resten kan du!

lørdag 12. februar 2011

Masemamma?



Eg la ut denne songen på morsdag for eit par år sidan.  Sjølv meiner eg at eg masar fint lite.  Masing gjer at ein tek over ansvar og gjer born usjølvstendige.  Ingen tek skade av å fryse litt eller svelte litt om ein kler for lite på seg eller gløymer matpakken, meiner no eg.  Ein lærer til neste gong.

Det er teorien.  Men så har eg vorte skulda for å mase.  Nei, seier eg, eg masar ikkje om ting skjer av seg sjølv.  Eg inngjekk ein avtale om at eg ikkje skulle seie eit ord om vask av rom.  Det skulle bli gjort til helga.  Eg heldt meg til søndag ettermiddag før eg spurde: Er rommet vaska?  Neste helg fekk eg lov å mase, eller minne på, som eg kallar det.

Ny bloggar



No har forfattaren i familien laga seg blogg.  Legg han gjerne i blogglista di!

Merkedag og morsdag

 I dag er ein merkedag for oss på Hareid.  Sola kliv over Melshornet.  Sola var ikkje komen då vi tok laust for å reise til Ørsta og feire morsdag på forskot.  I morgon er eg billaus.  Juniorane skal spele kamp i Sunnmørshallen, og Øystein står på køyrelista.

Første stopp var Amfi Ørsta.  Der er fleire ungdomsbutikkar enn her på øya.  Yngstemann og morfar tok seg ein tur på sjøen.  Dei kom heim med ein balje sei.
Hos besteforeldra var det ungdommane som fotograferte, og eg har ikkje innhenta løyve til å legge ut bilde av dei.  Besta hadde kokt rømmegraut.  Det har vore litt forvirring kring fastelavn i år.  Fastelavnsøndag og morsdag fell ofte på same dag.  Men i år er alt seint.  Det er så vidt vi rekk å feire pinse før skuleslutt.

Vi takkar for i dag!

fredag 11. februar 2011

Bok 8: Kainan - eit oppgjer med frimureri?

Eg las ikkje denne boka då ho kom ut i 1986, og eg hugsar berre vagt debatten.

Dagbladlesarane  har visst kåra romanen til Noregs 16. beste krimroman.  Dette er eg ikkje einng i!  Boka var nok grei på 80-talet.  Sjølv fann eg den temmeleg "forutsigbar".  Opplesaren les for dramatisk etter min smak.

Boka høver nok for dei som er interesserte i å vite meir om frimuraraktivitetar?

torsdag 10. februar 2011

Eg har fått kritikk ...

... for å reklamere for halvfabrikata og spreie løgner om at potetmospulver inneheld E-stoff.  Driv eg og seier opp jobben?  Skal ikkje all mat lagast frå grunnen av?  

I dag kunne fleire av kollegaene mine fortelje at dei hadde ete potetstappe og kjøtbollar til middag i går. Sjølvsagt må nokon kome med vittigheiter.
I dag har eg brukt fleire timar i frisørstolen.  Så familien hadde funne seg middagsrestar.  Ei skål med tacokjøtdeig og litt salat stod att.  No er alle ute og trenar, så eg planlegg å overraske dei med "tacopizza" til kvelds. Pizzabotnen er laga frå grunnen av.  Elles gjorde eg det enkelt med å smørje på eit lag med tomatpuré som eg krydra med pizzakrydder.  Resten ser de vel. Eg tenkjer eg slepp å sitje att med restar av restar!



onsdag 9. februar 2011

Svensk middag

Då har vi prøvd ut siste coopkupp, frosen potetmos og svenske kjøtbollar. Eg synest det verka lite med ein pakke potetmos, medan ein pakke kjøtbollar verka høveleg.  Det stemte også.

Vurdering: 
1. Tid: Denne frosne stappa var ikkje laga på fem minutt, ein må først koke opp mjølka, og så må potetpelletsen, eller kva eg skal kalle den, varmast opp.  Dette gjer ikkje noko, for ein skal lage brun saus og varme kjøtbollane.

2. Smak: Denne stappa kan ikkje samanliknast med pulverstappe, men heller ikkje heilt med heimelaga.

3. Porsjonsstorleik:  På pakken står det at det skal vere rikeleg til fire personar.  Då må to av dei vere små. Vi løyvde ein porsjon, så til oss er det høveleg med to pakkar når vi er fem.

4. Pris: Når du får kjøtbollane attpå, er dette rimeleg.  Men eg ville neppe kjøpt stappe for 55 kroner til familien.  Då hadde eg heller tatt fram potetskrellaren, sett på vatn, delt potetene i bitar og stappa dei sjølv.

5. Næringsinnhald: Eit stort pluss for å ikkje vere tilsett E-stoff.  Vanleg potetmospulver er ein av verstingane i butikkhyllene.

Sjølv om eg brukte berre halvparten av saltmengda i oppskrifta, så har eg vore tørst i heile ettermiddag.  Kan kjøtbollane ha vore for salte?

tirsdag 8. februar 2011

Marmorkake

I den nye kokeboka vår er det få kakeoppskrifter.  Marmorkake er vel ei gammaldags kake, men bør ho ut av planen?  Eg synest at det er eit poeng å lære alle metodane for kakebakst.  Her lærer ein å røre smør og sukker kvitt. Når ein baker kaker sjølv, ser ein kva dei er laga av.  Mange synest det er mykje smør og sukker i kakene.  Kjøper ein pulver, noko som er meir og meir vanleg også blant vaksne, får ein ikkje same kjensla.  


Sist, men ikkje minst, så er det kjekt å få med seg ei sjølbaka kake heim.  Ein er sikra skryt!


Denne oppskrifta er skriven for niandeklassingar.


(Kompaktkameraet mitt er i England, så eg får erstatte dette knabba bildet med mitt eige neste veke)





Marmorkake

150 g margarin
150 g sukker

2 egg

1 ¼ dl mjølk

225 g kveitemjøl
1 ts bakepulver

Slik gjer vi:
1.     Set omnen på 175 grader.
2.     Smør og strø ei avlang form. Ha gjerne bakepapir i botnen.
3.     Rør sukker og margarin kvitt.
4.     Ha i egga eitt om gongen. 
5.     Rør inn mjølk og mjøl (blanda med bakepulver) vekselvis.
6.     Bland saman i ei mellomstor skål:
2 ms sukker
2 ms kakao
2 ms mjølk
1 ts vaniljesukker.
     7.  Ha 1/3 av røra i kakaoblandinga og rør til jamn røre.
8.  Ha først halvparten av den lyse røra, så den mørke røra og til slutt resten av den lyse røra.
9.  Dra ein gaffel langs midten av forma for å lage marmormønster.
10. Steik kaka i ca 45 minutt.

mandag 7. februar 2011

Eg har vorte kuppa - igjen

Eit av februardealane har eg gått forbi, til no.  Eg trudde nemleg at ein fekk ein pose potetmos attpå ein pakke kjøtbollar til 80 kr.  Men nei, det var kjøtbollane ein fekk attpå potetstappa til 28 kroner.  Så feil kan ein ta!  Det begynner å likne på svenske prisar.  Eg har ofte lurt på kvifor kjøtbollar er så mykje billegare i nabolandet.

Denne potetstappa frå frysedisken utan tilsetjingsstoff, er det vel meininga at eg skal få smaken på.  Ein liten fugl kviskra meg at dei selde fleire pizzapakkar siste veka i januar enn i heile fjor.  Det veit eg litt om.  Matboda mi inneheld eit lite lager, og i fjor kjøpte eg ikkje ein einaste pakke pizzapulver.  Det kjem eg nok ikkje til å gjere neste år heller.

På veg ut frå butikken får eg ein rabattkupong som gjeld frå neste måndag opp i handa.  Då kjem eg på at eg har ein i lommeboka som gjev meg fem pakkar blå coopkaffi for - 40%.  Det er berre å utnytte tilbodet med ein gong, for kaffilageret er nesten tomt.

Men det finst lyspunkt.  I dag åt vi opp dei siste tacolefsene frå novemberdealen.

søndag 6. februar 2011

Bok 7: Tordengudens sønn

Arto Paasilinna har sin eigen måte å fortelje på.  Språket er frodig, og forteljinga tek dei merkelegaste vegar. Ein kan lese forteljinga som ho står, men ein kan og lese mellom linene.

Den ytre forteljinga i denne boka er kort sagt at den finske guden sender sonen sin til jorda for å omvende finnane til deira opprinnelege gudetru.  For å frelse verda, må sonen bli menneske og gjere under.  Som gruppe som treng å legast, vel han seg dei psykiatriske pasientane, eller dei galne.

Slik eg opplever boka, så bruker han denne forteljinga til å sparke litt i aust og vest.  Etter mi meining er her ein god porsjon samfunnskritikk.

Eg har sansen for forfattaren, men no skal eg ta ein pause.  Det kan bli for mykje om ein les bøkene for tett.

lørdag 5. februar 2011

Menneskemat?

Diskusjonane har gått høgt denne veka: Er kyllingkjøtdeig menneskemat?

Når NRK også sender eit program der dei viser korleis ein lagar kyllingpølser av MUK, har skeptikarane fått rett.  Det programmet viste, var "sjokkerande".  Eg må innrømme at det dei viste, var akkurat slik eg hadde sett for meg pølselaginga. Det ligg i korta at ein får i seg meir enn kyllingfileten.  Når vi et grilla kylling, et vel dei fleste skinnet og gneg godt av beina.  Kva er verre med dette?

Når det er sagt, så skal eg og innrømme at kyllingpølser ikkje står på menyen her i huset.  Ein gong eg støtte på ei demonstrasjonsdame frå Prior, spurte eg henne rett ut  kva for gyseleg krydder dei har i desse pølsene.  Ho visste det ikkje.  Det er vel ein industriløyndom.  Men smakar ille gjer pølsene når ein et dei, og ettersmaken får ein plagast med.

Kyllingkjøtdeig får ein for 12-13 kroner pakken for tida.  Problemet er at den er heller smaklaus.  Etter ein del eksperimentering har eg kome fram til at ein kan lage bologneseliknande sausar av den viss ein til dømes tilset Cemo krydder t.d. riskrydderet, salt, pepar og buljongterning.  I gryta over hadde eg og i ein boks kvite bønner i tomatsaus.  Eg serverte grov pasta til, den eg fekk attpå.

Handlerunde i Hareid

 I dag var eg tidleg ferdig å vaske.  Frøkna skulle relativt tidleg av garde til korpshelg, og yngstemann skulle på fotballcup.  Ærendet mitt nedover var å bestille ein frisørtime.  Det er godt å gå seg ein tur i dagslys.  Det er vel litt tidleg med påskeliljer.  Fargen som gjeld no mot valentin er raudt, ser eg, men eg har så lyst på noko gult.
 På biblioteket fann eg to lydbøker.  Den til høgre er eg usikker på om eg las på 80-talet.
Eit lite handletips for folk i bygda kan vere at desse kryddesetta finst i store mengder til halv pris (49,-) på apoteket.

Elles så møtte eg ei venninne.  Vi kjøpte oss kaffi og eplekake på serveringsstaden som skiftar namn fortare enn vi greier å følgje med.

fredag 4. februar 2011

Bok 6: Kva er det med Knausgård?

Eg har ikkje vore så ivrig når det gjeld å få lese bøkene til Knausgård.  Det verkar noko spesielt for ein mann på vel 40 år å setje seg ned og skrive seks bøker om livet sitt.  Men så les slekt og vener bøkene, og dei let vel.  Då kan ikkje eg vere dårlegare, og så er det dette å kunne gjere seg opp si eiga meining.

Det er vanskeleg å seie akkurat kva som er bra med bøkene.  Han har heva det kvardagslege opp på eit høgt nivå.  I første boka får vi lese glimt frå barndom og ungdom heilt til han kjem inn på faren sin død og veka fram til gravferda.  Knausgård skiv om sitt forhold til andre menneske på ein måte som få torer.  Han set ord på det andre kanskje har tenkt, eller nesten tenkt.

Ein kan forstå at familien til faren reagerer på skildringane, men eg meiner dei tener ei sak.  Det finst nok ikkje få slike lagnader.  Når det kjem fram i lyset, forsvinn kanskje skamma?

Eg skal lese dei andre bøkene i sakte tempo.  Eg reknar med at han bryt med kronologien og dekker av lag etter lag?

torsdag 3. februar 2011

Hund i hjarte

Eg får legge ut litt informasjon i tilfelle røynde strikkarar kikar innom:
Vottane mine strikka eg på pinnar 2,5 i finullgarn frå Rauma.  Til brotet brukte eg strikkepinnar 2,5.  Vottane vart litt små sidan eg strikka fast, så til neste par vil eg eventuelt bruke pinnar nummer tre. Hjartet her eg brodert på med strikkesting.

Det vil vise seg kven som skal få vottane.  Yngstejenta skal få prøve dei først, men ho må ikkje ha for høge forventningar.  Eg er redd dei er for små.

3. februar: Veret på Sunnmøre

Desse to bilda er tekne omtrent samtidig.  Plenen vår var nesten snøfri i tretida i dag, medan snøen ligg på Vallabøen i Ørsta.

onsdag 2. februar 2011

Sjukt gode bollar

Eg har lova nokre elevar å legge ut oppskrifta på sjukt gode bollar.  Det er berre å følgje denne linken.  Lykke til!

I dag laga eg tre slike deigar før skuletid som elevane vog og trilla ut.  Kvart emne var 100 g.  Deigen kan brukast til vanlege kveitebollar, skillingsbollar og skulebollar.

Coop-kupp-kombinasjon II

 Ja, då er det ny månad og nye dealar.

"Det er skilnad på å bli lurt, og å la seg lure", var dagens motto på jobb i dag.  Når det gjeld tilbod, så inbiller eg meg at eg let meg lure.  Resultatet vert at eg kjøper, eller får attpå, matvarer som eg elles ikkje ville ha kjøpt, som til dømes dette pizzadeigpulveret.
I dag bestemte eg meg for å lage kyllingform med brød attåt.  Oppskrifta finn de her på gamlebloggen min. Der er og link til kvitløksbagettar.

I dag laga eg pizzadeig etter oppskrifta på baksida og kjevla ut deigen. I staden for skikkeleg kvitløkssmør, hadde eg på flytande margarin og Cemo kryddersmørkrydder.
Brødet fekk ikkje heve så lenge, for eg sette frøkna i sving med steiking av kjøtdeig og skrelling av gulrøter (i staden for skvåsj i dag)medan eg woka grønsaker.
Lasagnesaus på glas sparte meg for ein prosess.  Smakte godt gjorde han og.  Dette var høveleg mengd mat til fire.  Konklusjonen får bli at dette er gode og lettvinte løysingar etter ein travel dag på jobb.

tirsdag 1. februar 2011

1. februar

I går følte eg sterk behov for litt byluft etter seks timar på skulekjøkenet.  På Mester Grønn hadde dei nydelege potteroser som får ertatte amaryllisane på stova.  Perleblomster hadde dei og!  Då eg skulle til å betale såg eg at der stod tre grøne planter for 100 kroner, og de kjenner vel meg etter kvart.  Eit slikt tilbod kan eg ikkje gå forbi.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...