lørdag 8. april 2017

God påske!

I dag var eg så ivrig då eg skulle dekke bordet, at eg dekte på til ein ekstra. No har eg endeleg eit bord der bordplata kan vise!  Vi valde eit Aanø-bord med stolat i svart "skinn" til.  Der følgjer med ei ileggsplate, så ein kan få plass tl 12 om ein vil.  Fleire er det ikkje plass til i rommet fann vi ut.

Krigsskulestudenten kom heim med nattbussen og vart henta i Ulsteinvik klokka åtte.  Det knytta seg meir spenning til frøkna si heimreise.  Ho var sjuk med oppkast i går. Heldigvis var ho mykje betre i dag og kunne lande i Ørsta klokka to.  No håper vi at det ho hadde ikkje er smittsamt.

Vi har ikkje planlagt så mykje i påska.  Vi får ta dagane som dei kjem. I morgon kjem resten av gjengen.

Eg vil ønskje alle blogglesarane ei god påske!

3 kommentarer:

  1. God påske til deg og familien, Solveig! Lekker etekrok!

    SvarSlett
  2. Flott bord og lekre stolar. Ser du har investert i gule dekkebrikker også. EG likar vindu utan gardiner!!!!!!

    SvarSlett
    Svar
    1. Dei gule er ikkje nye av året.
      Gardiner skal nok kome, men det er mange alternativ...

      Slett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...